Fire politifolk eskorterte 73-åringen Arnved Nedkvitne ut av lesesalen på UB

”Vilkårlig maktbruk er uaksetabelt ved et universitet”. Det skriv Arnved Nedkvitne til Uniforum etter at politiet rett før pinsehelga i mai kom og henta han ut av lesesalen i Georg Sverdrups hus . Politiet avviser at det var fysisk kontakt.

ESKORTERT UT:  Arnved Nedkvitne viser plassen han sat på, då det kom fire politifolk og eskorterte han ut av lesesalen i Georg Sverdrups hus 21. mai i år. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var fredag 21. mai. Arnved Nedkvitne som har 15 år bak seg som historiprofessor på UiO og NTNU, opplevde noko som har sjokkert han langt inn i hjarterota. Han sat på lesesalen i HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus då det kom fire politifolk som bad han om å forlata lesesalsplassen. Så tok dei han med seg og geIeida han ut av bakdøra, sjølv om han tynt bad dei om å få gå gjennom hovudinngangen. Utanfor stod det ein politibil. Men før dei kom fram til politibilen, let dei Arnved Nedkvitne gå, og han kunne rusla vidare på universitetsområdet.

Leiaren for politifolka nekta å oppgi namnet sitt

Uniforum møtte Arnved Nedkvitne  nokre dagar etter denne hendinga. Då tok han oss med til lesesalsplassen som han blei bortvist frå, og til bakdøra som blei brukt då han blei eskortert ut av Georg Sverdrups hus. Nedkvitne har ingenting imot å bli fotografert der bortvisinga fann stad. Han ynskjer likevel ikkje å gi eit eige intervju til Uniforum, men han viser til det han sjølv fortel i eit innlegg han har sendt til Uniforum.

” Fredag 21 mai kom en av UiO’s NOKAS-vektere og beordret meg bort fra plassen jeg satt på og ut av huset. Da jeg fortsatte å sitte der siden ingen andre hadde gjort krav på den hverken muntlig eller skriftlig, ringte UiOs NOKAS-vekter til politiet. Fire personer i politi-uniform kom og brukte gjentatte ganger fysisk vold mot undertegnede i utkastelsen. Politifolkene innrømmet at jeg hadde lovlig rett til å sitte på lesesalen og ikke hadde gjort noe ulovlig, men mente de som politi hadde lovlig makt til å bortvise hvem de ønsket fra UiOs lesesaler og bruke fysisk vold”, skriv han.

Arnved Nedkvitne legg til at han bad leiaren for dei fire politifolka om å gi opp namnet sitt, noko personen nekta å gjera. Etter hans meining var politiet ute etter å visa kva dei har makt til og å visa seg nyttige medan dei var saman med NOKAS-vektaren som var leigd inn frå UiO. “Vilkårlig maktbruk er uakseptabelt ved et universitet”, understrekar han i innlegget.

Arnved Nedkvitne tykkjer det er svært alvorleg at leiaren for politifolka ikkje ville gi opp namnet sitt. “Jeg kan derfor ikke vite om hendelsen skyldtes sviktende dømmekraft og medbrakte vaner hos vekter og politifolk, eller om det ligger en prinsipiell beslutning bak i departement eller sentraladministrasjonen på UiO,” skriv han.

Fryktar konsekvensar

No lurer han på om ein slik veremåte kan få andre konsekvensar også: “Hva blir det neste? At politi eller vektere går inn på kontorene og kaster ut med vold professorer som deres sjefer ikke liker selv om de har lovlig rett til å sitte der?” spør han.

Arnved Nedkvitne har dei siste ti åra registrert seg som student på UiO etter at han fekk avskjed som historieprofessor på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 2008.

Kan bli akseptert sedvane

Arnved Nedkvitne peikar på at sjølv om koronapandemien er ein realitet, så må det ikkje tillatast at den blir brukt til å undergrava verdifulle institusjonar som det har tatt fleire hundreår å byggja opp. “ Byråkratene hevder at de er nødt til å å detaljregulere bruken av lesesaler og andre institusjoner på UiO for å kunne drive smittesporing. Hvor mange smittebærere har egentlig byråkratene oppsporet på lesesalene på UiO? spør han retorisk.

Nedkvitne fryktar også at at dersom pandemien blir langvarig, kan detaljreguleringane enda med å bli akseptert sedvane.

Ei anna uro som Arnved Nedkvitne har, er den aukande kommersialiseringa av vakthaldet på Universitetet i Oslo. Etter hans meining tar dei eksterne vaktene med seg haldningar og veremåtar som er heilt framand for universitetssamfunnet. Og det vil han setja fingeren på gjennom å fortelja om korleis han sjølv opplevde dette.

“Nylig erfarte jeg at denne oppgaven var privatisert til kommersielle vaktselskap. Det er folk uten erfaring fra universitetene og som tar med seg sin arbeidsmåte utenfra. På universitetsbiblioteket på Blindern og muligens flere bygg er NOKAS innleid”, trekkjer han fram. Og det var altså ein av desse vaktene som meinte at Nedkvitne hadde tatt plassen til ein annan student og måtte flytta seg. “Jeg fortsatte å sitte der siden ingen andre hadde gjort krav på den verken muntlig eller skriftlig,” fortel han i innlegget. Der sat han i fred og ro til fire politifolk kom, og bad han om å gå ut av biblioteket gjennom bakdøra saman med dei.

Då Uniforum treff Arnved Nedkvitne nokre dagar seinare er han framleis både litt skjelven og lettare sjokkskadd av det som hende han. – Det er viktig at dette kjem fram til heile universitetssamfunnet, og derfor har eg fortalt denne historia gjennom Uniforum, fortel Arnved Nedkvitne.

FAST BRUKAR: Arnved Nedkvitne er fast brukar av lesesalen i Georg Sverdrups hus. Han held fram med å bruka lesesalen også etter at det i pinsehelga i år kom fire politifolk og eskorterte han ut av denne lesesalen. Forklaringa frå leiinga for HuMSam-biblioteket forklarar bortvisinga med at han ikkje hadde tinga lesesalsplassen, medan den var tinga av ein annan student. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

“der en person nektet å forlate stedet”

Etter samtalen med Arnved Nedkvitne tok Uniforum også kontakt med Oslo politidistrikt for å få deira versjon av det som skjedde. Dagen etter får me svar frå Runar Skarnes som er leiar for operasjonssentralen. Og han stadfestar hendinga, men har ein litt annan versjon av det som hende enn Arnved Nedkvitne.

“Politiet fikk fredag 21/5 ca. kl.14.25 melding om en ordensforstyrrelse på Blindern, der en person nektet å forlate stedet. Det ble sendt en patrulje på oppdraget. Vedkommende nektet å oppgi personalia, og fikk muntlig pålegg om bortvisning fra stedet. Utover dette har vi ingen opplysninger om det som beskrives, vi er heller ikke kjent med beskrivelsen om fysisk kontakt, er kommentaren frå Runar Skarnes som Uniforum får sendt i ein epost.

“Alle har klageadgang på politiet”

Når det gjeld klagen på at leiaren for politifolka ikkje gav opp namnet sitt, forklarar han det på denne måten.

“På generelt grunnlag skal politiet oppgi tjenestenummer ved behov. Alle har klageadgang på politiet, og vi oppfordrer de som opplever seg urettmessig behandlet til å sende inn en klage slik at vi kan undersøke saken nærmere”, heiter det i svaret frå Oslo politidistrikt.

Uniforum har lagt forklaringa frå politiet fram for Arnved Nedkvitne. Han har vald ikkje å kommentera den.

NOKAS meiner vektarane fylgde retningslinjene

Me har også tatt kontakt med vaktselskapet NOKAS for å høyra korleis dei vil forklara det som skjedde. Kommunikasjonsdirektør Ådne Mauritzen har sjekka med dei ansvarlege i selskapet.

“Jeg kan bekrefte at våre vektere var involvert i hendelsen som oppstod. Vi mener vekterne fulgte retningslinjene de er pålagt å følge fra vår oppdragsgiver UIO når situasjoner som dette oppstår.

Utover dette har vi ikke anledning til å kommentere selve hendelsen, men henviser i stedet til ansvarlig UiO leder for oppdraget vi utfører”, svarar han Uniforum i ein epost.

Arnved Nedkvitne har også fått sett svaret  frå kommunikasjonsdirektør Ådne Mauritzen i NOKAS. Men han har vald ikkje å kommentera den.

– Blei bortvist fordi han ikkje hadde tinga plassen

Uniforum har også konfrontert leiar for HumSam-biblioteket, Cecilia Ekström med historia til Arnved Nedkvitne. Ho viser til det strenge smittevernet på UiO som gjer at det er naudsynt å tinga plass på lesesalen før du går inn i biblioteket.

– Dagens situasjon gjer at UiO har bestemt at alle skal tinga plass og sjekka inn når dei kjem på grunn av smittesporing. Vedkomande blei bortvist ettersom han ikkje hadde tinga plassen og den var tinga av ein annan student, fortel ho i ein epost til Uniforum.

Cecilia Ekström legg til at dei har fått ein rapport frå Vakt og alarm og at dei også har fylgt opp med HF og blitt einige om ikkje å gjera noko meir.

Arnved Nedkvitne er orientert av Uniforum om kommentaren frå leiaren for HumSam-biblioteket, men har ikkje kome med  noko svar til hennar versjon av det som skjedde.

Uniforum har også tatt kontakt med Oslo politidistrikt for å høyra kor mange gonger dei har kome til Universitetet i Oslo for å visa bort personar frå lesesalane. Hos pressesjef Unni T. Grøndal får me beskjed om at politiet ikkje har tilgjengelege tal på det. 

• Les også debattinnlegget: Vektere og politifolk på UiO

 

 

 

 

 

 

Emneord: Politi, Georg Sverdrups hus, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. sep. 2021 04:30

Da jeg for mange år siden begynte å jobbe i Teknisk avdeling som nå kalles Eiendomsavdelingen, fikk jeg høre at den gamle betjentformannen Per Johansen hadde bortvist en politimann som forsøkte å bane seg vei gjennom betjentkontoret. Per ville ikke forstyrres på kontoret. Politimannen klagde til sin overordnede men fikk ikke medhold. Tidene har forandret seg.

Nicolay Jautesius Stang - 23. sep. 2021 12:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere