Det var fredag 5. mai Universitetsstyret var samla for mellom anna å diskutera ny språkpolitikk for Universitetet i Oslo. Den blei presentert som ei informasjonssak og rektor Svein Stølen opna denne delen av møtet med ein kort gjennomgang av universitet i inn- og utland som hadde innført ein språkpolitikk som UiO kunne henta lærdom frå.
– Eg har sjølv vore på kurs i akademisk engelsk
Nasjonalt viste han til Universitetet i Bergen og NTNU, og internasjonalt til Københavns Universitetet og Universitetet i Amsterdam.
– Me vil først og fremst leggja til rette for ein diskusjon og høyra på dykkar synspunkt, sa Svein Stølen. Han meinte også at det var viktig å stilla krav til dei faste tilsette sin språkkompetanse, også engelskkompetanse.
– Eg har sjølv vore på kurs i akademisk engelsk. Det som likevel har vekt mest merksemd er kravet til faste utanlandske vitskaplege tilsette om å læra seg norsk, la han til.
I bakgrunnsnotatet til UiO-styret vert det vist til at UiO har eit parallellspråkleg arbeids- og studiemiljø. I tillegg har UiO ansvar for fornying og formidling av kunnskap om det norske samfunnet og om norsk språk, historie og natur, står det.
Vil ha ferdig ein ny språkpolitikk før 2023 er over
Dei eksisterande språkpolitiske retningslinjene til UiO blei vedtatt av rektor i 2010, under Ole Petter Ottersens rektorperiode.
• Les i Uniforum: UiO har fått ein språkpolitikk
Sidan den gongen er det vedtatt ei ny språklov, frå 1. januar 2022, og dessutan er det også på gang ei ny forvaltningslov. Kultur- og likestillingsdepartementet skal saman med Kunnskapsdepartementet, leggja fram ein handlingsplan for fagspråk i norsk akademia i 2023. UiO tar derfor mål av seg til å ha ferdig ein revidert språkpolitikk før året 2023 er over.
Når det gjeld den framtidige språkpolitikken til UiO, er det tre problemstillingar som universitetsleiinga vil løfta fram. Det er språk og inkludering, UiO som eit internasjonalt orientert universitet og norsk fagspråk og terminologi. Då dagens språkpolitiske retningslinjer blei vedtatt av rektor Ole Petter Ottersen i 2010, var det etter innstllinga frå eit fagspråkutval leia av professor i statsvitskap Helge Hveem. Rapporten deira hadde tittelen .”Snart to hundre. Universitetet i Oslo og språket i internasjonaliseringens tidsalder"
Foreslo ei arbeidsgruppe
Etter innleinga til rektor Svein Stølen, tok representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette Anniken Hotvedt Sundby først ordet. Ho meinte at UiO kunne læra ein ting både av Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim og Universitetet i Agder.
– Der har dei sett ned ei eige arbeidsgruppe som skal utarbeida språkstrategi, peika ho på. Derfor ville ho gjerne vita korleis dei skulle jobba fram språklege retningslinjer ved UiO, kven som skal vera med på å vedta det og kor ope arbeidet skal vera.
– Det kjenner eg er viktig, sa ho.
Hotvedt Sundby trekte også fram at UiO hadde ansvar for å sørgja for å ha ein individuell oppfylgingsplan om språk.
• Les også: Debatterte språkpolitikken ved UiO: – Jeg vil ikke at de skal lære norsk på to år. Jeg vil at de skal forske
Ville ha balanse mellom krav og forventingar
Ingrid Lossius Falkum, representant for dei faste vitskaplege tilsette, tykte det var mange gode hovudprinsipp som blei lagt fram i informasjonssaka om ny språkpolitikk.
– Det må også vera ein balanse mellom krav og forventingar mellom UiO og dei tilsette, understreka ho.
Og for henne var det viktig å ha til dømes samandrag av styrepapir på engelsk. Når det gjeld språkopplæring av utanlandske forskarar, så tykte ho det ofte kunne ta av forskingstida til dei forskarane det gjeld for.
– Eg støttar forslaget om å oppretta ei arbeidsgruppe, gjorde ho klart.
Tidlegare har UiO-rektor Svein Stølen gått inn for at retningslinjer for ein ny språkpolitikk skal greiast ut av administrasjonen ved UiO.
• Les meir: Mener språkdebatten ved UiO bygger på feiloppfatninger
Ekstern representant Maria Strömme frå Uppsala universitet meinte det var svært viktig at UiO hadde eit breitt tilbod om engelskspråklege studietilbod både på bachelor- og masternivå. Men ho tykte UiO burde vera høgare oppe enn på sjetteplass blant norske universitet når det galdt å ha slike tilbod. Men når det handla om generell undervisning, var ho ganske klar:
– I Sverige er det eit skilje mellom dei som underviser og dei som er tilsette som forskarar. Dei som underviser må kunne gjera det på svensk etter relativt kort tid, medan det same kravet ikkje gjeld for dei som berre forskar, fortalde ho.
– Norsk må vera hovudspråket, ikkje dansk eller svensk
Finn-Eirik Johansen, representant for dei faste vitskaplege, var ingen tilhengjar av at andre skandinaviske språk skulle ha same status som undervisningsspråk som norsk.
– Norsk må vera hovudspråket, ikkje dansk eller svensk. Studentane våre forstår ikkje eit kvekk av dei språka, var han overtydd om. På dette området hadde han derimot store forventingar til utviklinga av ny teknologi.
– Kunstig intelligens vil gjera det lettare å få omsett frå norsk til engelsk, trudde han.
Representant for dei teknisk-administrative tilsette, Marianne Midthus Østby minna om at ambisjonsnivået ville vera avhengig av andre ting.
– Spørsmålet er om me har ressursar nok til å gjennomføra dette, sa ho.
– Det fekk fram kjensler hos meg
Ekstern representant Kristin Clemet vedgjekk at ho blei litt kjenslevar etter innlegget frå Finn-Eirik Johansen.
– Det fekk fram kjensler hos meg då Finn-Eirik snakka om studentar som ikkje forstår svensk eller dansk, sa ho via ei videooverføring. – For kva vil dette ha å seia for prosjekt som handlar om nordisk samarbeid? Det skal eg heller koma tilbake til, lova ho.
Studentrepresentant Robert Granlund tykte det var viktig at studentane sine stemmer også måtte bli høyrde.
– Om me skal ha ei større omlegging av språkpolitikken, må studentane vera involverte, insisterte han på.
– Det er ein god idé
Ekstern representant Qaisar Farooq Akram, tykte det var lett å slutta seg til hovudprinsippa for det som er føreslått for ein ny språkpolitikk for UiO.
– Det er ein god idé å opprette ei arbeidsgruppe, meinte han.
UiO-rektor Svein Stølen noterte seg ønska og forslaga frå representantane når det gjeld utforminga av ein ny språkpolitikk for UiO.
– Me skal koma tilbake til dette, lova han.
• Les meir om språkdebatten i Uniforum:
DEBATT: Språkdirektør Åse Wetås svarar UiO-rektor Svein Stølen om språkpolitiske retningslinjer
Mener språkdebatten ved UiO bygger på feiloppfatninger
Kommentar til innlegg om "feilslåtte og ekskluderende språkkrav
Språkkrav forplikter også universitetet
Logg inn for å kommentere