OUS med karakterdrap på forskar

Det står derfor stor respekt av avgjerda til Jinan Behnan om å stå fram i Uniforum under fullt namn og bilete, for å fortelja historia si, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. Han viser til kvinna som varsla om dårleg arbeidsmiljø i eit forskingslaboratorium på Oslo universitetssykehus og like etter mista stipendet sitt.

Den syriske forskaren Jinan Behnan går til rettssak mot Oslo universitetssykehus (OUS) for det ho meiner er stadig tilbakevendande represaliar etter at ho varsla om dårleg arbeidsmiljø ved Vilhelm Magnus Lab ved Nevroklinikken på Rikshospitalet. Som ein god arbeidskollega reagerte ho etter at ho såg den eine etter den andre av kollegaene bli utbrende eller slita med andre helseplager. Ein del av dei blei også langtidssjukmelde.

Motparten, Oslo universitetssykehus har møtt varslinga hennar med forsøk på reint karakterdrap

Då Jinan Behnan bad gruppeleiaren om å gjera noko med situasjonen, enda det med at ho sjølv, etter eiga oppfatning, blei svartelista. «Dei tok frå meg stipendet mitt, forsøkte å hindra meg i å publisera og øydela forskingsmateriale», fortel Behnan i denne utgåva av Uniforum.

Motparten, Oslo universitetssykehus har møtt varslinga hennar med forsøk på reint karakterdrap. I tilsvaret til tingretten skriv OUS at samarbeidsproblema i det aktuelle forskingsmiljøet er relaterte til tre tilsette med utanlandsk bakgrunn, og ei av dei er altså Behnan. Ho blir skildra som ein «svært krevende arbeidstaker» og derfor har det vore naudsynt å setja inn «korrigerende tiltak i anledning hennes adferd», heiter det.

Det blir også vist til at ho ofte har enda opp i «høylytt krangel med kolleger», skriv OUS i tilsvaret sitt til tingretten. Desse er ikkje dei verste døma på sjukehuset sitt forsøk på å svekka truverdet til Jinan Behnan.

Kierulf meiner det handlar om «maktasymmetri, maktarroganse, uredelighet

Den unge, syriske kvinna får full støtte frå forskarombod Peter Kierulf. Han slår fast at ho er blitt utsett for svært dårleg behandling. Kierulf meiner det handlar om «maktasymmetri, maktarroganse, uredelighet og en stipendiat som utnyttes og drives langt ut over alle grenser».

Det står derfor stor respekt av avgjerda til Jinan Behnan om å stå fram i Uniforum under fullt namn og bilete, for å fortelja historia si. Ho får full støtte frå forskingsombod Peter Kierulf. Det viser kor viktig det er å ha eit slikt ombod.

Ingen av dei vågar å stå fram med namn og bilete.

Historia til Jinan Behnan er heller ikkje eineståande. Uniforum kjenner til minst fire andre tilfelle der kvinnelege forskarar utan fast stilling, er blitt dårleg behandla av overordna eller andre forskarkollegaer. Ingen av dei vågar å stå fram med namn og bilete. Nokre av dei har fått seg ny jobb, medan andre ikkje lenger har arbeid. Det tyder på at dette også handlar om noko heilt anna enn vanskelege enkeltpersonar.

Det skal ikkje vera helseskadeleg å jobba ved Noregs største sjukehus

Truleg har det noko å gjera med både arbeidsmiljøet og kulturen i det medisinske forskingsmiljøet dei har vore ein del av. Det er noko som Oslo universitetssykehus og direktør Bjørn Erikstein må rydda opp i. Det skal ikkje vera helseskadeleg å jobba ved Noregs største sjukehus. OUS burde også ha halde seg for god til å velja å gå til åtak på ein varslar ved å utsetja personen for eit reint karakterdrap.

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Etikk, Medisin Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 15. des. 2016 04:00 - Sist endra 15. des. 2016 16:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere