Dette røykelseskaret kan ha skapt Noregs verste kyrkjebrann

Den 26 mai 1822 mista 116 personar livet i kyrkjebrannen i Grue. 200 år etter blei det halde ei minnegudsteneste. Då overrekte Kulturhistorisk museum ved UiO ein tru kopi av røykelseskaret som kan ha forårsaka brannen.

KYRKJEBRANN: I 1822 omkom 116 personar då Grue kirke brann ned. Dette røykelseskaret kan ha forårsaka brannen. 

Foto: Oldsakssamlinga/Kulturhistorisk museum

– Det var fint å oppleva korleis heile kyrkjelyden blei rørt då me gav dei ein kopi av røykelseskaret i gåve. Det fortel 3D-kunstnar og treskjerar Bjarte Einar Aarseth og antropologiprofessor Gro Ween på Kulturhistorisk museum ved UiO.

– Og det var ikkje minst rørande etter at eg hadde fortalt om opphavet til røykelseskaret, og Gro kom inn med kopien som me skulle gi som ei gåve til kyrkjelyden, held han fram.

Alle kyrkjedører måtte slå utover

Det var på Kristi Himmelfartsdag dei begge var til stades i Grue kirke i Innlandet. Den dagen var det akkurat 200 år sidan bygda opplevde Noregs verste kyrkjebrann. 116 menneske, dei alle fleste kvinner og barn, omkom. Presten overlevde ved å knusa vindauget med ein bibel med jernbeslag. Men kvinner og barn som sat på galleriet, og som i hovudsak tilhøyrde husmannsfamiliar, kom seg ikkje ut og døydde. Ein viktig grunn til at så mange døydde, var at inngangsdøra vende innover. Branntragedien førte til at den svensk-norske kongen kom med ein resolusjon om at alle inngangsdører i alle kyrkjer i Noreg, måtte slå utover.

GRUE KIRKE: Dette er den gjenoppbygde Grue kirke som står på den same staden der den gamle kyrkja brann ned i 1822. (Foto: Gro Ween/Kulturhistorisk museum, UiO)

Undra seg over øydelagde søyler

Som treskjerar og 3D-spesialist på Vikingskipshuset og Kulturhistorisk museum har Bjarte Einar Aarseth måtta laga kopiar av mange delar frå mange kjente kyrkjebygg og frå andre historiske byggverk i Noreg.

– Då eg heldt på med å laga ein kopi av Hyllestad-portalen frå Setesdal, undra eg meg over kvifor både denne portalen og mange andre var øydelagde der søylene skulle ha vore. Nokre var fint hogde av, medan andre var skamhogde. Etter at eg las om den kongelege resolusjonen om at alle kyrkjedører måtte slå utover etter den katastrofale kyrkjebrannen i Grue kirke i 1822, forstod eg kvifor alle desse stavkyrkjeportalane heller ikkje var intakte. Dei måtte hogga av søyla for å få døra til å slå utover, fortel Bjarte Einar Aarseth til Uniforum.

Tilfeldige hendingar

Historia om korleis han og Gro Ween i fellesskap enda opp med å kunne gi ein kopi av røykelseskaret frå Grue kirke i gåve til kyrkjelyden 200 år etter branntragedien, er også ei historie som er blitt realisert av fleire tilfeldige hendingar, mellom anna ein samtale Gro Ween overhøyrde på T-bana i Oslo. Den siste historia kjem me tilbake til. Den første delen starta på arbeidsplassen til Bjarte Einar Aarseth på Vikingskipshuset.

– For eitt halvt år sidan fekk eg tilfeldigvis røykelseskaret ved sida av meg på jobben. Når eg har hatt litt ledige stunder, ein time no og ein time då, har eg 3D-skanna kvar enkelt del lenkje for lenkje med høg oppløysing. Etter at eg har skanna kvar del, set eg delane saman digitalt etterpå. Det var det eg gjorde med dette røykelseskaret. Og i mars blei eg ferdig med det arbeidet, fortel han.

Det var først då han begynte å grava litt nærare etter i historia til røykelseskaret.

 – I alle dagar, dette er jo røykelseskaret frå Grue kirke, og den 26. mai er det 200 år sidan kyrkjebrannen, kom eg på. Og det var den som var årsaken til at alle portalane som eg hadde jobba med opp gjennom åra, var skamhogde på grunn av den kongelege resolusjonen som kom etter at så mange personar omkom i brannen, seier han.

– Hadde vore innmari gøy

Antropologiprofessor Gro Ween blei kontakta av Bjarte Einar Aarseh tidleg i januar.

– Då kom du til meg og spurte meg om eg visste kva du hadde gjort i jula. Nei, svarte eg. Eg har gjort ferdig den tingen for deg, sa du. Og då foreslo du om det ikkje hadde vore innmari gøy om me kunne ha gitt ein kopi tilbake, minnast ho.

Slik blei dei einige om at dei skulle få til noko saman på vegner av Kulturhistorisk museum.

– Men det finst jo berre ein sånn som Bjarte i heile verda, så korleis skulle me få det til? Eg har dei siste åra vore museet sin representant i Bååstede, prosjektet som repatrierte KHMs og Folkemuseets samiske samlingar. Digitale repatrieringar er noko nytt som me synest det er interessant å tenkja på. Til slutt fann me ut at me måtte laga eit samarbeid mellom alle seksjonane på museet, seier ho til Uniforum.  

Det var likevel eit anna stort problem som stod igjen, pengar.

– For det ville jo kosta noko å få denne dingsen til å bli ein realitet. Bjarte hadde allereie fått kontakt med selskapet Osen og Nauen som dreiv med bronsestøyping, og konservator/smeden på Vikingskipshuset som kunne engasjerast for å få dette til. Rolla mi blei å vera ein slag sekretær for å få alle desse aktørane til å jobba saman, fortel Gro Ween.

FINT: – Det var fint å oppleva korleis heile kyrkjelyden blei rørt då me gav dei ein kopi av røykelseskaret i gåve. Det fortel 3D-kunstnar og treskjerar Bjarte Einar Aarseth og antropologiprofessor Gro Ween på Kulturhistorisk museum ved UiO. (Foto: Martin Toft)

Fekk til eit spleiselag

Samtidig har ho også spesielle kjensler overfor dei som bur i Finnskogen, området Grue kirke tilhøyrer.

– Det hadde vore fint for oss å vera til stades på ein plass i Noreg der folket har følt seg som ein utpost. Me har gjort samisk repatriering, så kanskje me også kunne driva med repatriering av ting til andre stader. Alle seksjonane på museet blei med på eit spleiselag, og så fekk me med oss jubileumskomiteen Grue 2022. Så sånn sett har eg berre vore ein enkel sekretær, smiler ho.  

– No synest eg det er heilt fantastisk at me har klart å få til ein ekte kopi i bronse og jern, og ikkje berre i plast, legg ho til.

– Er gjort på autentisk vis

Mange lurer også på kvifor dei ikkje kunne levera tilbake det originale røykelseskaret som museet har i samlingane sine. Bjarte Einar Aarseth forklarar det med både kostnader og sikring av gjenstandar.

– Då måtte dei ha installert eit alarmsystem, og det ville ha blitt dyrt for dei.

 – 3D-skanninga av røykelseskaret sende me til eit firma i Sverige, som laga ein voksmodell. Den sende me så til firmaet Osen og Nauen som kunne sandstøypa objektet. Det er altså gjort på autentisk vis, understrekar han.

– Og sidan dette er ein kopi av ein museumsgjenstand og ikkje originalen, kan den faktisk brukast til det som den opphavleg blei brukt til, legg Gro Ween til.

Det originale røykelseskaret er i samlingane til Kulturhistorisk museum. Det var ein av to ting som blei redda frå brannen.

– Det andre er eit fat til døypefonten som finst i Norsk folkemuseum, seier Bjarte Einar Aarseth.

– Det originale røykelseskaret skal bli vist i utstillinga Arv som opnar i Kulturhistorisk museum til hausten, fortel Gro Ween.

Fekk ny inspirasjon på T-bana

No hugsar ho korleis ho tidlegare i år var i ferd med å gi opp heile prosjektet.

 – Eg sat på T-bana og hadde akkurat blitt ferdig med arbeidet med utstillinga Kontroll. Så tenkte eg at det går ikkje an å finna pengar til å laga ein kopi av røykelseskaret til Grue kirke. Det går berre ikkje, trudde eg. Eg hadde tatt mange telefonar og forsøkt å involvera diverse offentlege institusjonar, men til ingen nytte, fortel ho. 

– Så kom det inn eit veldig vakkert par i T-banevogna eg sat i. Då begynte eg å tenkja på kvar dei skulle og kvar dei var frå. Dei sat rett overfor meg, og så sa dei til andre dei var saman med at dei kom frå Grue."Ja, de har kanskje ikkje høyrt om Grue, men det var der det var ein kyrkjebrann som førte til at dører i alle offentlege bygningar må slå utover, og der skal det vera ei markering til sommaren".

Då tenkte eg berre sånn: Okay då. Og i kyrkja fortalde me om alle dei tilfeldige tinga som hadde spelt inn. For oss var det tydeleg at kopien av røykelseskaret berre ville heim igjen, fortel Gro Ween medan Bjarte Einar Aarseth nikkar samtykkjande.

– Fortel mykje om Noreg på den tida

I Grue kirke blei dei tatt godt i mot.

– Dei var overraska og glade over at nokon utanfor bygda kom dit for å gi dei ei gåve og eit minne frå den katastrofen, hugsar Bjarte Einar  Aarseth.

GÅVE: Kopien av røykelseskaret blei gitt til leiaren for soknerådet i Grue kirke, Anita Ødegården som her står saman med Bjarte Einar Aarseth som 3D-skanna originalen. Slik kunne Grue kirke få ein ny kopi i jern og bronse som minne om kyrkjebrannen i 1822. (Foto: Gro Ween/Kulturhistorisk museum)

 

– Der gav me kopien av røykelseskaret til leiaren for soknerådet framfor ei fullsett kyrkje, det vil seia 600 personar, like mange som var til stades då 116 personar omkom i brannen i 1822, peikar Gro Ween på.

For henne er historia også eit tankevekkjande tidsbilete.

– Den fortel så mykje om Noreg på den tida. Kvinner og barn var dei som døydde, medan embetsstanden kom seg ut, og mennene hadde ein sjanse til å redda seg. Fordi kvinner og barn sat på galleriet, og det var ei bratt og trong trapp ned, klarte dei ikkje å koma seg ut. Alle lika var så forkulla at dei fekk plass til dei i fire kister. Ein fut som dei klarte å identifisera, fekk si eiga kiste, fortel ho.

Zapffes bevis

Denne tragedien blei også brukt i ein tekst av den norske filosofen Peter Wessel Zapffe.

 – Filosofen Zapffe gjorde denne hendinga kjent, fordi han brukar den som eit bevis på at Gud ikkje finst, for Gud ville ikkje ha gjort noko slikt. Det er så symboltungt, og dei som bur på Grue har no laga eit eige spel om mennene si skam og mennene si smerte, seier Gro Ween.

– Og i bygda var det i mange tiår tabu å fortelja om brannen og dei opplevingane den hadde sett i deg, På den tida skulle dei ikkje visa følelsar, men følelsane kom fram kvar gong dei drakk alkohol, Då dei var fulle, kom gråten, trekkjer Bjarte Einar Aarseth fram.

I den nye kyrkja som blei bygd etter brannen, er alt forandra.

– Der slår alle dørene utover og det er mange utgangar og mange fine detaljar, har dei oppdaga.

– Skin som om den var laga av gull

PÅ PLASS: Her har leiaren for soknerådet Anita Ødegården.tatt imot kopien av røykelseskaret frå Gro Ween og Bjarte Einar Aarseth på vegner av Kulturhistorisk museum på UiO. (Foto: Gro Ween)

I følgje lokal historie blei ikkje det originale røykelseskaret brukt til røykelse, men til glør som dei brukte for å tenna lysa i kyrkja. Og då vindkastet kom, tok det med seg glør som førte til at heile kyrkja blei sett i brann.

Gro Ween og Bjarte Einar Aarseth er svært glade for at dei har fått gitt ein kopi av røykelseskaret tilbake.

– Originalen er jo heilt svart, medan denne bronsekopien jo skin som om den var laga av gull, konstaterer dei to medan dei ser på eit bilete frå overrekkinga.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Historie Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2022 04:30 - Sist endra 21. juni 2022 23:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere