I morgon tilset Universitetsstyret ny direktør for Kulturhistorisk museum

Blir Aud Tønnessen, Gro Ween, Unn Pedersen eller Ingrid Fuglestvedt ny direktør for Kulturhistorisk museum? Svaret får me i morgon når Universitetsstyret tilset arvtakaren etter dagens direktør Håkon Glørstad. 

Fleire personar sit rundt eit langbord

LIVSVITSKAPSBYGGET: Både Bærekrafthuset og planen for kven som skal flytta inn i Livsvitskapsbygget er saker Universitetsstyret får på sitt bord tysdag 5. desember.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Den endelege avgjerda skjer bak stengde dører når Universitetetsstyret samlar seg i Professorboligen tysdag 5. desember klokka 10.

Alle dei fire mest aktuelle kandidatane er tilsette ved UiO. Professor Aud Tønnessen var til og med 31. desember 2022 dekan ved Det teologiske fakultetet. Då hadde ho hatt vervet i åtte år. Ho er ekspert på norsk kyrkjehistorie, Gro Ween er professor i etnografi ved Kulturhistorisk museum og er ekspert på urfolk i Skandinavia, Australia og i Alaska i USA, og i Nunavut i Canada. medan Unn Pedersen frå Institutt for arkeologi, konservering og historie er førsteamanuensis og ekspert på mellom anna vikingtid og jernalder. Den fjerde av dei mest aktuelle er Ingrid Fuglestvedt som er professor på det same instituttet og er ekspert på mellom anna steinalderen og busetting.

Dagens museumsdirektør Håkon Glørstad kan ikkje søkja, sidan han har 10 år bak seg i stillinga og er godt inne i det andre åremålet sitt.  

• Les også: Nå vil hun bli direktør for Kulturhistorisk museum

Før Universitetsstyret opnar dørene, skal det også gå gjennom eit forslag til  æresdoktorar for 2024. 

Skal diskutera rapport om Bærekrafthuset

Ei av dei viktigaste sakene som kjem på bordet er rapporten frå arbeidsgruppa for Bærekrafthuset. Den føreslår mellom at Senter for utvikling og miljø og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking skal flytta inn i det framtidige Bærekrafthuset på Nedre Blindern når farmasøytane har flytta inn i Livsvitskapsbygget og ut av Farmasibygningen.

Arbeidsgruppa føreslår at UiO skal bruka eigne midlar for å byggja om Farmasibygningen til Bærekrafthuset. I tillegg føreslår arbeidsgruppa at mellombelse forskingssatsingar som UiO:Livsvitskap,  UiO: Demokrati og UiO: Energi og miljø også skal få plass i Bærekrafthuset. Planen er at det skal kunna realiserast i 2026-2027 når Farmasibygningen er fråflytta.  I morgondagens møte blir dette ei diskusjonssak. 

• Les også: Bærekrafthuset: Fem UiO-enheter foreslås slått sammen

 

Kutt i studiepengar må fordelast på fakulteta

I sakspapira til møtet i Universitetsstyret er det også sett opp ei vedtakssak om intern handtering av kutt i ramma som følge av innføring av studieavgift for studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits frå studieåret 2023/24. Til saman utgjer det for UiO eit kutt på 40,4 millionar kroner. Det skal fordelast på dei einingane der aktivtetane og studentane er, og der potensialet for inntekter også er, heiter det. 

Forslaget går også ut på at rektor får fullmakt til å innarbeida moglege reduksjonar i UiOs opptaksrammer for studieåret 2024/25 som ein konsekvens av kuttet, etter at fakulteta har levert inn sine innspel, går det det fram av sakslista. Om det blir endringar i dette reknestykket etter at regjeringspartia og SV blei einige om å gi meir pengar til universiteta for å finansiera studentar frå det globale sør, er enno ikkje klart.  

• Les også: Budsjettforliket får studentene itil å hoppe i taket mens UHR ikke er overbegeistret

Desse einingane skal inn i Livsvitskapsbygget

Universitetsstyret får også på bordet ei informasjonssak om planane for Livsvitskapsbygget og kva einingar som skal flytta inn der.  Det er allereie klart at Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus skal inn i bygget når det er ferdig.  

Frå UiO skal desse einingane inn: 

• MN – Farmasøytisk institutt (FAI), Kjemisk institutt (KI), heile/store delar av Institutt for biovitskap (IBV)

• OD – Institutt for oralbiologi (IOB)

• MED – heile/delar av Senter for biostatistikk og epidemiologi ved medisinske basalfag (OCBEIMB), elektronmikroskopilaboratoriet ved medisinske basalfag (EM-lab-IMB), medarbeidarar knytte til Klinikk for laboratoriemedisin som flyttar til OUS sin del av Livsvitskapsbygget (KLM – KlinMed)

• Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM), om og i den form senteret i så fall vil vidareførast  og videreutviklast.

• Veksthuset for verdiskaping

• Deler av Bibliotek for medisin og realfag (UB)

I sakspapira går det også fram at planen er å investera 298 millionar kroner i to omgangar på forskingsinfrastruktur i bygget. 

Totalramma (150 mill NOK) får fylgjande fordeling:

• MN – 35 mill NOK verksemdskritisk

• MED – 15 mill NOK verksemdskritisk

• Strategiske investeringar knytte til kjernefasilitetar og UiOs vegkart – 100 mill NOK 

Totalramma (148 mill NOK) får fylgjande fordeling:

• OD – 5 mill NOK verksemdskritisk

• MN – 40 mill NOK verksemdskritisk

• MED – 10 mill NOK  verksemdskritisk

• Strategiske investeringar knytte til strategisk styrking, kjernefasilitetar og UiOs vegkart – 85 mill NOK

• Prioritering av utstyr for funksjonelt bygg – 8 mill NOK som ramme for investering i ultrafrysarar og hydrogen-generatorar grunna endring i gass-distribusjon og bruk av flytande nitrogen i Livsvitskapsbygget.

• Les også: Dei la ned grunnsteinen for Livsvitskapsbygget

Eigedomsavdelinga vil også orientera Universitetsstyret om status for bygg- og eigedomssaker ved UiO.  Både Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet står på lista over aktuelle bygg som styret blir orientert om. 

Også Kunnskapsbyen i Oslo/Oslo Science City får Universitetsstyret vita siste nytt om. Då skal styremedlemane få ei orientering om utbyggingsprosjekta i området.  

UiO ber om ekstern juridisk vurdering i insektstriden 

Tidlegare i haust blei det klart at Naturhistorisk museum ved UiO, må gi tilbake 100 000 insekt til forskingsinstituttet Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Ås. I morgon vil UiO-leiinga oppdatera styret om denne saka,  og fortelja meir om korleis tilbakeleveringa skal gå føre seg i praksis. 

Av saksdokumenta går det fram at UiO og NIBIO ikkje er einige om ein endeleg avtale om korleis tilbakeføringa skal skje.  

Der går det fram at Naturhistorisk museum fylgjer faste retningslinjer for avhending og kassering. Desse er i samsvar med Statens Instruks for utrangering, kassasjon og avhending av materiell og fast eigedom som tilhøyrer staten og International Council of Museums (ICOM) etiske retningslinjer, står det i notatet frå universitetsdirektøren.  Det viser seg også at NIBIO ikkje er einig i planen til UiO og ber derfor om at eit oversyn over aktuelt materiale vert oversend frå NHM så fort som mogleg. 

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) meiner tilbakeføringa av materialet er flytting av staten sin eigedom frå ein stad til ein annan stad innanfor staten og derfor skal ikkje Instruks for utrangering, kassasjon og avhending av materiell og fast eigedom som tilhøyrer staten nyttast i dette høvet.  

No skal UiO arbeida for å finna ei løysing og vil be om ei ekstern juridisk vurdering av NIBIOs forståing av regelverket for desaksesjon, som er eit vedtak om at eit objekt blir tatt ut av ei permanent samling. 

• Les også: KD er urokkeleg - UiO må senda insektsamling tilbake til Ås

Trugsmål og vald mot tilsette blir truleg tema for Internrevisjonen neste år

Universitetsstyret skal også vedta Internrevisjonens årsplan for 2024. I forslaget går det fram at Internrevisjonen skal revidera fylgjande området på UiO neste år: 

 • Trusler og vold mot ansatte

• Medisinsk og helsefaglig forskning

• Studenthelse

• Vedtak og klagebehandling fuskesaker

• Internkontroll og sikkerhet i samlingsforvaltningen NHM

• UH / UiO saksbehandlings- og arkivprosjekt

• Les også:  Internrevisjonen med bekymringer om eierstyring, prosjektstyring og DFØ

Samtidig blir styret informert om av Internrevisjonen  at det rår til at det blir gjennomført ei ekstern evaluering av dei i desember 2023 og januar 2024. 

Internrevisjonen føreslår at evalueringa  blir gjennomført av Internrevisjonsforeningen ILA Norge. 

Møtet i Universitetsstyret begynner 5. desember klokka 10.00 og skal etter planen vera ferdig klokka 15.00. 

Dette er heile sakslista:

Møte nr. 7/2023 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet

Tid og sted:  – , Professorboligen, Karl Johans gate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-sak 44-2023 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-sak 45-2023 Direktør ved Kulturhistorisk museum

Saksnr. 2023/13642

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 25


V-sak 46-2023 Forslag til æresdoktorer 2024

Saksnr. 2023/8853

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26, 2. ledd


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonssaker


I-sak 30-2023 Presentasjon av Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Ved dekan Rita Hvistendahl


Diskusjonssaker


D-sak 7-2023  Rapport fra arbeidsgruppen for Bærekrafthuset

Saksnr. 


Ordinære saker


V-sak 47-2023 Investeringsplan 2024-2028

Saksnr.  2022/9223

Forslag til vedtak:

Styret vedtar oversikt over investeringer oppsummert i tabell 1, som investeringsplan for perioden 2024 – 2028. Denne investeringsplanen inngår i grunnlaget for avsetning i regnskapet for 2023 (note 15 til regnskapet).

Saksdokumenter:


V-sak 48-2023 Fordeling 2023 - Kompensasjon for valutasvingninger mediekjøp

Saksnr. 2023/10571

Forslag til vedtak: 

Universitetsstyret vedtar
a. en kompensasjon for valutasvingninger mediekjøp på 15,7 mill. kroner i 2023
b. kompensasjonen dekkes av universitetsstyrets reserve i 2023

Saksdokumenter:


V-sak 49-2023 Endelig fordeling 2024 - Intern håndtering av kutt i rammen som følge av innføring av studieavgift

Saksnr. 2023/10571

Forslag til vedtak:

1. Kutt som følge av innføring av studieavgift på 40,4 mill. kroner i 2024 fordeles i henhold til saksfremlegget. Kuttet trappes opp for 2025 i henhold til samme modell, med nødvendig prisjustering.
2. Rektor får fullmakt til å innarbeide eventuelle reduksjoner i UiOs opptaksrammer for studieåret 2024/25 som følge av kuttet, etter innspill fra fakultetene.

Saksdokumenter:


V-sak 50-2023 Oppnevning av leder av Skikkethetsnemnda

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Instituttleder Bjørn Lau oppnevnes av Universitetsstyret som leder av Skikkethetsnemnda for perioden
05.12.2023– 30.06.2025.

Saksdokumenter:


V-sak 51-2023 Internrevisjonens årsplan 2024

Saksnr. 2010/5245

Forslag til vedtak:

Forslag til vedtak:
Universitetsstyret godkjenner forslag til årsplan for Enhet for internrevisjon  for 2024.

Saksdokumenter:


Informassjonssaker


I-sak 31-2023 Ekstern evaluering av internrevisjonen - kvalitetskontroll

Saksnr. 2014/3497

Saksdokumenter:


I-sak 32-2023 Faglig utvikling av Livsvitenskapsbygget

Saksnr.

Saksdokumenter:


I-sak 33-2023 Status bygg- og eiendomssaker

Saksnr.

Saksdokumenter:


I-sak 34-2023 Oslo Science City - Kunnskapsbyen i Oslo

Kort orientering om utbyggingsprosjektene i området.

Saken presenteres i møtet


I-sak 35-2023 Universitetet i Oslo og forskningsinstituttet NIBIO og eierskap til insektsamling

Saksnr.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-sak 15-2023 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr.: 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-sak 16-2023 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak 52-2023 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

Emneord: Kulturhistorisk museum, Arbeidsforhold, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2023 14:12 - Sist endra 4. des. 2023 14:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere