Verdas eldste runestein funnen av UiO-arkeologar i Hole på Ringerike

Under utgraving av ein gravhaug i Hole på Ringerike, fann arkeologar frå Kulturhistorisk museum verdas eldste runestein.  – Den er truleg frå tida mellom år 0 og år 250, opplyser runolog Kristel Zilmer og prosjektleiar Steinar Solheim til Uniforum.

Ei kvinne og ein mann viser fram verdas eldste runestein

VERDAS ELDSTE: Runolog Kristel Zilmer og prosjektleiar Steinar Solheim på Kulturhistorisk museum ved UiO viser fram verdas eldste runestein. Den er allereie døypt Svingerudsteinen etter plassen der den blei funnen.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var hausten 2021 Kulturhistorisk museum gjennomførte ei utgraving av eit gravfelt ved Svingerud i Hole kommune i samband med at Nye veier skulle byggja ny jernbane og motorveg frå Sandvika til Hønefoss.  I gravfeltet var det fire gravhaugar og to flatmarksgraver frå eldre jernalder. Under den eine gravhaugen fann arkeologane ei flatmarksgrav med kremerte menneskebein, trekol og stein.

Men dei oppdaga også noko heilt uventa. Det fortel prosjektleiar Steinar Solheim. Han og runolog Kristel Zilmer møter Uniforum på Kulturhistorisk museums avdeling i St. Olavs gate. Mellom seg har dei plassert runesteinen som blei funnen i Hole på Ringerike hausten 2021. Og det tok ei stund før dei oppdaga kva unikt funn dei hadde gjort.

Fekk tekstmelding om moglege runeinnskrifter

– Siste dag i felt tok me inn ein stein som me ikkje hadde lagt merke til noko spesielt med tidlegare.  Då me kom inn på museet, fekk  me betre lys, og då ser utgravingsleiaren vår Judyta Zawalska ristningar på steinen, og ho skjønar fort at me står overfor noko spesielt, og sannsynlegvis runeinnskrifter. Så får eg først ei tekstmelding, og eg lurer på kva skjer her?  Då sende eg ein e-post til runolog Kristel Zilmer som også fekk litt av den same aha-opplevinga, fortel Steinar Solheim. Det stadfestar Kristel Zilmer.

– Det var ein veldig overraskande e-post som kom til meg om ettermiddagen fredag 12. november 2021, seier ho.  

– Runologisk adrenalin

– Og der står det at det har dukka opp ein stein med noko som dei trur er runer. Dei har lagt ved bilete av steinen. Då eg skrollar nedover bileta, så kjem det noko som eg kan kalla for runologisk adrenalin over meg. Kva er dette for noko? Som forskar er du først litt forsiktig, for runer er populære, og me kjenner også til  andre steinar frå Ringerike som er etterlikningar eller rett og slett moderne runesteinar, peikar ho på. 

– Så tok eg kontakt med arkeologane for å finna ut i kva kontekst den dukka opp. Etter å ha fått dei svara eg trengte, tenkte eg at dette måtte vera ein ekte runestein. Også innskriftene på steinen var tydelege, og dei viste at det var runer frå den eldste delen av runealfabetet som me kallar for den eldre futhark. Det er ein tidleg  periode i runetradisjonen, og då visste me at me måtte samla oss og snakka saman og planleggja kva me skulle gjera vidare med dette funnet, fortel ho til Uniforum.

– Kan vera eit par hundreår eldre enn det me har tenkt

– Og kva var det unike med denne runesteinen?

– Her har me hatt høvet til å slå fast tidsramma for steinen og der den kjem frå takka vera den konteksten som Steinar (Solheim) kan fortelja meir om, i tillegg til korleis dateringsarbeidet har gått føre seg. Då tenkjer me at tidsramma er frå år 0 til år 250 etter vår tidsrekning, og dette er veldig tidleg når me tenkjer på runesteintradisjonen, seier ho. 

– Generelt har me runeforskarar tenkt at runesteinane først dukkar opp i Skandinavia på 300- til 400-talet. Det har vore nokre tesar om at nokre runesteinar kan ha vore eldre, men me har ikkje hatt noko bevis for det. Men med tanke på denne steinen som no er datert såpass grundig og gjennom fleire rundar, så kan me seia at her har me for første gong eit bevis på at runesteinar kan vera eit par hundreår eldre enn det me tidlegare har tenkt. Dette viser at runesteinar er eit tidleg fenomen i Noreg og i Skandinavia, slår ho fast.

Kristel Zilmer samanliknar steinen med Noregs mest berømte urnordiske runestein, Tunesteinen som har ei monumental innskrift.

– Kan skapa assosiasjonar til graffiti

Så tenner ho på ei lommelykt og forklarar kvifor verdas eldste runestein er så spesiell.  

– Her ser me det eventyrlege og fantastiske. Innrissingane på steinen er veldig tynne og fine. Det er ei samling eller opphoping av ulike typar riss på denne steinen som er uvanleg.  Me ser ei samling av innskrifter som tydelege runeteikn, og så har me også fleire teikn som me kan kalla for runeliknande. Nokre kan vera meir dekorative motiv.  Og så er det nokre rissingar som kan skapa assosiasjonar til graffiti. Det er uvanleg og uventa å finna noko slikt på ein runestein, konstaterer ho og varslar at det vil få noko å seia for framtidig runeforsking. 

– Me må snu om når det gjeld tenkinga vår om alder og dateringsmoglegheiter  på  runesteinar, slår ho fast.

 

INNSKRIFTA: Dette er ein del av innskrifta på verdas eldste runestein - Svingerudsteinen frå Hole på Ringerike. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Vil halda fram med utgravingar

Prosjektleiar Steinar Solheim fortel at utgravingsprosjektet på Hole i Ringerike vil halda fram.

– Dette gravfeltet er berre eit av 24 lokalitetar som me skal undersøkja i prosjektet. Me arkeologar er svært glade i å undersøkja slike gravfelt fordi dei gir oss masse informasjon om mange sider av samfunnet, både når det gjeld gjenstandar og kontaktar over større avstandar. 2021 var første gravesesongen, me var ute i 2022, og så skal me halda fram i 2023 med vidare undersøkingar.

– Dette er det mest unike funnet så langt?

– Ja, utan tvil. Kristel snakka om adrenalin. Og når du først får eit slikt funn, blir du først mållaus og så kokar det. For du veit at du står overfor noko som er heilt spesielt. Arkeologien består av mange kvardagar akkurat som livet elles, med å setja saman mange bitar i eit puslespel. Og så får du eit funn som dette, som du temmeleg raskt forstår vil få mykje å seia for kunnskapen me har, og for kunnskapsutviklinga, seier Steinar Solheim.

GREV FRAM VERDAS ELDSTE RUNESTEIN:  Her dukkar verdas eldste runestein opp under utgravinga i Svingerud i Hole kommune hausten 2021..Arkeologane Charlotte Nueva Finnebråten og Karu Kolesnikow Cavicchioli ante ikkje då kor viktig steinen midt på biletet var.(Foto: Kjetil Nergaard, Nye Veier)

– Fantastisk spennande

Og då han fekk den endelege stadfestinga frå Kristel Zilmer om kor unikt funnet var, blei han svært begeistra.

– Eg er arkeolog og eg kunne ikkje mykje om runer før dette funnet. Det er klart at når du får det stadfesta, så er det ei fantastisk kjensle. Og det er fantastisk spennande, synest han.

Og etter at dei hadde gjort det første funnet av den større runesteinen, gjekk dei gjennom feltet på nytt i 2022.

– Då dukka det opp nye delar med tydelege riss som kan passa saman med  den første steinen. Og nokre nye stykke som kan høyra til ein ekstra stein, fortel Kristel Zilmer.

Har tyda innskriftene

Dei har ho arbeidd med å lesa og å tyda. 

– Det fine med det eine fragmentet som me vil stilla ut er at her står ordet «rune». Det er grunnen til at me tar det med på utstillinga.

LYSER OPP RUNENE: Runolog Kristel Zilmer brukar ei lommelykt for å lysa opp runene på Svingerudsteinen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Og kva er teksten på verdas eldste runestein?

– I den tydelegaste innskrifta på steinen kan me lesa runene idiberug. Då har me å gjera med ei namneinnskrift. Me diskuterer ulike namneforslag her sidan innskrifta på steinen er på eit urgammalt språk, forløparen til urnordisk. Det kan vera eit namn som Idibera, eit kvinnenamn. Teksten kan dermed seia oss «for Idibera» eller «til Idibera», men det finst òg andre forslag som namna Idibergu/Idiberga eller slektsnamnet Idiberung, forklarar Kristel Zilmer.

I tillegg til  Kristel Zilmer og Steinar Solheim, har også arkeologane Judyta Zawalska og Anette Sand-Eriksen frå Kulturhistorisk museum (KHM), språkforskar Krister Vasshus frå Universitetet i Bergen og overingeniør for digital kommunikasjon Justin Kimball frå KHM vore knytte til utgravingsprosjektet og arbeidet med  runefunnet.

Alle som vil sjå verdas eldste runestein og dei andre fragmenta med runeteikn som blei funne på Svingerud, får høve til å gjera det når dei blir utstilte i Historisk museum frå laurdag 21. januar. Dermed kan alle interesserte sjå verdas eldste runestein frå komande helg og ut februar.

Fakta om verdas eldste runestein:
Steinarten er raudbrun ringerikssandstein og måler 31 x 32 cm

Skrifttypen er eldre futhark som er namnet på runealfabetet

Steinen har fleire innrissingar. Framsida er dekt med runer, runeliknande teikn og andre riss.

Andre funn:

Det eldste sikre runefunnet er frå Vimose i Danmark. Det er ei innskrift på ein kam frå rundt 150/160 (e.Kr.)

Dei seinaste runesteinane med innskrifter i eldre futhark i Noreg blei sist funne i Øverby i Rakkestad i 2017 og i Hogganvik nær Mandal i 2009. Rosselandssteinen frå Kvam i Hardanger blei funnen i 1947.

Til saman finst det over 30 norske runesteinar som tilhøyrer den eldre urnordiske perioden ( 200-500-talet)

Språk:

Innskrifta er på eit svært gammalt språk, som blir rekna som forløparen til urnordisk som var opphavsspråket til nordiske språk. Runene blei skrivne frå venstre til høgre, høgre til venstre eller veksla. Teikn kunne stå spegelvende eller på hovudet.

(Kjelde: Kulturhistorisk museum, UiO)

Les meir om utgravingar og Kulturhistorisk museum: 

Nye funn forteller om Gjellestad-vikingens storslåtte begravelse

De første levningene er funnet i Gjellestadskipet

Skipsgrava frå Gjellestad i Halden kan vera 1200 år gammal

Vikingskipet på Gjellestad: Hele verden venter i spenning

Emneord: Arkeologi, Kulturhistorisk museum, Historie Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2023 07:35 - Sist endra 17. jan. 2023 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere