Kunnskapsdepartementet vil førebels ikkje greia ut framtidig bruk av Kjemibygningen

Det blir ikkje utført noka fagleg utgreiing for bruken av Kjemibygningen enno. Den beskjeden har UiO nyleg fått frå Kunnskapsdepartementet. Universitetsdirekør Arne Benjaminsen tolkar ikkje dette som eit nei, men at KD "bare ber om et bedre underlag for å vurdere videre prosess".

FRAMTIDIG BRUK: Det er enno ikkje avgjort kva delar av UiO som skal inn i Kjemibygningen i framtida. Det einaste som er sikkert er at kjernekjemi og felles instrumentlaboratorium blir verande. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 18. desember i fjor Universitetet i Olso sende eit brev til Kunnskapsdepartementet der universitetet kom med ein førespurnad om det kunne setja i gang ei såkalla konseptvalutgreiing for Kjemibygningen. Ifylgje Wikipedia vil det seia ei fagleg utgreiing av alternative måtar å løysa eit behov på. 

Når det gjeld statlege investeringsprosjekt med ein samla kostnad på over ein milliard kroner eller over 300 millionar for digitaliseringsprosjekt, må det gjennomførast ei slik utgreiing og ei ekstern kvalitetssikring. Først då kan regjeringa velja måten det skal skje på (konsept) og starta eit forprosjekt. 

Ber UiO greia ut ulike løysingar

Spørsmålet i denne saka er knytt til utflyttinga av mesteparten av verksemda frå Kjemibygningen til Livsvitskapsbygningen, som vil stå heilt ferdig i løpet av 2026. Kjernekjemi og det felles instrumentlaboratoriet er dei einaste einingane som blir verande igjen i bygningen. 

Seinare har det vore ein dialog mellom UiO og KD om denne førespurnaden. No seier altså departementet  førebels nei. 

Grunngjevinga til Kunnskapsdepartementet er at departementet treng meir informasjon om ulike løysingar for arealbehovet til kjernekjemi og felles instrumentlaboratorium. Det går fram av eit brev Kunnskapsdepartementet sende til UiO den 5. mai i år, og som Uniforum har fått ein kopi av. 

Etter planen skal desse to einingane altså bli verande i Kjemibygningen når resten av verksemda er flytta til Livsvitskapsbygningen. Då Livsvitskapsbygningen blei planlagt, blei det ikkje vurdert som formålstenleg å flytta desse funksjonane. 

Bedt om å skissere fleire alternativ

I brevet ber Kunnskapsdepartementet Universitetet i Oslo om å greia ut ulike løysingar for kjernekjemi og felles instrumentlaboratorium, anten om funksjonane må bli verande i Kjemibygningen eller om «det kan eksistere mer kostnadseffektive løsninger for å ivareta arealbehovet til disse funksjonene», står det i brevet. 

Departementet ber derfor UiO om å skissera fleire alternativ med ulikt ambisjonsnivå, og prøva  å finna minst ei løysing som kan dekkjast innanfor ei uendra budsjettramme. 

UiO blir også bede om å svara på kva som blir konsekvensane dersom kjernekjemi og felles instrumentaboratorium blir verande i Kjemibygningen utan at det blir gjennomført tiltak der. Samtidig vil departementet vita kva som er eit minimum av tiltak som må gjerast der. 

Når resultatet av den utgreiinga er klar, vil Kunnskapsdepartementet på nytt vurdera behovet for å setja i gang ei konseptsvalutgreiing for Kjemibygningen, går det fram av brevet frå Kunnskapsdepartementet som er underteikna av avdelingsdirektør Nils Olav Refsdal. 

«Innebærer ikke at KD har sagt nei» 

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen tolkar ikkje brevet som eit avslag på innspelet til Kunnskapsdepartementet om å setja i gang ei utgreiing som kan føra til at staten kan finansiera delar av kostnadane med å bruka Kjemibygningen til andre ting i framtida. 

«UiO er i dialog med Kunnskapsdepartementet (KD) om behov for gjennomføring og mandat for en konseptvalgutredning (KVU) knyttet til rehabilitering og fremtidig bruk av Kjemibygningen. KD har den 5. mai sendt et brev hvor de ber UiO gjennomføre ytterligere egne utredninger før departementet vurderer videre fremdrift", skriv han i ein e-post til Uniforum. 

Derfor ser han svaret frå Kunnskapsdepartementet som ei oppfordring til UiO om å gi dei meir informasjon om prosjektet. 

"Dette innebærer ikke at KD har sagt nei til en KVU, de ber bare om et grundigere underlag for å vurdere videre prosess. Det er en naturlig del av en definisjonsfase at det er behov for ytterligere avklaringer om behov og omfang," presiserer han. 

Arne Benjaminsen slår fast at  arbeidet med den vidare bruken av Kjemibygningen difor held fram

«UiO eri tett dialog med KD og gjennomfører de nødvendige utredningene. Samtidig arbeides det med midlertidig bruk av arealene i Kjemibygningen i tråd med målsettingene om å bruke selvforvaltede arealer i stedet for innleide lokaler», presiserer universitetsdirektør Arne Benjaminsen overfor Uniforum. 

Les om Kjemibygningen i Uniforum: 

UiOs eneste glassblåser/UiO's lone glassblower

Lite nytt om hva som skal skje på Nedre Blindern

Kjemibygningen er blitt pusset opp for 140 millioner kroner

Emneord: Kjemi, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2026 04:30 - Sist endra 21. mai 2026 07:43

Logg inn for å kommentere