Frå 2023 blir UiO:Energi omdøypt til UiO:Energi og miljø. Forskingssatsinga får også eit nytt liv heilt fram til 2027. Det bestemte Universitetsstyret i ettermiddag.
Medan det var fleire som var kritiske då saka var oppe på det førre møtet som enda med at saka blei trekt, var det denne gongen semje om kor viktig det var å få ført vidare denne satsinga. Den gongen var koplinga mellom UiO:Energi og eit mogleg berekraftssenter på Nedre Blindern som førte til ein god del kritiske spørsmål. Også det faktum at både SV-fakultetet og Det juridiske fakultetet hadde kome med forslag om å utsetja avgjerda om ei forlenging av UiO:Energi med eit nytt namn, men at dette først blei kjent gjennom Uniforum, vekte irritasjon hos fleire av styremedlemane.
• Les meir: Fremdeles uviss framtid for UiO: Energi
– Dårleg signal
– Det ville vera eit dårleg signal av UiO å avvikla den største forskingssatsinga på energi, like etter at me har vedtatt ein klima- og miljøstrategi, meinte studentrepresentant Karl Oskar Lie Bjerke.
Representant for dei faste vitskaplege tilsette, Finn-Eirik Johansen stilte spørsmål ved kor omfattande satsinga ville bli.
– Det står også noko om auke av ressursane til UiO:Energi og miljø. Vil ikkje det føra til ei utviding av budsjettet til UiO? lurte han på. Han tykte også at den tverrfaglege forskingssatsinga på UiO bar preg av at eit universitet med åtte fakultet ikkje er ei god nok organisering.
– Dei tverrfaglege satsingane blir derfor oppretta fordi dekanane ikkje kan samarbeida, slo han fast.
Johansen gjorde det likevel klart at han ville støtta forslaget til vedtak.
– Men satsinga bør ha betre kontakt med forskarane på grunnplanet, og ikkje berre med leiinga ved UiO, la han til.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen peika på at det ligg store ambisjonar i satsinga.
– Budsjettet skal hjelpa til med å realisera dette, sa han.
Rektor Svein Stølen svara at universitetsleiinga ikkje hadde lagt seg opp i den interne organiseringa av dei tverrfaglege satsingane.
– Vanvittig breitt område
Ekstern representant Maria Strømme gjorde det også klart at ho ville støtta forslaget til vedtak.
– Det er eit vanvittig breitt område innanfor denne satsinga. UiO vil ikkje klara å dekkja alle desse underpunkta. Derfor må me få noko meir konkret om dette, foreslo ho.
Maria Strømme fekk svar frå viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit, Mette Halskov Hansen.
– UiO:Energi fekk kritikk frå Humsam-miljøa for å vera for sentrert mot energi. Når det no skjer forsking på endring til fornybar energi, monnar ikkje dette, om ikkje satsinga får med seg Humsam-miljøa, understreka ho.
Når det galdt kritikken mot at det var for mange underpunkt som det ikkje er mogleg for UiO å løysa på eiga hand, hadde ho også eit svar på det.
– Dei konkrete utlysingane av forskingsprosjekt, vil avgrensa dette, trekte ho fram.
Kritikken av at tverrfaglege satsingar ikkje alltid når fram til forskarar på golvet, meinte ho ofte kunne vera tilfellet på UiO.
– Men når det gjeld UiO:Energi er denne satsinga mykje meir kjent, og den blir også brukt av Humsam-miljøa, sa viserektor Mette Halskov Hansen.
– Ein ny situasjon i Europa
Også ekstern representant Kristin Clemet støtta forslaget til vedtak, men ho trudde kanskje teksten ville vore litt annleis, om den var blitt forfatta rett etter Russlands invasjon av Ukraina.
– No er det ein ny situasjon i Europa når det gjeld energitryggleik. Derfor kan det vera at det dukkar opp nye spørsmål og problemstillingar som krev nye svar, minna ho Universitetsstyret på.
– Me kan læra av dette
Den andre representanten for dei faste vitskaplege tilsette, Ingrid Lossius Falkum var kritisk til namneendringa og forlenginga av levetida til UiO:Energi på det førre møtet i Universitetsstyret. Då etterlyste ho meir informasjon. Denne gongen var ho svært nøgd.
– Eg ser ingen grunn til ikkje å støtta dette forslaget. Me kan læra litt av dette og ha med alle konsept i ei sak, kommenterte ho. Rektor Svein Stølen var einig.
– Ja, det er viktig at me alltid let ei sak bli diskusjonssak , før den blir ei vedtakssak, svara han.
– Skal vera inkluderande
Administrerande direktør for UiO:Energi, Vebjørn Bakken kunne konstatera at Universitetsstyret ville vedta å forlengja levetida til satsinga under det nye namnet UiO:Energi og miljø. Han presiserte også kvifor det var så mange underpunkt i omtalen av aktivitetane til satsinga.
– Dette er lista opp fordi det skal vera inkluderande. Me trur ikkje UiO skal klara å dekkja alle desse punkta fullt ut. Arbeidsgruppa vår seier at det finst aktivitetar som passar inn på alle desse punkta. No går me inn i ein runde med utlysing av fleire tematiske faggrupper, som skal vurderast av tre internasjonale ekspertar, forklarte han.
Og med sluttinnlegget frå UiO:Energi-direktør Vebjørn Bakken, kunne rektor Svein Stølen erklæra forslaget for samrøystes vedtatt. Dermed blir UiO:Energi omgjort til UiO:Energi og miljø frå 2023 og får forlengja levetida fram til 2027.
• Les meir om UiO:Energi i Uniforum:
Fremdeles uviss framtid for UiO: Energi
UiO vil videreføres og utvides - andre vil sette på bremsen
VIl videreføre storsatsing: – UiO har to valg
Logg inn for å kommentere