Det er i eit brev som er datert 10. oktober avdelingsdirektør Charlotte Rustad og fagdirektør Erling H. Dietrichson i Kunnskapsdepartementet står fast på at avgjerda om tilbakeføring allereie er tatt av Landbruks- og matdepartementet. Og den kan ikkje KD gjera om, går det fram av brevet som Uniforum har fått ein kopi av.
«Dette er ikke en beslutning det tilligger KD å revurdere, slik UiO ber om i sitt brev», heiter det. KD ber også universitetet om å leggja til rette for oppfylging av avgjerda i dialog med Norsk institutt for bioøkonomi.
– Det blir heldigvis ikkje ei rekning UiO skal betala
UiO-rektor Svein Stølen fekk vita om avgjerda for eit par dagar sidan, og han synest at når det han kallar eit merkeleg vedtak er gjort, er det viktig at samlinga blir ført tilbake på ein sikker måte.
– Dette må me ta til vitande. Me må ta det vidare og starta eit prosjekt som fører til at me kan gjera det på ein trygg måte. Universitetet i Oslo har brukt 20 millionar kroner på insektsamlinga. No vil det kosta nye 10 millionar kroner å tilbakeføra NIBIOs 100 000 insekt. Det blir heldigvis ikkje ei rekning UiO skal betala, konstaterer han.
Det var i førre månad det blei først kjent gjennom Khrono at UiO må levera 100 000 insekt tilbake til Norsk institutt for bioøkonomi på Ås. Avgjerda blei tatt av Landbruks- og matdepartementet 27. juni i år.
I september gjekk rektor Svein Stølen ut først i Khrono og seinare i Uniforum og kravde at Kunnskapsdepartementet måtte revurdera denne avgjerda. Han peika på at dei 100 000 insekta som opphavleg tilhøyrde samlinga til to institutt på Ås som seinare blei til Norsk institutt for bioøkonomi, no var systematisert og blanda saman med insekt frå den 1,45 millionar store samlinga til Naturhistorisk museum på Tøyen. Der viste han og universitetsdirektør Arne Benjaminsen til i eit brev som dei skreiv til Kunnskapsdepartementet den 10. september.
• Les meir: UiO vil ta opp insektstriden med Kunnskapsdepartementet
Ni personar jobba med prosjektet
I eit intervju med Uniforum viste Svein Stølen då til at Naturhistorisk museum ved UiO har brukt mellom 15 og 20 millionar kroner på arbeidet med samlingane frå Ås og at det på det meste var ni personar som jobba med prosjektet, og åtte av dei var finansierte av museet.
Han meinte dessutan at dialog var den einaste vegen framover og ville gjerne ha eit møte med dei ansvarlege departementa.
NIBIO må dekkja kostnadane
Den bønna ser det ikkje ut som om Kunnskapsdepartementet har tenkt å ta til seg. For no gjer departementet det heilt klart at det altså ikkje har makt til å revurdera vedtaket til Landbruks- og matdepartementet.
Insektstriden:
– I 2004 avtalte Norsk institutt for bioøkonomi på Ås (Nibio) og Universitetet i Oslo at Naturhistorisk museum kunne overta insektsamlinga til Plantforsk og Skogsforsk. Det var dei som etter samanslåinga blei til forskingsinstituttet Nibio.
– Partane inngjekk oppdaterte avtalar i både 2008 og 2013.
– Avtalen førte til at 100 000 insekt blei flytta til Tøyen. I over ti år har Nibio forsøkt å henta heim heile eller delar av samlinga til Ås. Men Naturhistorisk museum, som er ein del av Universitetet i Oslo (UiO), seier nei.
– Landbruks- og matdepartementet og Kunnskapsdepartementet har nyleg gitt NIBIO medhald i at dei 100 000 insekta som dei gav ifrå seg, no skal leverast tilbake til instituttet.
– UiO-leiinga set seg imot det, og meiner det vil gå utover forvaltninga av desse 100 000 insekta.
– UiO-rektor Svein Stølen vil ta saka opp med Kunnskapsdepartementet.
– Direktør Nils Vagstad i NIBIO meiner det er viktig å få samlinga tilbake for at instituttet kan støtta opp om oppdraget som nasjonalt referanselaboratorium for planteskadegjerarar.
Aktuelt: KD står past på at det ikkje kan omgjera den opphavlege avgjerda til Landbruks- og matdepartementet.
(Kjelder: Svein Stølen, Nils Vagstad, brev frå UiO til KD og frå KD til UiO)
KD understrekar at NIBIO skal dekkja dei kostnadane som universitetet får i samband med flyttinga. Det går fram at KD ikkje har noko imot at UiO går i dialog med NIBIO om korleis dei omsyna UiO viser til i brevet frå 10. september, best kan takast vare på. KD kritiserer også dei to partane for at dei ikkje har fått ordna opp i dette tidlegare.
«Ut fra sakens lange historikk,er det nærliggende å anta at vitenskapelige og samlingsfaglige hensyn - som UiO prisverdig er opptatt av og vektlegger i sin henvendelse - kunne vært enda bedre ivaretatt gjennom en aktiv dialog med NIBIO på et tidligere tidspunkt», er beskjeden KD kjem me til UiO.
– 30 millionar rett ut av vindauget
Rektor Svein Stølen peikar på at samlinga ikkje berre inneheld insekt, men også store databaser. Han ser det som problematisk at regjeringa sitt vedtak bryt dei tre juridisk bindande avtalane som blei inngåtte om overtakinga i 2004, 2008 og 2013.
Stølen synest dette er heilt feil bruk av skattepengane.
– Me brukte 20 millionar kroner for me meinte det var vårt samfunnsoppdrag. No må det brukast 5 til 10 millionar kroner til tilbakeføringa. Til saman vil det bli brukt 30 millionar kroner på å ta imot insekta, for så å tilbakeføra dei. Og det er dårleg bruk av samfunnets midlar, understrekar han. – 30 millionar kroner rett ut av vindauget til ingen nytte, legg han til.
Universitetsrektoren varslar at UiO skal gå i samtalar med NIBIO:
– Ja, det har me prøvd heilt sidan 2017 utan å få det til. No skal me sjølvsagt prøva igjen å få etablert ein reell og konstruktiv dialog med NIBIO, lovar rektor Svein Stølen.
– Me har vore klare i lang tid
For administrerande direktør Nils Vagstad i Norsk institutt for bioøkonomi var ikkje avgjerda til Kunnskapsdepartementet overraskande.
– Den var som forventa.
– Når trur du at flyttinga kan ta til?
– Me har vore klare i lang tid. Vi kan starta umiddelbart og forventar at så skjer, seier Vagstad til Uniforum.
Han ser det som fullt mogleg å få ein dialog med UiO om flyttinga og om korleis insekta frå samlinga til NIBIO kan bli skilde ut frå samlinga til Naturhistorisk museum.
– Det tek me for gitt.
– Kva synest du om UiOs framferd i denne saka?
– Svært overraska, er vel det korte svaret, avsluttar Nils Vagstad.
Logg inn for å kommentere