English version of this page

Rekordhøg søking til Den internasjonale sommarskulen

Det har vore ei femdobling av søkjarar til Den internasjonale sommarskulen ved UiO i år samanlikna med fjoråret. Seniorkonsulent Amanda Felicia Celia Edenholm gler seg over den store interessa. 

Amanda Felicia Celia Edenholm

SMÅ KLASSAR: – Målet vårt med 30 studentar på kvart kurs, er at alle skal få plass på universitetsområdet samtidig og også avslutta dagen samtidig, fortel seniorkonsulent Amanda Felicia Celia Eidenbom ved Den internasjonale sommarskulen på UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Kvar sommar er det rundt 500 studentar som får plass på dei rundt fire til seks veker lange kursa på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Studentane som kjem inn, får anten stipend frå sommarskulen eller dei kan finansiera studia sjølve. Det er dei sjølvfinansierande studentane og norskkursa til sommarskulen som bidrar til stipenda som dei andre studentane får.

Uniforum får opplyst frå administrasjonen til sommarskulen at den i 2026 har mottatt 4831 søknader til deira eiga stipendordning, som går til masteremnekursa. I tillegg har sommarskulen fått 1306 søknader frå sjølvfinansierte søkjarar til både BA- og MA-emnekurs. Inkludert søkjartala frå USA har sommarskulen til saman fått inn 6137 søknader i 2026. Det er nesten fem gonger så mykje som i 2025, då det til saman kom inn 1457 søknader.  Det nest høgaste søkjartalet er tilbake til 2017. Då søkte 4337 personar. I år har sommarskulen også fått inn 300 søknader til NORAIN, som er intensive sommarkurs i norsk.

– Stor auke av søkjarar frå Afrika

– I år vil truleg rundt 80 studentar få tildelt stipend som dekkjer både opphald, kurs og reise, opplyser studiekonsulent Amanda Felicia Celia Edenholm i administrasjonen til sommarskulen. I fjor blei det delt ut rundt 50 stipend.

Den internasjonale sommarskulen ved UiO: 

  • Starta opp i 1947 som tilbod for amerikanske studentar
  • Om lag 500 studentar frå 50 land deltar årleg på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo
  • 30. juni har sommarskulen opningsseremoni for årets studentar i Universitetets aula

(Kjelde: Den internasjonale sommarskulen ved UiO)

Ho gler seg over at det er så stor interesse for å ta kurs på sommarskulen.

 – Det er mange søkjarar frå land utanfor EU, EØS og Sveits som søkjer. Og me har registrert ein stor auke av søkjarar frå Afrika, frå Kenya, Ghana og Nigeria, fortel ho til Uniforum.

Då det blei innført studieavgifter i Noreg, var det nettopp studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits som blei ramma. Søkjarar frå USA er anten eigenfinansierte eller får stipend frå stiftingar som avdelinga til den internasjonale sommarskulen ved St.Olaf College i USA samarbeider med.

Fredsforsking og berekraft mest populært

Edenholm gler seg også over å sjå kva kurs det er mest populært å søkja seg inn på.

– Det er kurset i fredsforsking (Peace Research) og kurset i utvikling, energi og berekraft (Development, Energy and Sustainability). Samtidig er det også noko auke i søkinga til norskkursa våre. Medan det er ei femdobling av søkjarar til stipenda, er det ei tredobling av søkjarar som er sjølvfinansierte samanlikna med i fjor, opplyser ho.

Men dei kan ikkje ta imot alle som søkjer, for kvart kurs har berre 30 plassar. 

– Derfor må me plukka ut dei som får plass. Nokre av dei er ikkje kvalifiserte, så dei er det lett å plukka ut. Men det er ein hard jobb å velja ut kven av dei andre som skal få plass, vedgår ho. 5000 søknader om stipend skal gjennomgåast, medan det berre er 80 stipend tilgjengelege. 

Blir innkvarterte på Kjelsås

– Målet vårt med 30 studentar på kvart kurs, er at alle skal få plass på universitetsområdet samtidig og avslutta dagen samtidig. Då får alle tid til å delta på sosiale aktivitetar på tvers av dei ulike kursa, fortel Edenholm.

Av dei studentane som kjem utanfrå, vert dei fleste innkvarterte på Oslo Folkehøgskole Rønningen (Oslo Hostel Rønningen) på Kjelsås. 

– Før pandemien var det Blindern studenterhjem som blei brukt til innlosjering. Nokre av dei som tar norskkurs bur allereie i Oslo-området, og dei treng ikkje innkvartering i regi av Den internasjonale sommarskulen, seier Edenholm.

USA-studentar vil ta kurs i berekraft 

Den internasjonale sommarskulen har også ei avdeling ved St. Olaf College i Minnesota. Michelle Fredrickson er dagleg leiar for kontoret der ho tar imot søknader frå amerikanarar som vil delta på kursa til sommarskulen.

Då sommarskulen starta i 1947, var det i hovudsak amerikanske studentar som kom dit. Seinare blei den meir og meir internasjonal. Framleis har USA ein fast kvote med studentar som kan bli tatt opp på sommarskulen. Og når det gjeld kva tilbod det er mest populært å søkja seg inn på, skil ikkje studentane frå USA seg mykje frå dei andre.

Michelle Fredrickson
SAME OPPLEVING: – Nokre av studentane våre sine besteforeldre studerte på sommarskulen, og no ynskjer dei at barnebarna skal få den same livsendrande erfaringa som dei hadde, fortel Michelle Fredrickson som er dagleg leiar for Den internasjonale sommarskulens avdeling ved St. Olaf College i Minnesota, USA. (Foto: Sissel Drevsjø/UiO)

– På masterprogrammet er det kurset i fredsforsking og kurset i utvikling og berekraft, fortel Michelle Fredrickson. Heile 3000 personar vil inn på kurset i utvikling og berekraft.

 – Det er heilt vanvittig, men når ein går gjennom søknadane og ser etter kor mange som faktisk er kvalifiserte, så kan det vera rundt 200 av dei. Men det er ikkje så mange plassar, slår ho fast.

– Vil læra om velferdsstaten

– Så korleis går det fram når de skal plukka ut dei som får plass?

– Me ynskjer ikkje å ha fem amerikanarar i ein klasse. Det me ynskjer er studentar frå heile verda. Og så må me ha kjønnsbalanse og balanse i erfaringar. Me vil ha størst mogleg mangfald for å skapa eit internasjonalt klasserom, for det er alle desse perspektiva som gjer Den internasjonale sommarskulen til det den er, understrekar ho. 

Når det gjeld kvifor amerikanske studentar vil dra på eit fire veker eller seks veker langt sommaropphald i Noreg, har Michelle Fredrickson ein klar teori om det.

– Noreg har eit omdømme som ein fredsskapande nasjon. Mange er også interesserte i å læra om velferdsstaten. Ved nokre av dei universiteta me samarbeider med, underviser dei i nordiske studium, og for dei studentane er dette eit høve og ein praksis i å bu i Noreg saman med nordmenn, seier ho.

 Så viser ho til at sommarskulen har ei historie om norskkurs som går heilt tilbake til 1947.

– Nokre av studentane våre sine besteforeldre studerte på sommarskulen, og no ynskjer dei at barnebarna skal få den same livsendrande erfaringa som dei hadde, fortel ho.

Sender USA-studentar på besøksrunde til norske organisasjonar

Michelle Fredrickson har også fått tilbakemeldingar frå studentane om at det var enkelte ting som var litt uventa for dei.

– Nokre av dei blir overraska av at sommarskulen er eit svært internasjonalt fellesskap. Fleire av dei forventar eit svært norsk fellesskap når dei kjem dit. Faktisk er det svært få nordmenn på desse programma.

– Men me har eit spesielt tilbod på tolv plassar til amerikanske studentar. Det kallar me for «Peace Scholars» og då besøkjer me ulike norske frivillige organisasjonar og forskingsinstitutt, som til dømes Nobelinstituttet, Fredsforskingsinstituttet (PRIO), Minotank, Fulbright, Nasjonalmuseet og Islamsk kultursenter, seier ho. 

Arbeida må dei også visa fram i USA. 

– Dei som tok det kurset i fjor, vil presentera arbeidet sitt på ein stor alumnikonferanse me arrangerer i Minneapolis den 17. april. Ein av dei presenterte også arbeidet sitt for kronprins Haakon då han besøkte St. Olaf College i fjor haust, fortel ho. 

Ikkje like reisevante som europeiske studentar

Over 50 prosent av dei amerikanske søkjarane kjem frå Midtvesten.

Erfaringa hennar er at for mange av studentane er det ei ny oppleving å dra ut av USA for å ta eit kurs. 

– Dei har ikkje den same rutinen i  å reisa som det europeiske studentar har. Derfor er både dei og foreldra deira litt usikre på kva som møter dei i Noreg. Me vil vera til stades, også i Noreg, og det er ei godt for dei å vita at dei kan kontakta oss, peikar ho på.

Velkomstseremonien for alle årets studentar på Den internasjonale sommarskulen vil gå føre seg i Universitetets aula den 30. juni. 

 

Les meir om Den internasjonale sommarskulen i Uniforum: 

Den internasjonale sommarskulen er også for UiO-studentar

Studerte i ferien: – Det beste kurset me har hatt

På jakt etter faren sine fotspor på sommarskulen

Sommarskulen krev engelsktest frå engelskspråklege søkjarar frå Afrika

Emneord: Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2026 15:07 - Sist endra 26. mars 2026 14:57

Logg inn for å kommentere