CERN-direktør ser inga motsetning mellom religiøs tru og vitskapen

– Å forstå den mørke delen av universet er sjølvsagt ei stor utfordring for forskarar frå heile verda. Det seier italienske Fabiola Gianotti (62) som er den første kvinnelege generaldirektøren for forskingslaboratoriet CERN i Sveits. Ho forsvarar både ei religiøs tru og vitskapen.

Portrett av ei kvinne

VIKTIGE BIDRAG: – Både Universitetet i Oslo og Noreg har gitt viktige bidrar til CERN i dei nesten 70 åra senteret har eksistert, seier generaldirektør Fabiola Gianotti. Her står ho med Fysikkbygningen til UiO i bakgrunnen. 

Foto: Martin Toft

I 2012 oppdaga forskarar ved det internasjonale partikkelfysikklaboratoriet CERN i Sveits partikkelen Higgs boson. Det var partikkelen som gjorde standardmodellen komplett. Det skjedde ved hjelp av dei vitskaplege eksperimenta som blei gjennomførte i den svære akseleratoren Large Hadron Collider som ligg langt under jorda rett utanfor Geneve i Sveits.

Populært sagt kan ein forklara den vitskapelege aktiviteten på CERN med at forskarane prøver å oppdaga universets minste partiklar ved hjelp av verdas største forskingsinstrument.

• Les i Uniforum: – Partikkelknuseren innfridde håpet

– Det er vanskeleg å spå kva me kan finna

Før helga var CERNs generaldirektør Fabiola Gianotti på besøk ved UiO. Og æresdoktoren ved UiO frå 2014 tok også ein samtale med Uniforum. Me lurte på om me kunne venta oss liknande oppdagingar som Higgs boson gjennom eksperimenta dei driv på med ved forskingssenteret CERN.

– Det er vanskeleg å spå kva me kan finna. I forskinga kan me aldri føresjå kva naturen har plassert der ute. Det me veit, er at me driv eit av dei største vitskaplege instrumenta som nokon gong er bygt i verda, Large Hadron Collider, der forskarane utforskar høgare og høgare energi, og det opnar for spørsmål som me i dag ikkje har svar på. Eg håpar at me ved hjelp av Large Hadron Collider i alle fall kan få eit klart svar på nokre av dei, seier Fabiola Gianotti.

– Kva er den største vitskaplege utfordringa for CERN i dag?

– Når det gjeld å oppdaga nye ting, så er det mest altomfattande spørsmålet at me i dag berre har kartlagt kun fem prosent av universet, og 95 prosent er danna av materie og energi. Det veit me ikkje noko meir om, og derfor kallar me det for mørk materie og mørk energi. Å forstå den mørke delen av universet er sjølvsagt ei stor utfordring for forskarar frå heile verda.

– Byggjer bruer mellom forskarar

 – Under den kalde krigen blei det sagt at CERN var den einaste staden der forskarar frå aust og vest kunne arbeida saman. Korleis har samarbeidet med russiske forskarar gått etter at Russland invaderte Ukraina?

– Dei prosjekta me allereie hadde sett i gang, held fram som planlagt. Men me vil ikkje setja i gang nye. Men dei pågåande prosjekta vil altså vidareføra tradisjonen med at me byggjer bruer mellom forskarar også under geopolitiske konfliktar, understrekar ho.

CERN: 

- European Organization for Nuclear Research blei grunnlagt I 1954 I Geneve, Sveits

- har 22 medlemsland, og Noreg har vore med sidan starten

- CERN sørgjer for at det er partikkelakseleratorar og anna nødvendig infrastruktur for å kunna driva med  fysikkforsking som krev høg energi.

- samlar folk frå heile verda for å driva med banebrytande forsking som alle vil tena på

(Kjelde: UiO)

Fabiola Gianotti: (fødd 1960): 

- første kvinnelege generaldirektør for CERN i 2016: 

- er utdanna partikkelfysikar frå Universitetet i Milano.

- leia presentasjonen av oppdaginga av Higgs boson i 2012.

- utnemnt til æresdoktor ved UiO i 2014. 

(Kjelder: Wikipedia og UiO)

Då Fabiola Gianotti blei tilsett som generaldirektør for CERN i 2016, var ho den aller første kvinna i den posisjonen. Og ho har ikkje opplevd at det har vore noko problem i dette mannsdominerte fagmiljøet.

– Innanfor vårt fagområde fysikk, utgjer kvinner 20 prosent av forskarane. Så eg har vorte vand til å vera ein minoritet som kvinne på eit mannsdominert område. Me har gjort store framsteg i å auka talet på kvinner, men me har eit stykke igjen før me når full kjønnsbalanse. Personleg har eg aldri følt meg diskriminert. Men eg veit at nokre av mine kvinnelege kollegaer har vore mindre heldige. Eg er glad for at eg som toppdirektør for CERN kan sørgja for det blir sett større fart i arbeidet med å betre kjønnsbalansen, seier ho.

I 2019 fekk ho forlengja stillingsperioden sin fram til 2025.

– Eg tenkjer at vitskapen og religiøs tru er to heilt forskjellige ting

Fabiola Gianotti er både dansar og pianist. Ho er også ein truande katolikk og sit i vitskapsakademiet til Vatikanstaten. Ho opplever det ikkje som ei motsetning å vera både truande og ein som forskar på naturvitskapen.

– Eg tenkjer at vitskapen og religiøs tru er to heilt forskjellige ting. Dei er ikkje grunnlagt på dei same prinsippa og dei same ideane. Eg tenkjer at vitskapen aldri vil bli i stand til å finna ut om Gud eksisterer eller ikkje gjer det. Derfor er det heller inga motsetning.

Inviterer Ola Borten Moe på besøk

Under opphaldet i Noreg var Fabiola Gianotti også i eit møte med forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Og han gav eit positivt inntrykk på henne.

– Eg blei imponert over interessa han viste overfor vitskap og teknologi og kor viktig han meinte det var å utdanna den yngre generasjonen innanfor desse fagområda. Han var veldig interessert i å vita om det som me held på med på CERN, og eg håpar han snart kan koma på besøk til oss, seier ho.

Så avbryt ho seg sjølv for å gi honnør til landet ho gjestar.

– Både Universitetet i Oslo og Noreg har gitt viktige bidrar til CERN i dei nesten 70 åra senteret har eksistert. Det har skjedd gjennom både framifrå forskarar og yngre forskarar. Derfor er me svært glade for at me har Noreg som medlemsland i CERN, og me vil halda fram med å samarbeida med Noreg også i framtida.

Lagar ein konklusjon om stoda til partikkelfysikken

Under opphaldet på UiO deltok ho på eit møte med europeiske forskarar som jobbar for å rusta opp dei vitskaplege instrumenta ved CERN.

– Det er den europeiske komiteen for den framtidige akseleratoren. Og underkomiteane til komiteen besøkjer etter tur dei andre europeiske medlemslanda våre. Målet er å sjå korleis det går med partikkelfysikken i desse landa og koma med tilrådingar om korleis den kan betrast. I dag har eg høyrt mange interessante innlegg, og den siste dagen me er her, vil me koma med våre tilrådingar. Til slutt vil me senda konklusjonen vår til ministeren for  forsking  og høgare utdanning.

Fabiola Gianotti er godt nøgd med den økonomiske støtta CERN i dag får frå medlemslanda.

– Dei viser eit stort engasjement og ei stor forplikting overfor CERN, og trass i dagens økonomiske klima, held dei fram med å støtta CERN, også fordi dei ser kor viktig rolle det spelar både for teknologisk utvikling og påverknad på samfunnet, og ikkje minst for opplæring av yngre folk. Kort sagt alle fordelane CERN fører med seg, understrekar ho.

Fabiola Gianotti blei utnemt til æresdoktor ved UiO i 2014. Det set ho stor pris på.

 – Derfor føler eg meg som ein del av familien til Universitetet i Oslo, smiler ho nøgd.

 

• Les meir om CERN og partikkelfysikk: 

Norske CERN-forskarar allierer seg på UiO

Forskere kan ha sett spor av ny og ukjent fysikk ved CERN

Nobelpris for Higgs-partikkelen

 Jaktar på gåtene til universet

 

Emneord: Fysikk, Naturvitenskap, Interasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2023 16:56 - Sist endret 4. mai 2023 10:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere