Leiar: Ein siger for universitetsdemokratiet

Dei største vinnarane av rektorvalet er likevel veljarane, både dei tilsette og studentane som viste engasjement og interesse ved å gå på ein eller fleire av dei 15 rektorvaldebattane eller ved å skriva innlegg til universitetsavisene Uniforum og Khrono.

SIGER: Rektorvalet var ein siger for universitetsdemokratiet skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. Her får vinnaren av rektorvalet ved UiO Ragnhild Hennum gratulasjonar frå dei tapande rektorkandidatane Giske Ursin t.v. og Hanne Flinstad Harbo. Bak Harbos viserektorkandidat Bjørn Stensaker. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Etter ein nesten tre månader lang valkamp og eit ti dagar langt val kunne Universitetet i Oslo endeleg kunngjera vinnaren av rektorvalet fredag 4.april klokka 16.15.  Vinnaren blei jussdekan Ragnhild Hennum med 53 prosent av stemmene. Ho fekk dermed eit godt mandat frå veljarane.  Ragnhild Hennum blir UiO-rektor frå 1. august.

Men faktisk så vann også dei to andre kandidatane Hanne Flinstad Harbo og Giske Ursin fordi dei var med på å gjera rektorvalkampen synleg og interessant, også utanfor dørene til Universitetet i Oslo. 

Dei største vinnarane av rektorvalet er likevel veljarane, både dei tilsette og studentane som viste engasjement og interesse ved å gå på ein eller fleire av dei 15 rektorvaldebattane eller ved å skriva innlegg til universitetsavisene Uniforum og Khrono. Og ved å bruka stemmeretten sin. 

For første gong  i eit rektorval talte stemmene frå dei vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette likt. Det er eit viktig framsteg for heile UiO. Valoppslutnaden var på 60,01 prosent blant dei tilsette og 16,39 prosent blant studentane.  Det viste at det er viktig for eit fleirtal av dei tilsette og ganske mange studentar kven som har toppvervet på Universitetet i Oslo.

Ikkje minst er det ein siger for universitetsdemokratiet.  Og resultatet blei altså at Ragnhild Hennum kan skifta ut dekankappa med rektorkappa og ta imot hyllesten frå dei UiO-tilsette og studentane når ho formelt tar til i rektorjobben den 1. august.

Kanskje fleire av dei norske universiteta som i dag har tilsett rektor, vil gå tilbake til valt rektor etter denne gode reklamen for universitetsdemokrati på topplan

Også ved andre av dei store utdanningsinstitusjonane i Noreg har det vore rektorval i år. I førre veke vann sitjande rektor Margareth Hagen over utfordraren Lise Øvreås på Universitetet i Bergen. Verre gjekk det derimot for sitjande rektor Siri Fjellheim ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås. Ho blei danka ut av dei to mannlege utfordrane Solve Sæbø og Vincent Eijsink i første runde. På fredag får me vita kven av dei to utfordrarane som til slutt blir valt til ny rektor ved NMBU.

Dette er døme på at universitetsdemokratiet fungerer i Noreg. Akkurat under desse rektorvala har akademisk fridom og sjølvstyret til universiteta i USA kome under sterkt press frå president Donald Trump og administrasjonen hans i Det kvite hus. Nettopp derfor er det fint at det akkurat samtidig blir vist fram korleis universitetdemokratiet kan fungera i Noreg. 

Derfor gratulerer me både nyvald rektor Ragnhild Hennum på UiO og gjenvalt rektor Margareth Hagen med fire spennande år i rektorstolen på UiB. Det som er sikkert, er at dei alle har vist korleis det er mogleg å gjera eit rektorval interessant for folk både på og utanfor universiteta. 

Kanskje fleire av dei norske universiteta som i dag har tilsett rektor, vil gå tilbake til valt rektor etter denne gode reklamen for universitetsdemokrati på topplan.

 

Emneord: Rektorval 2025, Rektorvalg 2025 Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 8. apr. 2025 04:30

Logg inn for å kommentere