Valdebatten på UiO kan høyrast i opptak i morgon

Klokka 10.00 i formiddag starta valdebatten mellom alle kandidatane til Universitetsstyret.  I morgon vil det vera mogleg å høyra heile valdebatten i opptak. 

Eit bilete av alle kandidatane til styrevalet

PÅ EIT BRETT: Her er alle styrekandidatane på eit brett. Øvst frå venste er Stian Kogler,  Brita Langeid, Marianne Midthus Østby, Viktor Balch Barth og Ingrid Lossius Falkum. I midten: Elisabet Garcia González, Mariel Aguilar-Støen, Jan Helge Solbakk (skjult bak videopila), Linda Kristina Joelsson og Hanne Skjølås Nygaard. Nedst frå venstre Helge Jordheim, Helene Amundsen Nissen-Lie, Hanne Bjerknes, Linn Kristin Stølan og Finn-Eirik Johansen. 

Foto: Skjermdump

I formiddag kunne  alle på UiO møta kandidatane som ynskjer å få ein plass i Universitetsstyret. På debattmøtet klokka 10.00 stilte først dei tre kvinnene og tre mennene som kjempa om dei to plassane for dei fast vitskaplege tilsette til debatt. Deretter kom turen til dei fem kvinnene som vil erobra den eine plassen for dei teknisk-administrative tilsette. Til slutt var dei fire kandidatane som vil vera representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i elden. 

Uniforum kjem med fleire saker frå debattmøtet.  Og i morgon kan alle høyra heile debatten i opptak. Den blir lagt ut på denne nettsida.  

Dette  var timeplanen for valdebatten som blei leia av politisk journalist Aslak Bonde.  

Tidsplanen for møtet var:

  • Kl. 10.00–10.50: Fast vitskaplege tilsette
  • Kl. 11.00–11.35: Mellombels vitskaplege tilsette
  • Kl. 11.50–12.30: Teknisk-administrative tilsette
Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2021 04:30 - Sist endra 2. juni 2021 14:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere