Eilert Sundts hus i mål med ekstraløyvingar på 140 millionar

Rehabiliteringa av Eilert Sundts hus på Blindern skulle etter planen kosta 180 millionar kroner. Ekstra kostnader har ført til at prisen kjem på 320 millionar kroner.

Ein stor bygning på UiO

FÅR PENGAR TIL REHABILITERING: Universitetsstyret har til saman gitt ei ekstraløyving på 140 millionar kroner til rehabiliteringa av Eilert Sundts hus på Blindern. Det står klart i januar 2022. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Arbeidet med å rehabilitera Eilert Sundts hus, hovudkvarteret til SV-fakultetet på Blindern, blei mykje større enn det som var planen. Auka kostnader i samband med koronapandemien har også ført til at utgiftene til prosjektet har skote i veret.

Halvt år forseinka

Den opphavlege prisen måtte derfor oppjusterast frå 180 millionar til 320 millionar kroner.  Universitetsstyret vedtok bak stengde dører å løyva 97 millionar kroner ekstra på det første møtet 8. september. På Universitetsstyrets andre møte i går vedtok det bak stengde dører å løyva 43 millionar kroner ekstra. Det stadfestar både direktør for økonomi- og verksemdsstyring Ellen Johanne Caesar og eigedomsdirektør John Skogen overfor Uniforum.  

Malurten i begeret er at rehabiliteringa av Eilert Sundts hus vil ta eit halvt år lenger enn rekna med. Dermed kan ikkje dei tilsette ved institutta som har flytta ut, venda tilbake før januar 2023. Dei må altså vera endå lenger i dei mellombelse lokale UiO leiger i Nydalen og i Ullevål stadion.

Spleiselag

Heile byggjeprosjektet er eit spleiselag mellom Kunnskapsdepartementet, UiO sentralt og SV-fakultetet.  Første ute var Universitetsstyret som i 10. mars 2020 løyvde 65 millionar til prosjektet frå 2021-budsjettet og lova å gi til saman 115 millionar kroner. Ni dagar seinare vedtok fakultetsstyret ved SV å løyva 30 millionar kroner av eigne midlar til prosjektet. Dei siste pengane kom på bordet etter at UiO søkte om pengar til vedlikehald av bygningen frå oppgraderingsposten til Kunnskapsdepartementet. Då blei UiO tildelt 45 millionar kroner.  

No viser det seg altså at budsjettramma blir auka til 320 millionar kroner ein sum som går i boks gjennom to ekstraløyvingar frå Universitetsstyret.

Skal bli ferdig i 2023

Eigedomsdirektør John Skogen er svært nøgd med at den siste biten i finansieringspuslespelet no er på plass. 

– Byggjeprosjektet er i gang, og me skal gjennomføra dette slik at SV-fakultetet kan flytta tilbake igjen i 2023.

– Men det blir likevel eit halvt år forseinka i høve til den opphavlege planen?

– Entreprenøren varsla det ganske tidleg på grunn av tilgang på arbeidskraft og materialar.  Dermed klarte ikkje dei å levera innanfor det me opphavleg hadde tenkt. Byggjeprosjekta våre er som regel slik at dei må vera innflyttingsklare til semesterstart. Det er ikkje noko særleg for eit fakultet å flytta midt i eit semester. Derfor utsette me det med eit halvår, opplyser John Skogen til Uniforum. 

Mange faktorar gjer rehabiliteringa dyrare

Skogen legg også fram andre faktorar som har gjort rehabilteringa dyrare enn det var budsjettert med.

– Det er større i omfang, og det er kostnader knytte til strengare føreskrifter som blir utløyste fordi prosjektet er blitt større. Me har også ein del kostnader knytte til prisstiging på grunn av pandemien. Det kjem også ein del fylgjekostnader fordi me må leiga inn fleire lokale lengre som erstatningslokale. Så det er ikkje berre ein ting som gjer at budsjettet har auka, understrekar John Skogen. 

– Har rimeleg kontroll på kostnader

Eigedomsdirektøren trekkjer også fram at Universitetet i Oslo var veldig tidleg ute med å estimera kostnadane til prosjektet.

– Dette slik at me tidleg kunne senda inn ein søknad til Kunnskapsdepartementet for at  prosjektet skulle få ein del av oppgraderingsmidlane for bygningar som treng vedlikehald.  Prosjektet er no betre gjennomarbeidd, og me har rimeleg kontroll på kostnader. Og me har signert ein totalentreprisekontrakt med entreprenøren, fortel John Skogen. 

 – Me har starta opp prosjektet, og me har god tru på at me kan gjennomføra det innanfor dei rammene me har fått.

– Eit godt prosjekt

John Skogen er overtydd om at sluttresultatet blir godt.

– Det er jo eit bra bygg, og SV er eit godt fakultet som leverer godt både på forsking og undervisning. Og det er ein attraktiv studiestad. Eg synest at det er viktig at me bidrar til at dei får god infrastruktur og kanskje kan utvikla seg endå meir. Me har hatt eit tett samarbeid med SV-fakultetet gjennom heile prosessen, så dei får sett  sitt  preg på korleis kontorplassar vert utforma. Eg synest det har vore eit godt prosjekt og brukarane har vore med heile vegen. Samtidig har me ei felles styringsgruppe som gir god styring, understrekar John Skogen.

 

Emneord: byggeprosjekter, livsvitskap Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2021 04:30 - Sist endra 20. okt. 2021 09:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere