Etter ein seks timar lang flytur frå Washington D.C til Oslo for å delta på ei rundreise i Noreg, var det ein ting USAs assisterande riksrevisor Susan Sawtelle måtte gjera aller først: Ho måtte ta turen til Den internasjonale sommarskulen ved UiO for å leita etter spora av faren Donald J. Sawtelle (1924-2013) . Han var i 1947 student på sommarskulen ved UiO. Ho hadde allereie vore i kontakt med direktør Anne Cathrine da Silva, og ein time etter at ho landa på Gardermoen, sat ho på kontoret til direktøren på Blindern.
Frå Japan til UiO
– Faren min hadde nettopp vore på oppdrag som militær i Japan, og så fann han ut at han ville gjera noko heilt anna. Då oppdaga han at UiO hadde det fantastiske studietilbodet som på den tida heitte Den amerikanske sommarskulen. I søknaden skreiv han at han ville studera der for å bli betre kjent med andre kulturar. Søknaden blei innvilga, fortel Susan Sawtelle.
Etter at faren døydde, gjekk ho også gjennom papira hans, og då fann ho ein kopi av årboka til Sommarskulens ambassadør. Der var det fleire fotografi av han og medstudentane hans frå sommaren 1947.
– Her står han på trappa til Fysikkbygningen saman med den kvinnelege studenten Patricia "Pat" Shaw. Faren min og Patricia står på den same rekkja, og eg veit at ho må ha vore ein svært spesiell person. Og då eg kom hit, møtte eg Anne Cathrine da Silva som fortalde meg at det var ein person eg måtte treffa. Det var barnebarnet til Patricia Shaw, og ho jobbar her på Den internasjonale sommarskulen, fortel ho.
På same stad som faren og bestemora
Slik kom direktør Anne Catrhine da Silva på ideen om å ta eit bilete av Susan Sawtelle saman med barnebarnet til Patricia Shaw, Thera Dal Pra Iversen, på trappa til Fysikkbygningen der faren og Patricia Shaw hadde stått saman i 1947. Derfor tok ho kontakt med Uniforum, og derfor kan me no visa fram dei to bileta frå den same staden, men med 76 års mellomrom.
Susan Sawtelle er svært glad for at sommarskuledirektøren klarte å få til dette møtet.
– Eg blei svært rørt, og barnebarnet kunne også fortelja meg korleis bestemora fekk eit stipend for å gå på Den amerikanske sommarskulen og enda opp med å bli gift med ein nordmann og busetja seg i Noreg, seier ho til Uniforum. I 2006 intervjua Uniforum Patricia Shaw i artikkelen Regnbogeskulen på Blindern
– Like viktig for dei som for faren min
Susan Sawtelle synest også det er fint å høyra historia om korleis det som var Den amerikanske sommarskulen, blei til Den internasjonale sommarskulen og har opna verda for studentar frå land på alle kontinent.
– Eg er sikker på at eit slikt opphald vil vera like viktig for dei som det var for faren min, seier ho.
– Det er heilt fantastisk at så mange folk har gjort seg tilgjengelege for meg på dei to timane eg har vore her så langt, utbryt ho.
Medan studievenninna Patricia Shaw enda opp i Noreg, vende faren til Susan Sawtelle tilbake til USA.
– Han hadde eit langt og lykkeleg liv, og han blei far til meg og broren min, smiler ho.
– Korleis livnærte faren din seg i USA?
– Han var assisterande direktør for eit selskap som designa ytterklede for menn og kvinner. Fantastisk flotte klede var det. Så han var ganske kunstnarleg av seg. Han designa også hagar, til dømes min hage og hagen til broren min, fortel ho.
Jobba på forskingsstasjon i Antarktis
Historia til faren var også medverkande til at ho for over 20 år sidan for eit tid forlet det trygge A4-livet som advokat i Washington.
– Eg takka ja til eit eitt år langt engasjement på forskingsstasjonen Amundsen-Scott-basen i Antarktis. Det opna auga mine. Eg møtte forskjellige folk, og eg blei medlem i The Explorers Club. Faren min var skeptisk heilt til eg dukka opp på kveldsnyhenda på CBS News og fortalde om korleis klimaendringane først blei synlege i Antarktis. Då var det brått blitt heilt ok, hugsar ho.
Kom ikkje tilbake
The Explorers Club er ei internasjonal foreining som jobbar tverrfagleg og som har som mål å fremja vitskapleg utforsking og feltstudium over heile verda. Klubben har oppdagarar og forskarar som medlemar. Blant kjende norske medlemar finn me Thor Heyerdahl. Erling Kagge, Børge Ousland og Liv Arnesen er mellom dagens 60 norske medlemar, ifylgje Aftenposten. Roald Amundsen og Fridthjof Nansen blei utnemnde til æresmedlemar, skriv avisa. Og Børge Ousland er ein av dei Susan Sawtelle skal møta under det aller første Noregsopphaldet sitt.
Med The Explorers Club skal ho dra frå Oslo vidare til Bergen og Ålesund og Sunnmøre, før dei skal enda opp i Trondheim.
Faren hennar vende aldri tilbake til Noreg etter opphaldet i 1947.
– Men eg har ikkje tal på kor mange gonger han fortalde meg om det utruleg flotte opphaldet han hadde hatt på Den amerikanske sommarskulen ved Universitetet i Oslo.
– Ei emosjonell oppleving
For Anne Cathrine da Silva var det også ei fin oppleving å få besøk av Susan Sawtelle.
– Det fekk meg til å gå gjennom historia til sommarskulen. Og med historia til faren til Susan Sawtelle kom den til live igjen. Det er ei emosjonell oppleving for meg også, vedgår ho.
Anne Cathrine da Silva har møtt andre som har vore på jakt etter spor etter tidlegare studentar på sommarskulen.
– Men Susan Sawtelle er den første som har kome hit direkte frå flyplassen på Gardermoen. Og då eg såg biletet av faren hennar Donald ved sida av Patricia Shaw, og eg visste at barnebarnet hennar Thera Dal Pra Iversen jobba hos oss, så var dette ei historie som var førehandsbestemt, tykkjer ho.
Susan Sawtelle er imponert over Den internasjonale sommarskulen ved UiO.
– De har all grunn til å vera stolte. For de tilbyr utdanning og kulturkunnskap til studentar som kanskje elles aldri ville fått den sjansen, avsluttar ho.
Logg inn for å kommentere