Ola Borten Moe gravlegg teljekanten for publisering

Regjeringa følgjer forslaget frå Hatlenutvalget og tek bort indikatoren som premierer publisering, det som vert kalla teljekant i forskinga. Det kom fram då forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i dag la fram ei stortingsmelding om utsyn og kompetansebehov i Noreg. 

Portrett av ein mann på ein talarstol

MINDRE BYRÅKRATI: – Det blir mindre teljekantar, mindre rapportering og mindre byråkrati, lovar forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe etter å ha presentert stortingsmeldinga Utsyn over kompetansebehovet i Noreg. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Regjeringa vil ta bort fleire av teljekantane i finansieringa av universitet og høgskular. Teljekantar er det folkelege namnet på den resultatbaserte finansieringa av forsking og utdanning. Dei institusjonane som kan visa til gode forskingsresultat, har til no fått overført ein del ekstra pengar frå Kunnskapsdepartementet på grunnlag av det.

No står denne ordninga og fleire andre teljekantar for fall. Det gjorde forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe klart, då han la fram stortingsmeldinga (Meld. St. 14 (2022-2023)  Utsyn over kompetansebehovet i Noreg på ein pressekonferanse i lokala til OsloMet i Pilestredet i dag. 

– Det frigjer ressursar

Regjeringa vil:

  • fjerna resultatbasert utteljing på indikatorane for utvekslingsstudentar, publiseringspoeng og eksterne inntekter.
  • redusera talet på finansieringskategoriar for den resultatbaserte utteljinga for studiepoeng frå seks til tre.
  • erstatta indikatoren for uteksaminerte kandidatar med ein indikator for fullføring av studieprogram.
  • føra vidare indikatorane for gjennomførte studiepoeng og avlagde doktorgradar og oppjustera satsen for studiepoengutteljing. (Kjelde: Kunnskapsdepartementet

– Me forenklar med nytt finansieringssystem måten me styrer og premierer sektoren på. Det blir mindre teljekantar, mindre rapportering og mindre byråkrati. Det frigjer igjen ressursar til det som er kjerneoppgåvene, nemleg undervisning og forsking. Dette er eigenteleg operasjonalisering av den første del av tillitsreforma for universitets- og høgskulesektoren, seier Ola Borten Moe til Uniforum. 

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet går det fram at framover vil regjeringa prioritera kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å gjennomføra grøn omstilling og for å kunna ha gode velferdstenester i heile landet. Og når det gjeld universiteta og høgskulane inneber dette at dei skal prioritera å auka talet på studieplassar innanfor IT, helse og utdanning som er nødvendig for det grøne skiftet. Universitet og høgskular må sjølve sørgja for å omdisponera ressursar slik at kapasiteten vert auka på område som er etterspurte, går det fram av pressemeldinga. 

Sjølv trur Ola Borten Moe at denne reforma kan få positive fylgjer for sektoren.

– Dei vil no stå friare på det dei meiner er viktigast og mest nyttig, legg han til. 

– Ei forenkling

Eitt av forslaga går ut på leggja alle fag i høgare utdanning i tre kategoriar i staden for i seks. I den dyraste, kategori 3 ligg lege-, tannlege- og veterinærutdanning. Så fylgjer kategori 2 med realfag, teknologi, helse- og sosialfag, lærarutdanning og utøvande kunst- og mediefag. I kategori 1 ligg humaniora, samfunnsfag og økonomisk-adminstrative fag. 

Statsråden er godt nøgd med forslaget om å redusera talet på fagkategoriar til tre. 

– Eigentleg er det berre to, for i den høgaste kategorien ligg berre dei dyraste faga som medisin, tannlegestudiet og veterinærstudiet. Også det er ei forenkling, og det er ei understreking av at dette ikkje er eit autorativt styringssignal frå regjeringa til Stortinget, slik som det i litt for stor grad er blitt oppfatta som til no. Me treng ikkje lenger bruka energi på om eit fag skal liggja i den eine eller den andre kategorien. Det blir lettare å forholda seg til for sektoren, trur han. 

REKTORHELSING: OsloMet-rektor Christen Krogh helsar statsråd Ola Borten Moe velkommen til institusjonen for å leggja fram stortingsmeldinga utsyn over kompetansebehovet i Noreg. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

Etter kvart skal denne meldinga leggjast fram for Stortinget. Og Ola Borten Moe trur han vil få fleirtal for dei viktigaste tiltaka. 

– Ja, det reknar eg med for eg meiner at dette er eit godt og gjennomarbeidd forslag som no blir lagt fram. Så får me sjå korleis det går under handsaminga i Stortinget utover våren. Den endelege fastsetjinga av vedtaket blir gjort i samband med statsbudsjettet til hausten, seier han til Uniforum. 

Skal gjera det lettare å få studielån til korte utdanningar

For fagskulane vil regjeringa ved framtidige tildelingar av studieplassar prioritera tekniske fag, helse- og omsorgsfag og fag som er kritiske for grøn omstilling. I tillegg vil regjeringa vurdera behovet for å ytterlegare  leggja på samfunnet sitt behov for kompetanse i dimensjoneringa av vidaregåande opplæring, heiter det i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. 

Regjeringa vil gjera endringar i Lånekassens ordningar som skal gjera det lettare å få studielån til korte utdanningar, og halda fram  satsinga på eit fleksibelt og desentralisert utdanningstilbod og på studiesenter. I pressemeldinga vert det  også peika på at det er  avgjerande at fleire fyller på med kompetanse gjennom livet. Mykje kan gjerast gjennom utdanningssystemet, men arbeidslivet vil halda fram med å vera den viktigste arenaen for livslang læring, vert det understreka. 

– Er urolege for fjerninga av EU-indikatoren

Leiaren for Universitets- og høgskulerådet Sunniva Whittaker var spent på det som ville koma fram på pressekonferansen i dag, men ho blei ikkje overraska. 

– Det var ikkje så frykteleg mange overraskingar då. Det var om lag det me venta. Og me har i innspela våre sagt frå om at me ynskjer ei forenkling av finansieringssystemet, fortel Whittaker til Uniforum.

Det er likevel eit punkt ho stiller seg litt spørjande til. 

– Det me er litt urolege for er fjerninga av EU-indikatoren fordi den har gått til å dekkja utgifter som desse prosjekta fører til. Så me får sjå kva utfall det får, seier ho. 

Når det gjeld fleksible og desentraliserte utdanningar som skal inn i UH-ramma, ser ho ikkje heilt klart korleis det skal gå føre seg.

– Det står igjen nokre utfordringar gitt at det er nokre ekstra kostnader med å gi utdanningar desentralt, peikar ho på. 

– Effektivitet ser ut til å trumfa kvalitet

Den mest kritiske til innhaldet i stortingsmeldinga er Maika Maria Godal Dam, leiaren for Norsk studentorganisasjon. 

– Min umiddelbare reaksjon er at effektivitet ser ut til å trumfa kvalitet, og det er noko me er urolege for, seier ho til Uniforum.

Godal Dam viser først og fremst til ein av kategoriane for studiefinanisering. 

– Det går ut på å byta ut ein av indikatorane som skal gi utteljing i finansiering til å vera frå uteksaminerte kandidatar til fullførte studieprogram. Det vil vera eit insentiv til å belønna korte og effektive utdanningar. Det kan få konsekvensar for gradsutdanningane våre, fryktar ho.

Godal Dam meiner at det er eit effektiviseringstiltak for å få studentar raskt gjennom ei utdanning framfor å sikra at ein har ei utdanning og kompetanse av høg kvalitet.

– Så dette er me urolege for, seier ho.

NSO-leiaren er også skuffa over at også dei som skal ta etter- og vidareutdanning må betala delar av studiet frå eiga lomme. 

– Det kan vera eit hinder for at nokon vil fylla på kompetansen sin, trur ho. 

No lovar ho å kjempa vidare for Norsk studentorganisasjons syn når meldinga blir handsama i Stortinget.

 – Me kjem i alle fall til å jobba for ein endring av dei tinga me er kritiske til i det forslaget som blei lagt fram i dag, seier Maika Marie Godal Dam.

• Les meir om finansiering i Uniforum:

Borten Moe åpner for "radikale" endringer etter ny finansieringsrapport

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Studieforhold Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2023 15:45 - Sist endra 24. mars 2023 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere