Krise for framandspråka: UiO vil kombinera språk med samfunnsfag

Talet på dei som lærer andre framandspråk enn engelsk går ned i den norske skulen og på universiteta. UiO håpar eit nytt tverrfagleg bachelorprogram skal skapa ny interesse. 

FULL SAL: Det var trongt om plassen i Domus Bibliotheca då forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland heldt innleiinga si på Framandspråkkonferansen i formiddag.

Foto: Ola Gamst Sæther

Både talet på lærarar som underviser i andre framandspråk enn engelsk, og talet på elevar som vel å studera språk som tysk og fransk, går nedover. Interessa for spansk i ungdomsskulen går derimot litt opp. Det viser tal som blei lagde fram på Framandspråkkonferansen i Oslo i dag. 

I tillegg har talet på studentar som tar framandspråk på universitet og høgskular blitt halvert i frå 2012 til 2021. Det står også dårleg til med situasjonen for framandspråka i Sverige, Danmark og Storbritannia. 

Vil kombinera språk med andre fag

Redningsplanken kan bli eit nytt bachelorstudium som UiO skal oppretta frå hausten 2026. Det heiter «Språk og samfunn» og skal kombinera språk som spansk, fransk og tysk med økonomi, sosiologi,samfunnsgeografi og sosialantropologi. Det opplyste utdanningsleiar på Det humanistiske fakultetet Alexandra Spalek. Faget blei vedtatt formelt på møtet i Universitetsstyret den 10. juni. 

Ho viste også til funn som gav eit klart bilete på at kunnskapane frå den vidaregåande skulen ikkje er tilstrekkelege. Derfor jobbar HF samtidig med å letta overgangen frå den vidaregåande skulen til universitetet.

– Og me skal fremja relevansen i framandspråkstudia, lova ho. 

Det er altså grunnen til at Det humanistiske fakultetet ved UiO lanserer det nye bachelorstudiet «Språk og samfunn»  med opptak frå hausten 2026.  

Ville ha eit ekstra obligatorisk framandspråk

Også for 20 år sidan var det mykje uro rundt den manglande interessa for å velja andre framandspråk i tillegg til engelsk i ungdomsskulen. Då ville Bondevik II-regjeringa styrkja framandspråka  i grunnskulen.

Svaret blei strategiplanen "Språk åpner dører" som dåverande utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet hadde ansvaret for. I dag var ho på plass på Framandspråkkonferansen i Domus Bibliotheca i sentrum. 

– Den gongen føreslo regjeringa vår å innføra eit ekstra obligatorisk framandspråk i ungdomskulen. Det kunne vera tysk, fransk, spansk eller andre framandspråk som russisk, fortalde den tidlegare statsråden og noverande direktør for tankesmia Civita.   

Forslaget stranda då Bondevik II-regjeringa ho var med i, tapte fleirtalet i stortingsvalet i 2005, og måtte gi makta over til Jens Stoltenbergs andre regjering.

– Den gongen var både Senterpartiet og SV mot eit andre obligatorisk framandspråk, medan Arbeidarpartiet var for. Seinare har me fått støtte frå eit slikt forslag frå både SV og Venstre, medan Arbeidarpartiet har gått imot, sa ho.  

– Alt går ikkje slik som me håpar, la Kristin Clemet til.

Fekk til ei endring

For henne er det feil å kategorisera språkfaga som teoretiske fag.

– Grunnhaldninga mi er at ein ikkje kan dela fag inn i teoretiske og praktiske fag. Ein lærer språk like godt ved å driva å klatra i trea saman med nokon, meinte ho.  

Framleis er ho overtydd om kor viktig det er å læra andre framandspråk enn berre engelsk. 

– Me lever i eit meir internasjonalt samfunn. Det gir ein fordel for dei som kan fylgja med i internasjonale media samanlikna med dei som ikkje kan det, sa ho. 

Og då meldinga blei evaluert i 2009  var noko skjedd.

– Då valde faktisk fleire elevar framandspråk i skulen.

Så ynskte ho dagens regjering lykke til med ei ny utgreiing om framandspråka i skulen. 

Babels tårn

For no er det dagens forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) som har ansvaret for å finna ut korleis fleire elevar og studentar skal velja tysk, fransk, spansk eller andre framandspråk.

Aasland kom rett frå ekstraordinært statsråd der statsminister Jonas Gahr Støre hadde gjort omrokeringar i regjeringa. Og ho kunne stadfesta at ho framleis var forskings- og høgare utdanningsminister. 

Sigrun Aasland innleia ved å visa til historia om Babels tårn frå Bibelen.

– Då ville dei byggja eit tårn som skulle nå heilt opp til himmelen. For å forvirra dei og gjera prosjektet umogleg gav Gud dei ulike språk. I dag veit me mykje meir om kor komplisert språkutviklinga i verda har vore. Det som er sikkert er at folk som ikkje forstår kvarandre, kan vanskeleg bli einige om kjøp og sal og samarbeid, slo ho fast. 

– Me er blant dei beste i verda i engelsk

Aasland kom også med eit positiv bilete av språkkunnskapane til dei som bur i Noreg.

– Me er blant dei beste i verda i engelsk. Og me er også dei beste til å forstå nabospråka våre, understreka ho. 

Men ho underslo ikkje at det var behov for folk som også kunna andre framandspråk.

– Den store utfordringa er at talet på elevar som vel tysk og fransk går ned. Eg trur ikkje auka timetal er løysinga.

Ho trudde derimot oppskrifta kunne liggja i stortingsmeldinga «En mer praktisk skole» fra september 2024.

– Fleire innslag om språket sin kultur trudde ho kunne få opp interessa.

Kunstig intelligens i språkopplæringa

Og så var ho overtydd om at studentutvekslingsprogrammet Erasmus + kunne vera ein døropnar for språkinteressa. Der blir studentar oppfordra til å dra til andre språkområde enn den engelskspråklege verda.

– Det har ført til ein 44 prosent auke i studentar som kjem på utveksling til Noreg. Og universiteta kan bli gode møteplassar, trudde ho og viste til eiga erfaring.

– Eg var student i både Frankrike og i USA. Det lærte eg masse av, sa ho.

No festar ho lit til at kunstig intelligens også kan vera til nytte for språkopplæringa. 

– Den er spesielt godt eigna til det, men denne teknologien må tilpassast og brukast på ein formålstenleg måte. Det er mogleg å læra språk også i ein meir praktisk og tverrfagleg skule, sa forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland. 

• Les meir om framandspråk i Uniforum:

Dei kjempar for at framandspråka skal få ein større plass i skulen

Nederlandsk pakkar ned for godt på UiO

Portugisisklærarar: – Me godtok aldri å fjerna litterære emne frå bachelorstudiet

Protesterer mot kutt i portugisisk

Eit tyskfag ute av bylgjedalen?

– Vil sikra rekrutteringa til språkfaga

Spanskopplæringa i Nordren byrja på 1600-talet

Åtte millionar til tysk- og franskopplæring

 

 

Emneord: Språk, Språkpoltikk Av Martin Toft
Publisert 16. sep. 2025 16:50 - Sist endra 17. sep. 2025 17:12

Logg inn for å kommentere