Ei av dei sakene som engasjerte mest i Universitetstyret denne veka, var diskusjonen rundt moglege endringar i regelverket for vitskapleg rekruttering og forskarvurdering. Blant saksdokumenta var det eit forslag til reglar for tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Dei strekkjer seg frå utlysing til innkalling til intervju, frå behandling i sakkyndig komité til rangering av kandidatar og til kva organ som har ansvaret for endeleg tilsetjing.
Eit rammeverk for utlysing av vitskaplege stillingar
Utgangspunktet for debatten var to rapportar frå to arbeidsgrupper. Den eine har sett på vitskapleg rekruttering medan den andre har sett på forskarvurdering. Den siste gruppa kjem mellom anna med fylgjande forslag:
Kompetansevurderingsmatrisen UiO-KVM vert nytta som rammeverk for utlysing av alle vitskaplege stillingar ved UiO og vurdering av kandidatar til desse stillingane. UiO-KVM skal også nyttast som grunnlag for utarbeiding av kompetansekrav for opprykk frå førsteamanuensis til professor. Arbeidet skal koordinerast med nasjonale komitear i dei fagområda dette blir nytta.
To arbeidsgrupper med få skilnader
Arbeidsgruppa for rekruttering og arbeidsgruppa for forskarvurdering har i stor grad kome fram til det same, men arbeidsgruppa for rekruttering har formulert kompetanseområde på ein litt annan måte enn arbeidsgruppa for forskarvurdering, går det fram av bakgrunnsdokumenta.
Dei viktigaste skilnadane er at arbeidsgruppa har lagt til ein kategori for personlege kvalifikasjonar. Denne arbeidsgruppa har også samla forskingsresultat og forskingsprosess i ein kategori, vitskapleg kompetanse. Dessutan brukar denne gruppa omgrepet «kunnskap i bruk» i staden for samfunnsbidrag.
Ifylgje saksdokumenta inneber dette heller små skilnader. Arbeidsgruppa for rekruttering har sett på kompetanseprofil knytt til rekruttering til vitskaplege stillingar, medan arbeidsgruppa for forskarvurdering har hatt eit «et bredere formål i tankene», står det i saksdokumenta.
Eitt av måla med dette arbeidet har vore å sikra at krava som vert stilte i EUs Charter and Code for vitskaplege stillingar om oversiktlege, opne, rettferdige og internasjonalt aksepterte ordningar for rekruttering framleis skal ivaretakast i UiOs rekrutteringsarbeid, går det fram av bakgrunnsnotatet.
Universitetsstyret blir bede om å vedta føreslegne reglar for tilsetjing og opprykk i professor- og førsteamanuensisstillingar med tilhøyrande rettleiar for medlemar av sakkyndig komité.
– Det er kjempeviktig at det kjem nokre føringar
Slik er ordlyden i det samrøystes vedtaket i denne saka:
«Universitetsstyret vedtar foreslåtte regler for ansettelse og opprykk i professor- og førsteamanuensisstillinger ved UiO med tilhørende veileder for medlemmer av sakkyndig komite.
Enstemmig vedtatt med følgende tillegg:
Administrasjonen kommer tilbake med en sak til styret om ansettelsesorganets myndighetsområde jamfør § 23 «Ansettelsesorganet avgjør i siste instans hvem av de innstilte søkerne som er best kvalifisert og skal få tilbud om stillingen». Saken vil bli fremlagt for styret 20. juni 2023,»
Det opphavlege forslaget til vedtak var slik:
«Universitetsstyret vedtar foreslåtte regler for ansettelse og opprykk i professor- og førsteamanuensisstillinger ved UiO med tilhørende veileder for medlemmer av sakkyndig komite»
(Kjelde: UiO-protokoll frå møtet)
I diskusjonen i Universitetsstyret trekte representanten for dei mellombelse vitskaplege tilsette Anniken Hotvedt Sundby inn spørsmålet om dokumentasjon på vitskaplege arbeid kunne bli for omfattande om dei skulle handla om fire ulike område. Det kan bli mange hundre sider, frykta ho.
– Det er kjempeviktig at det kjem nokre føringar, slik at ein ikkje dokumenterer seg sjølv i hel, meinte ho..
Ho lurte også på om arbeidslivsrelevansen til søkjarane til desse stillingane blir tatt med i vurderinga før endeleg tilsetjing.
– Om ein har ein annan type erfaring eller kompetanse som gjer at vedkomande kan vera med på å løysa samfunnsutfordringar og sett i lys av mangfald kan ha med seg arbeidserfaring som kan vera relevant i akademia, den ser eg ikkje er tatt med i denne matrisen, peika ho på.
Supert og kjempebra
Ekstern representant Maria Strømme meinte at klargjering av reglar før tilsetjing av folk i vitskaplege stillingar var supert og kjempebra.
– Dessutan er det viktig å tenkja at det ikkje alltid er kvinner som er underrepresenterte i vitskaplege stillingar, trekte ho fram.
Rektor Svein Stølen gjorde henne merksam på at dette no var retta opp, slik at det no står at dei skal prioritera det kjønnet som er underrepresentert.
– Dette er eigentleg endra på, men det er kanskje ein liten detalj som heng igjen, trudde han. No seier i alle fall den ferdige teksten “Det kjønn som utgjør mindre enn 40 % av de ansatte i den aktuelle stillingsgruppe er underrepresentert”.
Etterlyste personlege eigenskapar
Ekstern representant Eirik Frantzen tykte særleg at å vurdera personlege eigenskapar til leiarstillingar var veldig viktig.
– Å vurdera personlege eigenskapar finn eg ikkje noko om i dokumentet, og heller ikkje noko som seier at ein har testing. Anten har eg ikkje sett det eller så er spørsmålet om det er blitt vurdert. Og skal ein ta referanse frå alle søkjarane eller berre frå ein eller fleire av søkjarane? spurde han.
– Testing er ikkje med i regelverket
Personaldirektør Irene Sandlie fekk oppgåva med å svara på spørsmåla til styremedlemane. Først svarte ho på dei problema Anniken Hotvedt Sundby tok opp med omfattande vurderingar.
– Eg ser faren som du seier på å laga gode malverk for korleis ein kan fylgja opp det ein vil sjå nærare på. Når det gjeld arbeidslivsrelevans, så har me ikkje sett opp det som eit eige tematisk område, men det kjem jo inn indirekte på dei ulike områda stillinga er knytt til, leiing, formidling, kunnskap i bruk, der det også kan koma inn i vurderinga alt etter kva område det dreiar seg om. Men me har ikkje sett det opp som eit eige kriterium, forklarte ho.
Irene Sandlie tok dessutan opp spørsmålet frå Maria Strømme om underrepresentasjon for kjønn.
– Det er sånn at me skal ha eit oppfølgingsarbeid i samband med ein tilpassingsavtale for heile universitetet. Då vil me sjå på denne regelen i samband med det arbeidet, slo ho fast. Ho kunne heller ikkje innfri ynsket til Eirik Frantzen.
– Når det gjeld testing, har me ikkje tatt det inn i regelverket, men referanseintervju skal gjennomførast for dei kvalifiserte kandidatane, opplyste ho.
Representant for dei faste vitskaplege tilsette, Finn-Eirik Johansen var også svært opptatt av prosedyrane rundt vitskaplege tilsetjingar på UiO.
– Dette er eit fint dokument. Eg lurer på om stillingane i dag blir lyste ut som førsteamanuensis eller som professor/førsteamanuensis, ville han vita.
– Og då kan det bli masse maktkamp på instituttet
Johansen lurte også på om det var naudsynt å opplysa om at søknadane ville gå gjennom ein sorteringskomité. Så kom han inn på regelverket for den sakkyndige komiteen.
– Mi erfaring er at komiteen ikkje alltid har diskutert godt nok den faglege profilen til den som skal tilsetjast. Når ei stilling blir lyst ut, skal det vera mogleg for alle kvalifiserte å søkja på den, men samtidig vil ein jo ofte ynskja ein spesiell profil på den som blir tilsett. Om ikkje det blir handtert tidleg, kan ein enda opp med kandidatar som eigentleg er langt på sida fagleg enn det ein ynskte seg, sa Johansen.
Han frykta at dette kunne føra til alvorlege konsekvensar på eit institutt.
– Og då kan det bli masse maktkamp på instituttet seinare og masse problem knytt til tilsetjinga. Det kunne vore unngått om ein hadde styrt den sakkyndige komiteen litt betre, var han sikker på.
– Fakultetet kan overvaka prosessen
Han minna også om ei misforståing som ofte går igjen.
– Intervjukomiteen innstiller ikkje. Det er det instituttstyret som gjer, understreka han.
Etter hans meining er det instituttstyret og ikkje fakultetet som er best eigna til å tilsetja nokon i vitskaplege stillingar.
– Fakultetet kan overvaka prosessen og sjå til at alt har gått rett føre seg, tykte han.
Johansen meinte det også var viktig at det kom fram i regelverket at fakultetet ikkje kunne henta opp søkjarar lenger nede på den lista og gi eit tilbod til dei.
– Då må dei i tilfelle seia ifrå om at denne innstillinga aksepterer me ikkje, den må grunngjevast betre, og så må den sendast tilbake til innstillingsorganet som må gjera arbeidet på nytt, peika han på.
Johansen frykta at det kunne enda opp med at dei tilset ein kandidat dei likar betre.
– Eg synest me skal lukka den moglegheita, sa han.
– Tar me med oss vidare
Personaldirektør Irene Sandlie takka han for innspela han kom med.
– Ein del av dei refleksjonane du kjem med, tar me med oss vidare gjennom å laga eit malverk på området. Når det gjeld utlysing av stillingar, så har me som hovudregel på heile UiO at det er førsteamanuensstillingar som blir utlyste, slo ho fast.
Men Irene Sandlie kom ikkje Finn-Eirik Johansen i møte når det gjaldt ynsket hans om ikkje å gi dei som tilset høve til å endra den rangerte lista.
– Det er i dag mogleg å endra ei rangering for dei som har makt til å tilsetja, stadfesta Irene Sandlie.
Prorektor Åse Gornitzka tok også ordet.
– Det er viktig at me ikkje kastar matrisen over bord, men den må brukast ansvarleg og forsvarleg. Då kan den vera ei støtte i vurderingsprosessen. Då ser ein det kriteriet ein rangerer og sorterer etter, understreka ho.
Rektor Svein Stølen gav ordet til den andre representanten for dei faste vitskaplege tilsette Ingrid Lossius Falkum.
– Me tar opp den delen av saka som er litt vanskeleg og som handlar om korleis me skal ta saka vidare her frå, men me går til deg først, sa han til henne.
– Eg tenkte på det som Finn-Eirik Johansen sa om tilsetjingsmakt og forslaget om å endra det. Eg støttar å ta ein runde til med det. For det synest eg er viktig, sa ho.
Svein Stølen tykte det var viktig med ein runde med diskusjon rundt dette.
– Spørsmålet er om me kan vedta dette som det ligg no, og så koma tilbake til saka for å justera den setninga seinare. Det handlar om å gå vidare i prosessen. Og det er ein mogleg måte å gjera det på, meinte Svein Stølen.
– Me som sit i Universitetsstyret bør klara å heva oss over fakulteta
Det ville Johansen gjerne kommentera.
– Eg lurer på kva du meiner med ein runde til, for viss du no vil gå tibake til dekanane fordi du synest det er viktig at dekanane skal ha siste ord igjen, så er det sikkert mange av dekanane som vil seia ja, trudde han. Og han heldt fram:
– Me som sit i Universitetsstyret bør klara å heva oss over fakulteta og sjå heile universitetet som ein heilskap, og visa kva me meiner er best for universitetet. At det er fagkompetansen som gjer rangeringa hos fakulteta, som ser på korleis dette passar inn og om prosessen er fylgd, elles blir det sånn at fakulteta veit meir om faga enn institutta.
– Om dekanane får siste ordet, så trur eg det er noko mange av dei vil takka ja til, var Finn-Eirik Johansen overtydd om.
– Dei har berre ein rådgjevande funksjon
– Dekanane får ikkje siste ordet i nokon saker. Dei har berre ein rådgjevande funksjon for oss, understreka Svein Stølen.
Finn-Eirik Johansen var likevel ikkje nøgd.
– No står det at tilsetjingsutvala på fakulteta har siste ordet, og dei blir leia av dekanen. Det er effekten av det som står der no, var han sikker på.
Den andre representanten for dei faste vitskaplege tilsette, Ingrid Lossius Falkum føreslo at dei kunne stemma over resten av tilsetjingsprosedyrane med unntak av akkurat det punktet som Finn-Eirik Johansen hadde peika på.
Svein Stølen sparka ballen vidare til administrasjonen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen for å finna den best mogleg farbare vegen i denne saka.
– Sidan heile dette forslaget ikkje er vurdert, er mi tilråding at saka må til ny gjennomgang for at den skal bli formelt vurdert, sa han.
Og rektor Svein Stølen sa seg einig.
– Sidan den formuleringa ligg der i dag, er det litt vanskeleg kanskje å fjerna den og så koma tilbake til den. Eg ville vald å halda på det som i dag er regelverket, vurdera det og så eventuelt fjerna det, føreslo Svein Stølen.
Han fekk støtte frå Eirik Frantzen.
– Eg meiner at så lenge det ikkje er ei endring no, så kan me vedta den, og så koma tilbake, kanskje me skulle sett ein tidsfrist. Og det burde ikkje ta så lang tid, trudde Frantzen.
Rektor Svein Stølen oppsummerte debatten om rekruttering til vitskaplege stillingar slik.
– Forslaget er å bruka dagens regelverk, ikkje gjera ei endring som ikkje er belyst og setja ein klar tidsfrist for når den skal koma tilbake. Det ser ut som det blir vedtaket, konkluderte han med.
– Tidsfristen kan me få lagt inn i løpet av dagen, la han til.
–Saka er vedtatt, og det er me ekstremt glade for, avslutta Svein Stølen.
Når det gjeld det omdiskuterte punktet §23 som handlar om at det er tilsetjingsorganet som i siste instans avgjer kven av dei innstilte søkjarane som er best kvalifisert og skal få tilbod om stillinga, blir ei eventuell endring av dette lagt fram for styret den 20. juni 2023.
• Les meir frå Universitetsstyret i Uniforum:
Rektor måtte gi seg. Nå får fagforeningene bli med i bærekrafthusgruppa
Mangfald, forskingsetikk og rekruttering er på saklista til Universitetsstyret
UiO fordeler energikostnader på 160 millionar på grunnlag av areal
Bærekrafthuset: Rektor advarte styret om å gripe inn i arbeidsgruppe
UiO-styret delte seg i synet på innføring av studieavgifter for studentar utanfor EØS
Logg inn for å kommentere