Davit Aghayan er doktorkandidat nummer 5000 frå Det medisinske fakultetet

Kirurg Davit Aghayan er doktorkandidat nummer 5000 frå Det medisinske fakultetet på UiO sidan den aller første kandidaten disputerte  i 1817. Torsdag blei blei han heidra av forskingsdekan Jens Petter Berg.

Ein mann i kvit frakk har tatt imot blomar og ein inngravert vase,

KANDIDAT 5000: Davit Aghayan er doktorkandidat nummer 5000 på Det medisinske fakultetet ved UiO. Torsdag blei han heidra av fakultetsleiinga. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var grasbakken framfor dei tre kvinnestatuene ved Rikshospitalet som var scenen då forskingsdekan Jens Petter Berg på Det medisinske fakultetet  torsdag formiddag overleverte ein inngravert vase og blomar til kirurg og doktor Davit Aghayan som doktorkandidat nummer 5000.

Om disputasar på MED:

  • Nesten halvparten av dei som disputerer på fakultetet na, har anna helsefagleg utdanning enn lege.
  • Over halvparten er kvinner.
  • Fakultetet ligg no på ca 200 disputasar i året, noko som utgjer over fire av ti disputasar ved Universitetet i Oslo.
  • Den første disputasen ved fakultetet kom i 1817. 
  • Temaene kandidatene har jobba med opp i gjennom åra, har utvikla seg veldig i ulike fasar, frå å forstå kroppen, til å finna ny kunnskap, til folkehelse og samfunnsmedisinske tema, og over mot meir klinisk prega arbeid og meir laboratoriearbeid.​(Kjelde: Det medisinske fakultetet)

– Målet er å danna eiga forskargruppe

Uniforum møtte ein svært glad Davit Aghayan rett etter markeringa.

– Ja, det er veldig hyggeleg å vera doktorkandidat nummer 5000.  Det er overraskande at Det medisinske fakultetet har hatt så mange disputasar. Det er også eit fint høve til å visa fram den forskinga me har gjort.

– Kjem du til å halda fram med forsking vidare?

– Ja, etter at eg disputerte i desember, starta eg som postdoktor og eg er allereie i gang med eit nytt forskingsprosjekt. Målet mitt er at eg i framtida kan danna mi eiga forskargruppe, fortel han til Uniforum.

– Du kjem opphavleg frå Armenia. Korleis kom du frå Armenia og til Universitetet i Oslo?

– Eg fekk tilbod om stilling her som forskar i kirurgi.  I Armenia jobba eg i nesten to år som generell kirurg etter at eg hadde blitt ferdig med spesialiseringa.

– Det er fantastisk

 Og som doktorkandidat har du jobba med pasientar som hadde tjukktarmkreft?

– Ja, eg undersøkte pasientar som hadde tjukktarmkreft med spreiing til levra.  Så samanlikna eg tradisjonell open kirurgisk behandling med kikholkirurgi eller laparoskopi.  Med den nye behandlingsmetoden vil pasientane kunne koma ut av sjukehuset etter to dagar. Me har gjort verdas første randomiserte studiar på dette området, og me kan slå fast at kikholkirurgi er å føretrekkja for desse pasientane. Det er fantastisk, slår han fast.

– Ei stor glede

Forskingsdekan Jens Petter Berg var også svært glad for å kunna markera doktorkandidat nummer 5000 frå Det medisinske fakultetet i dag.

– Det er ei stor glede som viser at forskinga er viktig og omfattande ved fakultetet. Personleg for Davit (Aghayan) er det også ein milepæl å ha disputert, og det er det også for det miljøet han representerer. Det er også fint for fakultetet å få sett pris på den innsatsen alle gjer med doktorgradskandidatar, rettleiarar og teamet rundt.  Me er heilt avhengige av det samarbeidet og at det fungerer på ein god måte, understrekar Jens Petter Berg overfor Uniforum.

– Me er stolte over å ha kome fram til doktorgradskandidat 5000 sjølvsagt, men det viser også innsatsen til mange personar gjennom over 200 år, konstaterer han.

– Har grunnlagt firma med milliardverdi

– Set dei spor etter seg i forskinga desse kandidatane etter at dei er ferdige?

– Det er mange døme på personar som har gått vidare i forsking og har vore med på å grunnleggja firma som i dag har milliardverdi.  Det er også personar som går inn i sjukehusstillingar og ved å ha forskarkompetanse bidrar dei til at kvaliteten på behandling blir betre. Gjennom kompetansen sin veit dei korleis forsking kan føra til betre behandling.

– Mange av doktorkandidatane på Det medisinske fakultetet kjem frå andre land.  Blir dei verande her etter avslutta doktorgrad eller drar dei heim for å driva med vidare forsking i heimlanda sine?

– Det har me ikkje ført nokon grundig statistikk over.  Men me har eit omfattande samarbeid med forskingsprogram i til dømes Etiopia der målet er at doktorkandidatane skal vera med på å styrka forskinga i heimlandet, fortel Jens Petter Berg.

MARKERING; Forskingsdekan Jens Petter Berg (t.v.) delta ut ein inngravert vase og blomar til kirurg og postdoktor Davit Aghayan (lengst til høgre) for å vera doktorkandidat nummer 5000 på Det medisinske fakultetet. I midten står Bjørn Edwin som har vore gruppeleiar  for Davit Ag hayan.

– Kan få betre behandling og betre livskvalitet

Han talar også varmt for doktoravhandlinga som Davit Aghayan har gjennomført.

– Det er ei avhandling som går ut på å betra behandlingsmetodar for pasientar, det som me kallar  typisk bruksretta forsking.  Forskingsresultata har mykje konkret å seia når det gjeld klinisk behandling av pasientar med tjukktarmkreft med spreiing til levra. Med dei metodane  han har vore med på å utvikla og det tilbodet dei kan gi på Intervensjonssenteret, kan dei få betre behandling og betre livskvalitet, understrekar han.

.

Emneord: Det medisinske fakultet, Doktorgrader, Medisin Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2021 00:34 - Sist endra 30. apr. 2021 00:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere