UiO gir truleg 61,6 millionar i koronakompensasjon til odontologi og musea

Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum og odontologi har hatt eit inntektstap på 72,5 millionar i 2021 på grunn av pandemien. Oppdaterte tal gir dei 15,3 millionar meir i kompensasjon enn det som dei såg ut til å få då Universitetsstyret vedtok budsjettet for 2021. 

Mange personar er samla rundt eit møtebord i Professorboligen

GIR KORONAPENGAR: Universitetsstyret kan koma til å gi 61,6 millionar i koronakompensasjon for 2021 til musea og odontologi. Biletet er frå møtet i oktober i år. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Foto: Ola Gamst Sæther

I oktobermøtet i fjor sette Universitetsstyret av 46,276  millionar kroner i kompensasjon til musea og odontologi på grunn av bortfall av inntekter under koronapandemien. Summen skulle utgjera rundt 80 prosent av dei samla tapa. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ber no Universitetsstyret på møtet tysdag 7. desember om å auka den summen med 11,6 millionar, slik at desse tre einingane får ein samla kompensasjon på 57,9 millionar kroner. Grunnen til det er at oppdaterte tal frå 2. tertial viser at inntektstapa har vore større enn det som gjekk fram av den første prognosen. Odontologi får i tillegg ei ekstra tildeling på 3,77 millionar kroner knytt til uføresette kostnader på grunn av covid-19.

Brukar UiO bank/fordelingsbalanse

Utbetalingane til musea og odontologi skal skje ved å nytta 46, 276 millionar kroner som allereie er sett av til inndekning av tap av inntekter.  Resten, 15,394 millionar kroner blir tatt frå potten som ber namnet UiO bank/fordelingsbalanse. Utan den ekstra tildelinga til odontologi hadde desse tre einingane rapportert om eit samla inntektstap på 72,5 millionar kroner for 2021. 80 prosent av dette blir altså dekt av UiO, og derfor ber universitetsdirektøren Universitetsstyret om å vedta forslaget om å løyva 57,9 millionar kroner. Den ekstra tildelinga til odontologi på 3,77 millionar skal dekkja utvida praksis for avgangsstudentar i 2021, ekstra bemanning for å  fylgja opp smitteverntiltak i klinikk, ekstrautgifter til smittevernutstyr og vask av arbeidstøy Dermed vil dei få ei samla støtte på 61,6 millionar kroner, går det fram av bakgrunnsnotatet frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Må dekkja inn 204 millionar i pensjonskutt

Universitetsstyret skal også ta stilling til universitetsdirektøren sitt framlegg til korleis UiO bør revidera 2022-budsjettet i samsvar med forslaget til statsbudsjett for 2022.  Den største hovudpina der er kuttet på 204 millionar kroner på grunn av ein ny modell for innbetaling av premie for pensjon.  Universitetsstyret blir bede om å fordela kuttet til fakultet og andre einingar med grunnlag i den delen av lønnskostnadene deira som går til pensjon. Det gjer størst utslag på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som dermed får eit kutt på rundt 49,4 millionar kroner, medan det minste fakultetet, Det teologiske fakultetet, får eit kutt på 1,9 millionar. 

For å spara inn ytterlegare må UiO også redusera talet på studieplassar i opptaket for 2022.  Universitetsstyret skal gi rektor fullmakt til å utføra reduksjonen.

Forslaget til statsbudsjett for 2022 får også andre konsekvensar for UiO.  Det gjeld kutt på inndekning av satsingar på 6,28 millionar kroner og reduksjon i reisevaner i staten på 10,9 millionar kroner.  I tillegg kjem UiOs del av ei redusert løyving til sektoren, som samla utgjer eit kutt på 33,4 millionar, som etter planen skjer for at staten skal finna rom for andre prioriteringar. UiO sentralt vil ta seg av handteringa av desse kutta, går det fram av sakspapira.

Av andre saker som kjem opp er Internrevisjonens årsplan for 2022, UiOs klimarekneskap for 2020 og revidert forslag til heilskapleg klima- og miljøstrategi.  

Møtet startar 7. desember klokka 8.30 og heile møtet vil gå føre seg på zoom. 

Dette er saklista for møtet i Universitetsstyret:

Møte nr. 7/2021 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet her. 

 

Tid og sted: 7. des. 2021 08:30–13:00, Møtet gjennomføres digitalt

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonssaker


I-SAK 1 Presentasjon av Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Ved dekan Solveig Kristensen


Ordinære saker


V-SAK 2 Årsplan 2022-2023

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar UiOs årsplan for 2022-2023 med de merknader
som fremkom i møtet. Universitetsstyret forutsetter at det settes av ressurser til å følge opp prioriteringene på alle nivå i organisasjonen.

Saksdokumenter:


V-SAK 3 Fordeling 2021 - Inndekning av inntektstap

Saksnr. 2019/12930

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret vedtar:

a) en samlet kompensasjon som følge av inntektstap ved OD, KHM og NHM på 57,9 mill. kroner

b) en tildeling på 3,77 mill. kroner til OD til utforutsette kostnader knyttet til Covid 19

c) inndekning foretas ved å benytte

i. 46,276 mill. kroner i avsetning til inndekning av inntektstap

ii. 15,394 mill. kroner fra UiO bank/fordelingsbalanse

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Konsekvenser av statsbudsjettet 2022 - revidert fordeling

Saksnr. 2021/6027

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret vedtar reduksjon i bevilgning på 204,013 mill. kroner fordelt på de
respektive enheter i henhold til sakens fremleggsnotat.
2. Rektor gis fullmakt til å foreta reduksjon i antall studieplasser i tråd med forslaget i
statsbudsjettet for 2022.
3. Rektor gis fullmakt til på foreta endringer som følge av KDs tildelingsbrev til UiO for 2022 samt andre mindre justeringer i fordelingen.

Saksdokumenter:


V-sak 5 Internrevisjonens årsplan 2022

Saksnr. 2010/5245

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner forslag til årsplan for EIR for 2022.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-sak 1 Revidert forslag til helhetlig klima- og miljøstrategi

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-sak 2 UiOs klimaregnskap 2020

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Universitetsdirektørens orienteringer

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i  lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 2 Eventuelt


Ordinære saker


V-SAK 6 Godkjenning av protokoll for  inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


 

Protokoll

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2021 14:22 - Sist endra 2. des. 2021 14:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere