Eit forskingssenter som lyser opp i mørket i Midtausten

– Å jobba saman om å byggja eit felles prosjekt er ein viktig del av det å skapa fred. Det seier Eliezer Rabinovici, initiativtakaren til forskingssenteret Sesame i  Jordan. Forskarar frå både Israel, Palestina og Iran jobbar saman for å skapa banebrytande forsking gjennom å studera lysstrålar.

BRU TIL FORSTÅING: – Eg ser heller ikkje forsking som eit verktøy diplomatane kan ta i bruk fordi dei har andre motiv for det. Sjølv ser eg på forskinga som ei bru til forståing, seier Eliezer Rabinovice, initiativtakar til forskingssenteret Sesame i Jordan.

Foto: Martin Toft

I ørkenen i Jordan står det eit forskingssenter som er eit bevis på at det er mogleg for forskarar frå heile Midtausten å jobba saman utan at tradisjonelt fiendskap mellom heimlanda deira set ein stoppar for det. 

I synkrotron-lys-laboratoriet Sesame (the Synchrotron-light for Experimental Science and Applications in the Middle East) samarbeider forskarar frå Israel, Palestina, Jordan, Iran, Egypt, Pakistan, Tyrkia, og Kypros. Det blei offisielt opna av kong Abdullah II av Jordan i 2017. Inspirasjonen er partikkelfysikksenteret CERN i Geneve som gjennom 70 år har samla forskarar frå aust og vest om felles forskingsprosjekt innanfor korleis verda oppstod, gjennom å forska på og gjenskapa verdas aller minste partiklar eller byggjesteinar.

– Starta i kafeteriaen til CERN

Eliezer Rabinovici er både initiativtakaren til Sesame og president for rådet til CERN, og har bakgrunn som professor ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.  Han besøkte nyleg Universitetet i Oslo i samband med CERN-jubileet, og rett før ein middag i Munch-museet, fekk Uniforum eit intervju med han.   

– Det heile starta i kafeteriaen til CERN i Geneve rett etter at Oslo-avtalen var underskriven i 1993. Då kom den italienske CERN-forskaren Sergio Fubini bort til meg, og så sa han at det no kanskje var på tide å praktisera dei naive politiske haldningane han meinte eg hadde. Eg meiner sjølv at eg er verken naiv eller tilhøyrer venstresida. Me sette oss likevel ned og jobba saman til me til slutt klarte å realisera prosjektet i Sinai.  Så på ein måte starta det heile med prinsippa som CERN byggjer på, fortel han. 

– Endå større utfordring i Midtausten

Men Eliezer Rabinovici ser likevel ein stor skilnad på grunnlegginga av CERN og opprettinga av Sesame i Jordan. 

– CERN blei oppretta i 1954 etter at Den andre verdskrigen var over, og det var heilt klart kven som hadde vunne og kven som hadde tapt.  Og grunnleggjarane av CERN må ha hatt ei stor og modig visjon fordi USA og Storbritannia var villige til å dela avansert teknologi med dei tidlegare fiendane sine, aksemaktene Tyskland og Italia, peikar han på.

Ifølge Rabinovice er dette ei endå større utfording i Midtausten, for der er dei framleis i krig.

– Det er nokre mot oss, og me trur at me vinn, medan dei trur at dei er i ferd med å vinna krigen. Derfor er det ei endå større utfordring for oss å jobba saman. Uansett, så har me lykkast med det fram til no, konstaterer han.   

Kjøpte og sette saman ei gammal tysk lysstrålemaskin

Då han og dei andre grunnleggjarane vurderte kva prosjekt dei kunne starta opp i Midtausten, la dei tidleg frå seg tanken om at dei kunne byggja opp eit liknande partikkelfysikklaboratorium som ved CERN. Det var ikkje mange nok forskarar i området som kunne rekrutterast til det forskingsfeltet. Derfor landa dei til slutt på at dei kunna samarbeida om å få etablert eit forskingssenter der forskarar ville studera ulike former for lysstrålar, eit synkrotron-lys-laboratorium.

FELLES FORSKINGSSENTER: Sesame  er eit felles senter for landa i Midtausten for forsking på lysstrålar.  Det ligg rundt ein time frå Jordans hovudstad Amman. (Foto: Sesame)

– Utgangspunktet for heile prosjektet var donasjonen av ei gammal tysk lysstrålemaskin som var i ferd med å bli skifta ut. Det var eigentleg ein dårleg idé, men me som stod bak klarte å bruka delar av denne maskina til å byggja opp vårt eige heilt moderne synkrotron-lys-laboratorium på forskingssenteret vårt. Me betalte for demonteringa av maskina og for transporten til Midtausten. Og han fortel at dette kanskje ikkje var den aller beste måten å begynna eit prosjekt på.

– Å lokka med ei maskin som er i ferd med å bli demontert og transportert til Midtausten, er ikkje den mest måten å trekkja til seg toppforskarar på, konstaterer han. Uansett var det heilt nødvendig for oss, understrekar han, å gjennomføra denne ideen for å kunna etablera eit grunnlag for prosjektet.

– Grunnen var at sidan me i utgangspunktet ikkje hadde noko forhold til kvarandre, måtte me byggja opp eit prosjekt saman. Det neste steget er å kjøpa inn ei heilt ny maskin, legg han til. I nærare 20 år jobba dei saman for å få realisert prosjektet, men i 2017, stod laboratoriet endeleg klart.

– Då hadde både Irans nasjonalforsamling, det israelske utanriksdepartementet, det palestinske sjølvstyret i Ramallah og andre regjeringar i Midtausten bestemt seg for å bli med i prosjektet og delta i finansieringa av det, opplyser han til Uniforum.

EU og Italia har vore hovudsbidragsytarane, men verken USA, Noreg, Sverige, Finland eller Danmark har gitt pengar til prosjektet. 

Håpar på Nobelpris til ein Sesame-forskar

No er både israelske, iranske, egyptiske og tyrkiske forskarar godt i gang med prosjekta sine, og dei får god assistanse av forskingsteknikarar frå Jordan. Eliezer Rabinovice håpar  forskinga dei held på med ein dag kan bli  banebrytande. 

OPNING: I 2017 opna kong Abdullah II av Jordan forskingssenteret Sesame saman med prinsesse Sumaya bint El Hassan. Saman med dei står representantar for alle samarbeidslanda og representantar for CERN, EU og Unesco. (Foto: Sesame) 

–  Akkurat no jobbar dei kvar for seg, og dei leverer mange vitskapsartiklar til internasjonale forskingstidskrift. Iranarar kjem til Jordan og israelarar kjem til eit arabisk land for å driva forsking. Men dei gjer det alle i eit forskingssenter som me har bygd opp saman, som er til fordel både for Midtausten og menneskeslekta. Det synest eg er fantastisk. Håpet mitt er at dei ein dag også vil arbeida saman i felles forskingsprosjekt, og at det ein dag kan enda opp med at ein forskar frå Sesame, kan dra til Stockholm for å ta imot Nobelprisen i fysikk, avslører han. 

I forskinga dei driv på med i denne lyskjelda, går ladde partiklar, altså elektronar  fort rundt og rundt og produserer lysstrålar, noko som til dømes er tilfellet i ei fyrlykt.

– Og ved hjelp av desse strålane kan du studera dei mange tusen år gamle papyrusrullane frå Hellas, Midtausten og andre stader, utan at dei går i oppløysing i hendene dine. Du kan også studera strukturane i protein, studera forureining og du kan studera kreft. Derfor er dette noko som me kan bruka over fleire år, og ein stor del av folket i regionen kan få nytte av denne  forskinga, fortel han.

– Forsking er ei bru til forståing

Eliezer Rabinovice har lagt merke til at Noreg er svært opptatt av vitskapsdiplomati. 

– Eg trur på på forskinga som ei bru til forståing. For mange folk har døydd for ein rettferdig og varig fred i krigar, fordi alle hadde sin eigen versjon av ein rettferdig og varig fred.  Eg ser heller ikkje forsking som eit verktøy diplomatane kan ta i bruk fordi dei kan ha heilt andre motiv for det, seier han til Uniforum.

Rabinovice fortel om ei erfaring han gjorde seg då han var leiar for eit senter for framifrå forsking ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.

– Då var eg vert for eit møte der kristne, jødar og muslimar skulle koma saman for å tolke dei fem første bøkene av Bibelen. Muslimane kom forresten ikkje. Dei fekk ti månader på seg. Etter åtte månader kom dei tilbake til meg og sa at dette hadde vore ein fantastisk suksess. Dei hadde blitt einige om felles tolking av fem avsnitt i Bibelen.  Herregud, tenkte eg, dei trong åtte månader på å bli einige om fem avsnitt i Bibelen, utbryt han.  

– Har alltid det same språket

Etter hans meining er ikkje dette så vanskeleg for forskarar innanfor naturvitskapen. 

– Når du let to forskarar frå det same forskingsområdet sitja overfor kvarandre, så har dei alltid det same språket. Dei treng ikkje gå gjennom alle desse andre barrierane. Dei treng heller ikkje ta omsyn til alle dei tilsløringane,  propagandaen eller unøyaktige tinga som media, aviser og fjernsyn presenterer, og her i Noreg spesielt om Israel, synest han. 

Og så peikar han på at eit slikt felles forskingsprosjekt dessutan kan tena eit anna viktig formål. 

– . Folk i regionen treng ein paraply for å arbeida med Israel, er han overtydd om.

Det er likevel ein ting det er mangel på, også for forskarar i Midtausten.

– Me treng meir pengar. Akkurat no er me på eit stramt «skolisse-budsjett». Om samfunnet kunne ha gitt oss endå meir pengar, ville me fått endå større suksess, for det er mange gode hjernar i regionen, understrekar han.

– Den største sigeren

Eliezer Rabinovici peikar også på ein annan milestolpe som Sesame-prosjektet har oppnådd.

– Vitskapsfolka og ingeniørane  hos Sesame har tatt regjeringane sine med til ein stad dit dei aldri hadde førestilt seg at dei ville dra til. Det fantastiske er at då regjeringane til slutt fann det ut, då blunka dei ikkje eit einaste sekund, men blei verande der. Det er den største sigeren av dei alle, konstaterer han. 

(Kjelder: Eliezer Rabinovici, Harvard Magazine, CERN, Sesame, Wikipedia)

• Les meir om Midtausten og CERN:

Israelsk forskar: – Hamas skapte ei kjensle av at dei var nær å få inn eit avgjerande slag mot Israel

Erik Fosse om Gaza: – Slik som det ser ut i dag, vil helsevesenet bryta heilt saman

Ni UiO-studenter i Israel - blir ikke hentet hjem nå

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

CERN-direktør ser inga motsetning mellom religiøs tru og vitskapen

Norske CERN-forskarar allierer seg på UiO

Forskere kan ha sett spor av ny og ukjent fysikk ved CERN

Nobelpris for Higgs-partikkelen

 Jaktar på gåtene til universet

Emneord: Midtausten, Forsking, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2024 12:00

Logg inn for å kommentere