Portugisisklærarar: – Me godtok aldri å fjerna litterære emne frå bachelorstudiet

– Me har aldri sagt ja til å fjerna tilbodet om undervisning i litterære emne på portugisisk for bachelorstudentane. Det seier professor Diana Santos og universitetslektor João Marques Lopes til Uniforum. Leiinga på Institutt for litteratur, områdestudiium og europeiske språk ved UiO forsvarar avgjerda.

UEINIGE; Professor i portugisisk språk, Diana Santos (t.v) og universitetslektor João Marques Lopes er ueinige i avgjerda til instituttleiinga om ikkje å tilby litterære emne for bachelorstudentar i portugisisk.

Foto: Ola Sæther

Før helga melde Uniforum at Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) har kutta ut tilbodet om undervisning i portugisiskspråkleg litteratur for bachelorstudentar hausten 2016. Det førte til protestar frå studentane, som mellom anna viste til kor viktige portugisiskspråklege land som Brasil, Angola og Mosambik er for norsk næringsliv og for norsk bistand. Dei som underviser i portugisisk ved Universitetet i Oslo, er einige med studentane i at det var ei heilt feil avgjerd.

Heilt fram til 2012 hadde fagmiljøet i portugisisk eit professorat i portugisiskspråkleg litteratur. Etter at personen som hadde professoratet, gjekk av før planlagt i 2012, er ikkje professoratet blitt lyst ut.

– Uforsvarleg

I staden har undervisninga i portugisiskspråkleg litteratur blitt halde av personar som ikkje har vore fast tilsette på instituttet. Ein av fleire som underviste i portugisiskspråkleg litteratur på bachelorstudiet var universitetslektor João Marques Lopes. Våren og hausten 2014 og våren 2016 har han vore ansvarleg for å formidla den portugisiskspråklege litteraturskatten til nye studentar. 

– Eg synest det er heilt uforsvarleg å leggja ned undervisninga i litterære emne på portugisisk for bachelorstudentane, både av pedagogiske, politiske og økonomiske grunnar.  I all undervisning i framandspråk er litterære emne ein viktig del av studiet, anten det handlar om fransk, spansk, italiensk, engelsk eller tysk, seier han.

Dette semesteret skal han til Paris, der han har fått eit tre månader langt postdoktorstipend ved ein institusjon som samarbeider nært med Universitetet i Paris.

– For lite gjennomsiktig

Kollegaen hans, språkprofessor Diana Santos, synest det er synd at Det humanistiske fakultetet er i ferd med å amputera fagmiljøet i portugisisk som har eksistert i 40 år ved Universitetet i Oslo. Ho viser til at utlysingsteksten til professoratet gjekk fram og tilbake heilt fram til hausten 2015.

– Då fekk professoratet i portugisisk litteratur og kultur og Brasil førsteprioritet av styret for instituttet. Me rekna med at instituttleiinga stod på vår side i denne saka og ville fremja våre synspunkt for dekanatet. Då instituttleiinga kom med tilbakemelding til oss, sa dei at dekanatet likevel hadde gått imot innstillinga om å lysa ut denne stillinga.

Eit brev frå 4. november 2015 viser at fakultetet gjekk imot innstillinga til styret av di det meinte at føresetnadene for stillinga enno ikkje var oppfylte.

– Nærare grunngjeving har me ikkje fått. Me har ikkje sett noko formelt skriftleg vedtak på det. Difor synest me at måten vedtaket er gjort på, er for lite gjennomsiktig både for oss og for studentane, seier Diana Santos til Uniforum. 

– Ikkje tilpassa norske portugisiskstudentar

Etter hennar oppfatning har ho og dei andre som underviser i portugisisk, kjempa for å ha folk som kan undervisa i litterære emne tilsette i mellombelse stillingar, så lenge lovnaden om at dei skal få tilsett ein person i den ledige stillinga som professor/førsteamanuensis i portugisiskspråkleg litteratur, så snart det opnar seg eit økonomisk rom for det, står fast. 

– Me blei einige om eit mellombels studieløp for at ein kunne ha opptak for bachelorstudentar i portugisisk. Men det var for å løysa problemet med litteratur, ikkje for å godta mangelen. Å seia at studentane berre kan dra til Portugal eller Brasil for å ta emna der, er å halda dei for narr. Der er ikkje litteraturstudia tilpassa utanlandsstudentar som studerer portugisisk, men tilpassa eigne studentar som har ei heilt anna ballast når det gjeld kunnskap om heimlandet sin litteratur og kultur, understrekar ho.

Både Diana Santos og João Marques Lopes viser til at portugisiskspråklege land som Brasil, Angola og Mosambik er viktige for Noreg.  – Norsk oljeindustri har investert masse pengar både i Brasil og i Angola. Dessutan er Brasil det landet som dei siste åra har tatt imot mest pengar øyremerkte til klima og miljø frå Noreg.  Amazonas-fondet er det viktigaste internasjonale bidraget Noreg  kjem med for å avgrensa den globale oppvarminga. Mosambik har også vore eit viktig land for norsk bistandspolitikk, peikar dei på. Til saman snakkar 300 millionar menneske portugisisk. Det gjer det til det sjette mest brukte språket i verda.

Inntrykket til Diana Santos og João Marques Lopes er at instituttleiinga oppfattar portugisisk som eit språk som i hovudsak blir brukt i Latin-Amerika.  – Brasil er rett nok det største portugisiskspråklege landet, men språket blir brukt både i Portugal i Europa, i Afrika og i Asia. Derfor er det viktig å ha fagltilsette som kan undervisa i portugisiskspråkleg litteratur frå alle desse landa. Dei største universiteta i dei andre nordiske landa har dette tilbodet, seier Diana Santos og João Marques Lopes.

Også universitetslektor i portugisisk Ana Rita Ferreira deler kritikken av avgjerda om ikkje å tilby undervisning i litterære emne for bachelorstudentar i portugisisk. 

– Det er ei svært uansvarleg avgjerd, som strir imot målsetjinga om at UiO skal styrkja posisjonen sin som ein leiande europeisk utdanningsinstitusjon, kommenterer ho overfor Uniforum.

– Endringar skjer i samarbeid med fagmiljøa

Uniforum har vore i kontakt med undervisningsleiar Trond Gunnar Nordenstam på Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS). I ein generell kommentar peikar han på at endringar i studieløpa skjer i samarbeid med fagmiljøa.  – Studieløpa byggjer på kompetansen til dei faste vitskaplege tilsette, og studietilbodet blir tilpassa dei til ei kvar tid gjeldande ressursane, svarar han i ein epost til Uniforum.  Han peikar på at det er ein del av fakultetet sin internasjonaliseringspolitikk at små fagmiljø kan utvida emnetilbodet utover det dei sjølve har kompetanse på og kapasitet til, gjennom aktiv bruk av utreise. 

Kan ta litterære emne i Portugal eller Brasil

– Det faglege innhaldet i dei litteraturemna som blir tekne ut som obligatoriske emne i bachelor-studieretninga i portugisisk, kan studentane i staden få i Portugal eller i Brasil. Me har fleire utvekslingsavtalar, og bachelorstudiet i portugisisk lever dermed opp til KDs (Kunnskapsdepartementets. Red.merknad) og UiOs strategi om meir internasjonalisering, understerkar Nordenstam. Han viser til fem universitet i Brasil og eitt i Portugal som instituttet eller UiO sentralt har utvekslingsavtalar med.

17 bachelorstudentar i portugisisk

 – Studentar som ikkje ynskjer det eller ikkje har høve til å ta delar av bachelorstudiet i Portugal eller Brasil kan likevel ta eit fullt bachelorstudium ved UiO, slår han fast.  Nordenstam opplyser til Uniforum at opptaksramma for bachelorstudiet i portugisisk er på 15 studentar hausten 2016. Så langt har 17 takka ja.  Samla på alle kull går det 17 studentar på bachelorstudiet i portugisisk.

– Samarbeidet om studietilbodet mellom lærarane i portugisisk, spansk og Latin-Amerika-studiar, sikrar at studentane våre kan studera portugisisk på høgaste nivå ved UiO, seier Trond Gunnar Nordenstam. 

Dette har skjedd i føljetongen om stillinga i portugisisk litteratur:

2012: Professoren i portugisisk litteratur sluttar uventa. Litteraturundervisninga blir gjennomført ved hjelp av personar i mellombelse stillingar.

September 2015: Styret ved Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk stadfestar at det gir utlysinga av stillinga i portugisiskspråkleg litteratur førsteprioritet i tidsplanen for nye tilsetjingar.

4. november 2015: Eit brev frå dekanatet ved Det humanistiske fakultetet syner at dei ikkje godkjenner instituttet si innstilling om å prioritera stillinga i portugisisk litteratur på førsteplass.

April 2016: Undervisningsleiinga ved instituttet sender ein epost til alle studentane om at undervisninga i litterære emne blir kutta ut for bachelorstudentane hausten 2016. Dei blir delvis erstatta av emne i språk, omsetjing og praktisk språkbruk.

Juni/juli 2016: Studentane startar ein protestaksjon mot avgjerda, sender brev til kunnskapsministeren og får oppslag i NRK.

5. august 2016: Uniforum publiserer eit intervju med initiativtakar til protestaksjonen, Aina Jensen.

10. august 2016: Professor i portugisisk språk, Diana Santos og universitetslektor João Marques Lopes står fram i Uniforum og seier seg einige med studentane i at det var ei feil avgjerd å fjerna undervisninga i litterære emne for bachelorstudentane i portugisisk. Undervisningsleiar Trond Gunnar Nordenstam ved ILOS står fast på at instituttet tok ei rett avgjerd.

Les også i Uniforum:

Protesterer mot kutt i portugisisk

Brasil sender sine toppstudentar til Noreg

Emneord: Internasjonalisering, Asia, Språk, Afrika, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2016 05:00 - Sist endra 10. aug. 2016 11:41

Martin Toft 19. aug. 2016 09:05 Instituttleiar Karen Gammelgaard ved ILOS ber Uniforum korrigera eit par faktafeil i artikkelen om portugisisklærarane. Ho peikar på to av personane som er omtalte i artikkelen ikkje er universitetslektorar, men timelærarar. Grunnen til at det blei feil, er at det står feil opplysningar på nettsidene til ILOS. Den siste feilen ho peikar på, er at det ikkje er blitt foreslått å oppretta eit professorat, men ei stilling som førsteamanuensis i portugisiskspråkleg litteratu/kultur i Brasil. Det er ein feil som Uniforum tar på seg ansvaret for har skjedd. Det seier me oss leie for, og det skal ikkje skje igjen. Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum

Martin Toft - 23. aug. 2016 20:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere