SUM overtar Zapffe-prisen og deler den ut på Arne Næss-symposiet

SUM-direktør Sidsel Roalkvam håpar på meir blest rundt Zapffe-prisen når den frå i år skal delast ut på Arne Næss-symposiet i august.

Portrett av tre kvinner

BEGEISTRA: Både seniorforskar Nina Wtoszek (t.v.)  direktør Sidsel Roalkvam og kontorsjef Gitte Egenberg er begeistra for at Senter for utvkling og miljø overtar Zapffe-prisen og skal dela den ut på Arne Næss-symposiet i august. 

Foto: Martin Toft

Peter Wessel Zapffe og Arne Næss er mellom Noregs to mest kjende filosofar. Førstnemnde var kjent som ein stor humorist med eit negativt framtidsbilete, medan sistnemnde utvikla ein eigen økosofi som ein metode for å redda verda me lever i. Interessa for fjellklatring var det som først førte dei saman ein gong dei var på klatretur oppover Kolsåstoppen i Bærum.

Peter Wessel Zapffe: (1899- 1990)

- norsk forfattar, filosof, jurist og fjellklatrar

- skreiv sin juridiske embetseksamen frå 1923 på rim og praktiserte som jurist i fem år.

- gav ut den filosofiske avhandlinga «Om det tragiske» i 1941. Hovudbodskapen er at stordom disponerer for undergang. Zapffes teori går ut på at mennesket har overutvikla evne i høve til dei omstenda det lever under og derfor passar det ikkje inn i naturen. Naturen kan ikkje oppfylla dei behova som mennesket har, var tanken hans.

- gav også ut humoristiske forteljingar i «Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland»

- Zapffe blei kjent med filosofen Arne Næss i fjellklatrarmiljøet på Kolsås i Bærum.

- då han døydde testamenterte han alt han eigde til Universitetet i Oslo. Renteinntektene er grunnlaget for Zapffe-prisen på 100 000 kroner som blir delt ut årleg til beste essay i hans filosofiske ånd.

Aktuelt: Senter for utvikling og miljø overtar ansvaret for Zapffe-prisen og deler den ut i samband med Arne Næss-symposiet i august.

Arne Næss (1912-2009)

- norsk filosof som gjennom lærebøkene sine i logikk og filosofihistorie gav filosofien ei nøkkelstilling i det akademiske og intellektuelle livet i Noreg i etterkrigstida.

- vert rekna som grunnleggjaren av djupøkologien og Oslo-skulen. Læra hans blir kalla for økosofi.

- han avla magistergraden sin i filosofi som 21-åring og den yngste nokonsinne i 1933. Tre år etter blei han dr.philos med avhandlinga Erkenntnis und wissenschäfliches Verhalten (Erkjenning og vitskapleg åtferd).

- Næss' hovudarbeid er Interpretation and Preciseness frå 1953, som har som mål å foreina formal logikk med empirisk semantikk (betydningslære).

- Arne Næss’ normer for sakleg meiningsutveksling har i mange tiår vore ein del av undervisninga i examen philosophicum og examen facultatum ved norske universitet.

- Næss var professor ved UiO frå 1939-1970.

- også kjent som fjellklatrar og innførte bolteklatringsmetoden i Noreg. Møtte Peter Wessel Zapffe i klatremiljøet på Kolsås i Bærum.

Aktuelt: Senter for utvikling og miljø arrangerer kvart år eit Arne Næss-symposium. Denne gongen blir Zapffe-prisen delt ut på Arne Næss-symposiet i august.  

(Kjelder: Wikipedia, Store Norske, Sidsel Roalkvam, Nina Witoszek og Gitte Egenberg)

Etisk vurdering av reproduksjon

Peter Wessel Zapffe testamenterte all formue og eigedom til Universitetet i Oslo. Rentene frå formuen skal brukast til ein pris på 100 000 kroner til den som skriv den best teksten basert på Zapffes teoriar om det negative» ved å føra menneskeslekta vidare frå generasjon til generasjon. I hans ånd skal det «"centreres om menneskets forplantning, generelt og individuelt, i lys av etisk vurdering". Temaet kan vera alt frå etisk vurdering av reproduksjon  til etisk vurdering av både svangerskap, abort og fødsel.

Til no har Institutt for biovitskap ved biologiprofessor Dag O. Hessen hatt ansvaret for å dela ut Zapffe-prisen. Frå i år har Senter for utvikling og miljø overtatt dette ansvaret og planen er å dela ut prisen annankvart år på Arne Næss-symposiet i Gamle festsal og i Georg Sverdrups hus på Blindern  som i år går føre seg den 25. og 26, august. Fristen for å levera inn bidrag er 15. juni. 

– Ein synergi mellom dei  to filosofane

Det er både SUM-direktør Sidsel Roalkvam, seniorforskar og ansvarleg for Arne Næss-symposiet, Nina Witoszek og kontorsjef Gitte Egeberg svært begeistra for.

– Det ein lærer av desse to er å knyta saman ulike former for rettar og livsbehov i ein heilskap, og ikkje stykkja det opp, seier Sidsel Roalkvam.

Og Nina Witoszek er heilt einig.

– Det me prøver å få til er ein synergi mellom dei to filosofane og dei to prosjekta. Det eine er den filosofiske dialogen som er ein slags intelektuell duell mellom Næss og Zapffe. Det er to filosofar som er både fascinerte og svært tiltrekte av kvarandre. Arne (Næss) sa til meg at dei to filosofane som han var mest inspirert av var Spinoza og Zapffe. Zapffe gav han motstand og det var Næss svært glad for, fortel Nina Witoszek.

ST.OLAVS ORDEN: Filosof Arne Næss takkar kansellisjef Egil Vindorum for utnemninga til Kommandør med stjerne av Den Kgl. Norske St.Olavs Orden i 2005.(Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Som filosofar meiner ho at dei representerte to ulike retningar.

– Næss stod for gledas filosofi medan Zapffe stod for fortvilingas filosofi, seier ho til Uniforum.

– I verda er det i dag ein leir som er optimistisk og seier at me kan løysa problem og skapa fred, medan andre seier det same som Zapffe om at livet er tragisk, og det må me slå oss til ro med, legg ho til.

– For Zapffe var livet vegen til helvetet, medan for Arne Næss var livet om lag som å kjøra slalåm. Begge to var naturfilosofar og dei største Noreg har hatt, Derfor er det naturleg at me markerer dei to saman, slår ho fast.

– Alle gåvene var svarte

Nina Witoszek hugsar også at Arne Næss fortalde henne at kvar gong Zapffe hadde møtt han for å ha ein av dei faste felles samtalane, gav han han alltid ei gåve.

– Og alle gåvene var svarte. Det kunne vera ein svart hanske eller svart kaffi i ein svart kopp, fortel Witosek.

Sjølv om ho no er ansvarleg for Arne Næss-symposiet, er ho også fascinert av Zapffe.

– Han skreiv jo doktoravhandlinga «Om det tragiske» då han var 50 år gammal. Den var på over tusen sider, noko ho synest var svært imponerande.

– Hadde aversjon mot alle slags autoritetar og hierarki

Sidsel Roalkvam har også funne eit anna spesielt karaktertrekk ved Zapffe.

– Han hadde aversjon mot alle slags autoritetar og hierarki.

– Og om Arne Næss representerte det lyse i filosofien, representerte Zapffe det mørke. Dei hadde ein filosofisk ping pong-duell mot kvarandre. Begge var inspirerte av kvarandre, fortel Witoszek.

– Og Zapffe skreiv juridikum-eksamenen sin på rim, minner Gitte Egenberg om.

Ideen om at dei kunne slå saman Zappfe-prisen og Arne Næss-symposiet til eit felles arrangement, kom opp ein gong Nina Witoszek hadde ein samtale med Inga Bostad som sit i styret for Zapffe-prisen.

– Planen er å ha Næss-symposiet som er ei studenthending, i tilknyting til utdelinga av Zapffeprisen og lata det gå over to dagar i august, fortel Witoszek.

Foredrag med nobelprisvinnar

Den første dagen blir det Næss-førelesinga frå Næss-professor og nobelprisvinnar i litteratur, polske Olga Tokarczuk. Den skal gå føre seg i Gamle festsal. Neste dag skal Næss-professoren ha ein samtale med norske studentar, og så skal Zapffe-prisen delast ut. Den dagen blir driven av Næss-stipendiatar, og skal få føre seg i Georg Sverdrups hus.

– Dette blir ein filosofisk jamboree, lovar ei engasjert Nina Witoszek.

– Det kler oss

I august skal Senter for utvikling og miljø for første gong dela ut Zapffe-prisen.

– Tidlegare har Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet hatt ansvaret for dette. Biologiprofessor Dag O. Hessen hadde handa på prisen. Me fekk ein førespurnad om me kunne overta det administrative ansvaret for prisen. Då sa me sjølvsagt ja med ein gong, for det er heilt fantastisk for SUM å ha dei begge her. Det kler oss, seier Sidsel Roalkvam med eit smil.

AULAKLARING: Peter Wessel Zapffe klatrar opp ei av søylene utanfor Universitetets aula. (Foto:ukjent)

– SUM er ein god stad for ei gjenforeining av dei to store filosofane, seier dei tre kvinnene i kor. Sidsel Roalkvam tykkjer desssutan at dei sakene Næss og Zapffe var opptekne av, også passar som hand i hanske for Senter for utvikling og miljø.

– Det passar oss fint å ha desse to filosofane som var opptekna av menneskelege vilkår som liv, jord og flate. Og det er nettopp det SUM har halde på med i dei 30 åra senteret har eksistert, peikar Sidsel Roalkvam på.

– Lettare å få publikum

Kontorsjef Gitte Egenberg på Senter for utvikling og miljø er også svært glad for at senteret kan ha ei stor felles markering av både Peter Wessel Zapffe og Arne Næss.

– I staden for å slå kvarandre i hel med prisutdeling og merksemd, så er det fint å gjera det slik at me kan få ein dag til kvar av dei to. Då er det lettare å få publikum og lettare å få ut informasjon til relevante faggrupper. Ei slik pakke er ein fin måte å løysa dette på, synest Egenberg.

No oppfordrar dei alle som vil og kan, til å delta i konkurransen om å skriva det beste essayet med utganspunkt i Peter Wessel Zapffes filosofi. Premien er på 100 000 kroner. Og både forskarar og studentar kan delta.

– Meininga er at det må skrivast eit essay i Zappfes ånd, understrekar Witoszek.

Testamenterte alt han eigde til UiO

Og bakgrunnen for at prisen blei oppretta, var at Zapffe ikkje hadde etterkommarar.

– Han hadde ingen arvingar, og derfor testamenterte han huset sitt og alt han eigde til Universitetet i Oslo. Det har blitt til Zappfe-fondet som har masse pengar langt inn i framtida, fortel Gitte Egenberg.

GAV ALT TIL UiO: Peter Wessel Zappfe gav alt han eigde til UiO. Det er grunnlaget for Zapffe-prisen som blir delt ut i august: (Foto:Wikipedia)

– Både for Zapffe og Næss er dette ein fin måte å markera dei på slik at nye generasjonar med studentar får vita om dei, legg Egenberg til.

Men i akademia i utlandet er spesielt Arne Næss godt kjent.

– Der synest dei det er rart at Universitetet i Oslo ikkje har gjort meir ut av det faktum at Arne Næss var filosofiprofessor her. Gjennom Arne-Næss-symposiet blir Arne Næss lyfta fram av SUM, seier Sidsel Roalkvam.

 – Og Arne Næss var også før si tid ved at han lanserte utviklingsmål med stor vekt på rettferd, på naturen sine rettar og på fred, trekkjer Nina Witoszek fram.

• Les meir om Arne Næss i Uniforum: 

Arne Næss er død

Arne Næss tildelt St. Olavs Orden

Dyptenkeren jubilerer

 

 

Emneord: Filosofi, UiOs priser, SUM Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2022 04:30 - Sist endra 19. apr. 2022 11:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere