Medisindekanen er attvald for fire nye år

Dekan Hanne Flinstad Harbo ved Det medisinske fakultetet på UiO er attvald frå 1. januar 2027 til og med 31. desember 2030.

Grete Dyb, Magnus Løberg, Hanne Flinstad Harbo, Jan G. Bjålie, Eli Feiring.

TEAM FLINSTAD HARBO: Frå venstre Grete Dyb, Magnus Løberg, Hanne Flinstad Harbo, Jan G. Bjålie, Eli Feiring. (Foto: Privat)

Fristen for å melda seg som kandidat til dekanvalet på Det medisinske fakultetet gjekk ut den 17. august. Då var det berre den sitjande dekanen Hanne Flinstad Harbo som hadde kunngjort at ho var kandidat. Det gjorde ho allereie den 27. mai. 

Debatt: Dekanvalg på medisin- Team Flinstad Harbo stiller til gjenvalg

Dermed var det opp til fakultetsstyret å gjera eit formelt val av dekan. Det skjedde då fakultetetsstyret på eit ekstraordinært styremøte i formiddag samrøystes stemte for at Hanne Flinstad Harbo skulle veljast som dekan ved Det medisinske fakultetet for perioden 1. januar 2027 til og med 31. desember 2030. 

Med seg på dekanlaget har ho fylgjande personar: 

Prodekan for forskning og innovasjon og stadfortredar for dekan Jan G. Bjålie, professor ved Institutt for medisinske basalfag,

Prodekan for utdanning Magnus Løberg, professor ved Institutt for helse og samfunn,

Visedekan for forskarutdanning Grete Dyb professor II ved Institutt for klinisk medisin

Visedekan for strategisk utvikling Eli Feiring, professor ved Institutt for helse og samfunn.

Hanne Flinstad Harbo blei valt til dekan i 2022. Då hadde ho Jens Petter Berg som motkandidat. Han er i dag viserektor for livsvitskap og helse ved Universitetet i Oslo. 

Hanne Flinstad Harbo var også kandidat under rektorvalet ved UiO i 2025. Då blei ho nummer to, etter vinnaren Ragnhild Hennum. 

Ein dekan kan berre sitja i to periodar, altså i til saman åtte år. Det er den same regelen som gjeld for rektorar ved Universitetet i Oslo. 

 

Les meir om val på Det medisinske fakultetet: 

Hanne Flinstad Harbo vann dekanvalet på Det medisinske fakultetet

Dekanval utan store smell på Det medisinske fakultetet

 

 

 

Emneord: Val 2026 Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2026 16:04 - Sist endra 19. aug. 2026 16:04

Logg inn for å kommentere