Dei kjempar for at framandspråka skal få større plass i skulen

Framandspråka er under press i skulen. Det går hardast utover fransk og tysk.  Nyleg var Christine Meklenborg Nilsen og Alexandra Spalek frå UiO og Gerard Doetjes frå Framandspråksenteret i Halden i møte med Stortingets utdannings- og forskingskomité for å ta opp situasjonen. 

TIDLEGARE OPPLÆRING: Alexandra Spalek og Christine Meklenborg Nilsen frå UiO og Gerard Doetjes frå Framandspråksenteret ber Stortinget om å satsa på framandspråka og starta tidlegare med opplæringa. 

Foto: Martin Toft

Framandspråka i Noreg er i ein kritisk situasjon. Det slår Christine Meklenborg Nilsen og Alexandra Spalek frå Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) og Gerard Doetjes frå Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa fast både overfor Uniforum og Stortingets utdannings- og forskingskomité.

Dei viser til at sidan 2018 er søkjartala til tysk, fransk og spansk redusert med 30 prosent innanfor høgare utdanning. Og i løpet av dei siste fem åra (2019-2023) tilbyr 60 færre skular tysk og 35 færre skular fransk. Om denne utviklinga held fram, fryktar dei at Noreg vil hamna i ein negativ spriral der færre elevar vel framandspråk som fører til at færre vil studera framandspråk, og dermed vil det også bli færre lærarar i framandspråk.

– Som menneske lærer me språk enklare når me er yngre

Christine Meklenborg Nilsen er instituttleiar på ILOS og professor i fransk. Ho fortel at dei tre på vegner av framandspråkinstitutta i Noreg stiller eit hovudkrav til Stortinget.

– Me har bede utdanningskomiteen om å gi framandspråk som valfag allereie frå femte til sjuande trinn og sørgja for at me får ein heilskapleg politikk for dette i heile Noreg, understrekar ho.

Alexandra Spalek som er førsteamanuensis i spansk, meiner at dette vil lata seg gjennomføra.

– Fordi språk er praktisk, og det er det det nye opplegget i skulen skal gå ut på. Som menneske lærer me språk enklare når me er yngre, konstaterer ho.

– Alderen frå 10 til 12 er det rette tidspunktet

Leiaren for Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa i Halden, Gerard Doetjes er heilt einig.

– Det er viktig å starta tidleg med undervisning i framandspråk fordi me bur i eit land som har veldig mykje utland. Det er ikkje populært å seia at Noreg er eit lite land, men det er ein god norsk tradisjon å sjå utover. Noreg har tent godt på det, og då må me kunna våre språk, og det er lurt å begynna tidleg med det. Kanskje det ikkje er så viktig berre for språket si skuld, men for å bli medviten på at verda er så mykje meir enn berre dei engelskspråklege landa. 
Alderen frå 10 til 12 er det rette tidspunktet for å begynna å snusa litt på resten av verda, peikar han på. Derfor føreslår han at elevane kan få læra meir om alle landa som er tyskspråklege, franskspråklege og spanskspråklege og kanskje litt meir om andre land også.

– Då ynskjer dei å bli endå meir kjent med verda, og får lyst til å læra seg språka nettopp av den grunnen, håpar han.

– me har eit godt grunnlag

Gerard Doetjes er likevel forsiktig med å kalla situasjonen for framandspråka utanom engelsk innanfor norsk skule i dag for ei krise.

– Ut frå talmaterialet vårt er ikkje situasjonen berre negativ. Skular skal frå åttande trinn tilby minst eit framandspråk, medan dei aller fleste skular har undervisning i to eller tre framandspråk. I hovudsak er det tysk, fransk og spansk. Så me har eit godt grunnlag, slår han fast.

Doetjes viser til at dei også har høve til å byggja på desse framandspråka i den vidaregåande skulen slik at dei kan rigga seg opp for å kunna studera dei vidare innanfor høgare utdanning på eit høgt nivå.

– Dette blir sakte, men sikkert slite ned. Me ser no at talet på ungdomsskular som tilbyr fransk og tysk går ned. Det er ikkje bra, synest han.

For mange skular handlar det om dårleg økonomi. Og han fryktar konsekvensen av dette er at i framtida vil ikkje norske diplomatar og næringslivsfolk kunna snakka med folk på deira eige morsmål, slik som dei har gjort før.

– Då har me eit problem, trur han.

– Me ser at me får færre søkjarar 

Problemet frå grunnskulen og den vidaregåande skulen forplantar seg vidare til høgare utdanning. Det kan Cathrine Meklenborg Nilsen skriva under på.

– For det første ser ein at det er eit gap mellom det studentane kan når dei begynner hos oss, og kva me skulle ynskt at dei kunne. Me ynskjer å starta utdanninga vår på eit B1-nivå i det europeiske rammeverket, men studentane har ofte berre A2.

Me ser at me får færre søkjarar, og det er færre eksamenar. Difor er me redde me vil koma inn i den vonde sirkelen der det blir utdanna færre lærarar og me får endå færre studentar, fortel ho.

Og det får også fylgjer for dagens finansiering som er knytt til produksjonen av studiepoeng, altså talet på eksamenar.

– Så når me får færre studentar, får me mindre midlar, og etter kvart vil me ikkje kunna tilsetja nye når folk går av med pensjon, og såleis byggjer me ned desse faga også i universitetssektoren. Det er ein fare, for Noreg som nasjon treng ikkje berre utdanning i framandspråka, men også forsking, seier Meklenborg Nilsen.

– Vil dette enda med at ILOS til slutt berre kjem til å undervisa i engelsk, Alexandra Spalek?

– Mange fag slit veldig. Det siste året har me måtta nedleggja fleire fag som tsjekkisk, bosnisk-kroatisk-serbisk og nederlandsk. Det er andre fag som er store europeiske språkc, som slit veldig, som til dømes tysk. Det vil enda opp med at me ikkje vil ha nok tysklærarar til slutt, fryktar ho.

Gerard Doetjes minner om at Universitetet i Stavanger allereie har lagt ned undervisninga i framandspråk.

Christine Meklenborg Nilsen trekkjer fram at alle universitet og høgskular i Noreg først og fremst tener den regionen dei ligg i.

– Universitetet i Oslo rekrutterer først og fremt studentar frå Akershus og fylka kring hovudstaden.  Vestlendingar strøymer mot Bergen og trønderar mot Trondheim. Om det forsvinn tilbod her, forsvinn det også som tilbod i den landsdelen. Dei kan flytta til Oslo, men me veit at i svært stor grad vil det vera regionane som taper, meiner ho.

 – Det gir grunn for realistisk optimisme

Fredag var dei i møte med stortingsrepresentantane Lise Selnes og Sverre Myrli frå Arbeidarpartiet. Tysdag i førre veke hadde dei eit møte med heile Stortingets utdannings- og forskingskomité. Christine Meklenborg Nilsen fekk eit godt inntrykk av synspunkta politikarane hadde på problemet.

OPTIMISME: Møtet med utdanningskomiteen var også positivt. Det gir grunn for realistisk optimisme, seier instituttleiar for ILOS på UiO, Christine Meklenborg Nilsen, lengst til høgre. Her står ho saman med UiO-kollegaen Alexandra Spalek og Gerard Douetjes frå Framandspråksenteret i Halden inne på Stortinget.  (Foto:Privat) 

– Samtalen med Lise Selnes og Sverre Myrli synest eg var positiv. Me bad dei om å ta initiativ til ein overordna nasjonal plan for framandspråka. Dei forstår situasjonen vår, og dei har eit engasjement for framandspråka. Møtet med utdanningskomiteen var også positivt. Det gir grunn for realistisk optimisme, seier ho til Uniforum.

Gerard Doetjes legg vekt på at dei i argumentasjonen sin har knytt skulepolitikk og høgare utdanningspolitikk saman med næringslivet sine vilkår.

– Kan me om ti til tjue år framleis språk og forstå folk som snakkar andre språk?  Då snakkar me ikkje nødvendigvis om  å snakka språket perfekt, men kanskje meir om å forstå mennesket, forstå kulturen og kodane. Om me går glipp av det, kan det bli vanskeleg å selja norske ting til utlandet, trur han.

Reint konkret trekkjer han fram Tysklandsstrategien til Utanriksdepartementet.

– Dei må sørgja for at desse framandspråka får gode vilkår i skulen, er oppfordringa hans.

Om ikkje noko skjer, fryktar Christine Meklenborg Nilsen at konsekvensane blir store.

– Me må orientera oss mot meir enn berre til den anglofone delen av verda. Når me ser kva som skjer i heile verda i dag, så ser me at det er naudsynt. Me må kjenna verda rett og slett, seier ho.

Alexandra Spalek sluttar seg til synspunktet frå kollegaen sin.

– Språk er makt og engelsk er ikkje nok, konstaterer ho.

– Har me gode lærarar og motiverte elevar, kan me få til mykje

Gerard Doetjes meiner at det finst alternative metodar å undervisa i framandspråk på enn det som var tilfellet på 1970- og 90-talet.

– Koronatida lærte oss korleis det er mogleg å undervisa godt digitalt. Har me gode lærarar og motiverte elevar, kan me få til mykje. Me oppfattar politikarane slik at om me kjem me gode forslag, har dei lyst til å høyra, seier han.

Christine Meklenborg Nilsen ynskjer å framheva at også utdanningsinstitusjonane vil endra seg.

– Me legg om studia våre, me søkjer nye samarbeidspartnarar, og me gjer alt me kan for å få våre studium relevante og attraktive, og me prøver å tenkja nytt. Me skal gjera vårt, og så håpar me at politikarane også kan gjera sitt.

Møtet med Stortingets utdanningskomité kom i stand som eit initiativ frå framandspråkinstittuttleiarane i Oslo, Bergen, Trondheim, Agder, Tromsø og Halden. Det har dei gjort saman med Nasjonal senter for engelsk og framandspråk i opplæringa. Dei har hatt felles møte ein gong i semesteret sidan 2023.

• Les meir om framandspråk i  Uniforum:

Nederlandsk pakkar ned for godt på UiO

Portugisisklærarar: – Me godtok aldri å fjerna litterære emne frå bachelorstudiet

Protesterer mot kutt i portugisisk

Eit tyskfag ute av bylgjedalen?

– Vil sikra rekrutteringa til språkfaga

Spanskopplæringa i Nordren byrja på 1600-talet

Åtte millionar til tysk- og franskopplæring

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Undervisning, Det humanistiske fakultet Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2024 12:20 - Sist endra 15. okt. 2024 14:01

Logg inn for å kommentere