Farmasøytisk institutt markerte 90 år utanfor Blinderns eldste bygning

– Det er flott, ærverdig og rørande å feira 90-årsjubileet til Farmasøytisk institutt. Det synest instituttleiar Kathrin Bjerknes. I strålande haustsol inviterte instituttet i dag til fest utanfor Farmasibygningen.

Fleire personar står ute på ei open gate

FEIRA FARMASI: Publikum med instituttleiar Kathrin Bjerknes på Farmasøytisk institutt og UiO-rektor Svein Stølen i brodden markerte 90-årsjubileet utanfor Farmasibygningen i formiddag. 

Foto: Martin Toft

Det var Farmasøytisk institutt som var først ute med å leggja utdanninga si til Blindern. Det skjedde i 1931, og året etter kunne instituttet flytta inn i den første universitetsbygningen på Blindern. Ein bygning verna av Riksantikvaren og ein bygning som i si tid blei finansiert av brennevinssal, ifølgje instituttleiar Kathrin Bjerknes.

– Ja, det er ein flott bygning, men endå flottare folk. Denne bygningen er finansiert av spritsalet under forbodstida, så det har jo si historie, fortel ho til Uniforum.

Klokka 12.00 i formiddag samla Farmasøytisk institutt både studentar og tilsette utanfor hovudinngangen til Blinderns eldste bygning for å feire 90-årsjubileet med talar av UiO-rektor Svein Stølen, dekan Solveig Kristensen og instituttleiar Kathrin Bjerknes. Heile seansen blei avslutta med musikk av Helene Liepelt Nystedt som sang nordnorske viser akkompagnert av ektemannen Brynjar Benjamin Liepelt Nysted på gitar, før det blei servering av jubileumskaker.

MARKERTE JUBILEUM: Helene Liepelt Nystedt sang nordnorske viser og Brynjar Benjamin Liepelt Nystedt akkopagnerte henne på gitar under jubileumsmarkeringa til Farmasøytisk institutt. (Foto: Martin Toft)

– Resistens og antibiotika er viktige stikkord

Rektor Svein Stølen trekte fram kor viktig farmasøytane hadde vore under koronapandemien. – De har vist fram kva som kan gjerast for å kjempa mot dette viruset. Dessverre har også skepsisen mot vaksinar auka under pandemien. Det må me som institutt og institusjon jobba imot i tida framover, lova han.

Stølen var også sikker på at farmasøytane ville stå i frontlinja i kampen mot andre utfordringar i tida framover.

 – Resistens og antibiotika er viktige stikkord, sa Svein Stølen.

– Rett til å  hospitera på universitetet

Han peika også på historia til farmasien.

– Noregs første doktorand Frederik Holst samla saman og katalogiserte droger og delte dei inn i 18 ulike kategoriar. Den fantastiske samlinga hans kan sjåast i Museum for universitets- og vitskapshistorie i Kristian Ottosens hus. Den er vel verdt å sjå, fortalde han.

Så viste han korleis profesjonen først kom inn på universitetet.

– I 1836 kom ny lov for farmasøytisk utdanning. Den gav farmasistudentane rett til å hospitera på universitetet og få påfyll av mellom anna kjemi, peika han på. – I dag er farmasistudentane blant dei aller beste studentane Universitetet i Oslo har, la han til.

EI FRAMTID I LIVSVITSKAPSBYGGET: Rektor Svein Stølen såg føre seg ei god framtid for Farmasøytisk institutt saman med Kjemisk institutt,Berekningsvitskap og fagmiljøet frå Det medisinske fakultetet og Oslo universitetssykehus i Livsvitskapsbygget. (Foto: Martin Toft)

Farmasøytisk institutt ligg under Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og er det einaste instituttet der som utdannar folk til ein helseprofesjon.

– Me er det einaste helseprofesjonsstudiet og me utdannar farmasøytar som no under pandemien har stått i front, og me har ei breidde innanfor farmasien som rører grensesnittet til mange av dei andre naturvitskaplege faga. Det er flott, ærverdig og rørande å feira 90-årsjubileet til Farmasøytisk institutt synest instituttleiar Kathrin Bjerknes.

– De har aldri problem med å få tak i nok studentar som vil studera farmasi?

– Nei, det er faktisk svært populært, og dei er alle sikra jobb. Det er mangel på farmasøytar i Noreg. Mange av dei går til apotek, som sjølvsagt er ein kjempeviktig jobb, medan andre går til legemiddelindustrien og driv med innovasjon. Andre held fram på instituttet og blir viktige forskarar, seier ho til Uniforum.

Frå Blinderns eldste bygning til UiOs nyaste

I 2026 skal Farmasøytisk institutt etter planen flytta ut av Farmasibygningen og inn i det nye Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Dermed reknar Kathrin Bjerknes med at dei kan markera 100-årsjubileet der Ho ser fram til den flyttinga.

SPRITSAL: Farmasibygningen blei finansiert av spritsal under forbodstida, seier instituttleiar Kathrin Bjerknes på Farmasøytisk institutt. I dag heldt ho tale under 90-årsmarkeringa for instituttet. (Foto: Martin Toft)

– Me gler oss til det. No er me spreidde i fleire ulike bygningar, så me ynskjer å samla oss. Når me har fått høvet til å koma inn i Livsvitskapsbygget, blir det lettare å få til samarbeid med andre institutt, og då vil det opna seg mange andre moglegheiter. Dette gamle bygget er fantastisk flott med ei verneverdig trapp, som alle må koma innom og sjå når pandemien er over. Bygget er slite, så det blir bra å koma inn i eit heilt nytt bygg, trur Kathrin Bjerknes.

– Verdiskaping og nytt næringsliv

 Det er eit ynske ho deler med rektor Svein Stølen.

– Der vil instituttet bli samlokalisert med Kjemisk institutt, Berekningsvitskap og ikkje minst med fagmiljøet frå Det medisinske fakultetet og Oslo universitetssykehus. Det vil gi grobotn for konvergens, nyskaping og innovasjon. Som vår statsminister Erna Solberg seier: Det er ikkje bygningen som er viktig, men den faglege aktiviteten og innhaldet i bygningen. Den faglege aktiviteten skal bidra til verdiskaping og nytt næringsliv i tillegg til betre helse, lova UiO-rektor Svein Stølen, før han gratulerte Farmasøytisk institutt med 90-årsjublieet.  

Dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, er sjølv professor i farmasi. I talen sin gjekk ho endå lenger tilbake i historia og viste korleis farmasi blei etablert som kunnskapen om medisinar hos grekarane allereie 200 år f. Kr.

 – Seinare kom det lover som skilte nøye mellom farmasiprofesjonen og legevitskapen, trekte ho fram. Også ho såg fram til at Farmasøytisk institutt kan flytta inn i Livsvitskapsbygget.

– No kan det ta lenger tid enn til 2026 før bygget blir ferdig, men i alle fall vil det vera klart før Farmasøytisk institutt kan markera 100-årsjubileet sitt, var ho overtydd om.

Og jubileumsmarkeringa til Farmasøytisk institutt går no slag i slag fram til sommaren 2022. Neste post på programmet  skjer den 23. september. Då blir det eit historisk tilbakeblikk på farmasiutdanninga. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: farmasi, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2021 17:00 - Sist endra 13. sep. 2021 17:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere