Kommunalministeren opna UiOs nye toppsenter for dataforsking

 – For å løysa store utfordringar må me tenkja nytt og bruka ny teknologi. Det gjorde kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram klart då han opna Senter for data- og utrekningsvitskap på UiO i dag. 

Tre menn og ei kvinne står og snakkar saman

MØTE FØR OPNING: Rett før den offisielle opninga av Senter for data og utrekningsvitskap (dScience) i Sophus Lies auditorium hadde rektor Svein Stølen, kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp), MN-dekan Solveig Kristensen og senterleiar Morten Dæhlen eit kort møte. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det nyetablerte senteret for data og utrekningsvitskap dScience skal utvikla og sikra samarbeid på tvers av fag, sektorar og bransjar, går det fram av ein omtale av senteret på UiOs nettsider.  Målet er at senteret skal driva forsking som skal gjera folk i stand til å forstå, mogleggjera og utnytta dei store datamengdene som omgir oss, noko som skal bidra til det beste for ei berekraftig samfunnsutvikling. TIl saman deltar 45 forskingsgrupper og 350 phd- og postdoktorkandidatar frå heile UiO i dette senteret går det fram av desse nettsidene.  Dei som administrerer senteret har fått plass i Penalet, bygningen mellom Kristine Bonnevies hus og Georg Morgenstiernes hus på Blindern. 

MINGLING MED NÆRINGSLIVET: Studentar og forskarar og næringslivsfolk mingla i Realfagsbiblioteket før den offisielle opninga av dScience i Sophus Lies auditorium. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

Klokka 17.30 i kveld opna senteret med mange hundre studentar, forskarar og inviterte gjester i Sophus Lies auditorium. Før var det eit lite vorspiel med smårettar og mineralvatn i Realfagsbiblioteket.  Der var det også fleire store selskap og etatar som Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå på plass. Det dei har til felles er at dei er storbrukarar av avanserte data.  

– Imponerande breidde

Inne i Sophus Lies auditorium var det kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram frå Senterpartiet som hadde fått oppgåva med å opna Senter for data- og utrekningsvitskap (dScience). 

– Det er ei imponerande breidde i dette miljøet. Regjeringsplattforma vår er ambisiøs på digitaliseringsområdet. For å løysa store utfordringar må me tenkja nytt og bruka ny teknologi, understreka han.

Bjørn Arild Gram trakk fram spesielt ein sektor som vil ha stor nytte av nyutvikla datateknologi.

– Ikkje minst er det viktig for ei berekraftig utvikling i helsetenesta. Me må bruka data rett og på ein ansvarleg måte. Derfor må me ha demokratisk kontroll, slo han fast. 

– Ekspertgruppe skal vurdera eigarskap og deling av data

Statsråden kom også med eit lite nyhende før han offisielt opna det nye senteret for data og utrekningsvitskap.

– Regjeringa har sett ned ei tverrfagleg ekspertgruppe for å vurdera eigarskap og deling av data. Den skal bli ferdig neste år, lova han, før han avslørte at han hadde store forventingar til ein viktig del av datavitskapen.

– Kunstig intelligens kan bidra til å redda liv, var han overtydd om. 

– Då er senteret no offisielt opna, avslutta han.  

– Viktig del av Oslo Science City

Også UiO-rektor Svein Stølen var svært nøgd med nyetableringa.

– I alle fag er det naudsynt med utrekningar. I dag er det rundt 1000 forskarar som jobbar med utrekningsvitskap på UiO. Dette blir også ein viktig del av Oslo Science City, var han sikker på.

Og senterleiar Morten Dæhlen brukte også store ord om framtida til senteret. 

– Det skal bli eit kraftsenter for innovasjon. Mange doktorstudentar på tvers av fagmiljø er knytte til senteret, fortalde han.

Også fleire aktørar i næringslivet er blitt samarbeidspartnarar for senteret.

– Og dei som ikkje er inviterte, inviterer me sporenstreks no, sa Morten Dæhlen.

FULLT AUDITORIUM: Mange var møtt fram for å delta på den offisielle opninga av Senter for data og utrekningsvitskap på UiO. Det er tidlegare MN-dekan Morten Dæhlen som leier senteret. Her går han fram for å halda opningstalen sin. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Vil ha 400 millionar til satsing

I ein minidebatt rett før pausen varsla administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskingsrådet at ho har tilrådd at det blir satsa skikkeleg på data og utrekningsvitskap i framtidige forskingsbudsjett.

– 400 millionar kroner er summen me har bede om, i ein opptrappingsplan for data. Det er ein føresetnad for ei satsing på dette området. Det skal Forskingsrådet pressa på for å få til, lova ho. 

Og etter opninga inviterte senterleiar Morten Dæhlen og det nyopna Senteret for data og utrekningsvitskap på UiO til sosialisering, servering og bedriftsstands til eit godt stykke ut på kvelden. 
 

Emneord: Informatikk, Realfag, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2021 23:38 - Sist endra 1. nov. 2021 13:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere