No skal det bli enklare for profesjonsstudentar å dra på utveksling

Regjeringa vil bruke minst 27 millionar kroner på auka mobilitet innan mellom anna helse- og sosialutdanningar.

Ein mann sit og snakkar

ENKLARE: Forskings- og utdanningsminister Henrik Asheim vil ha fleire studentar på utveksling. – Derfor må vi gjere det enklare for endå fleire studentar å ta delar av utdanninga i eit anna land, seier han.

Foto: Ola Gamst Sæther

Regjeringa har som mål at fleire studentar skal ta heile eller deler av utdanninga si i utlandet. For at fleire skal reise ut vil regjeringa bruke minst 27 millionar kroner på auka mobilitet innan mellom anna helse- og sosialutdanningar

- Når vi kjem tilbake til normalen etter koronakrisa må vi bli endå flinkare på utveksling enn vi har vore fram til no. Det er eit gode både for studentane, utdanningsinstitusjonane og det norske arbeidslivet at fleire har erfaring med andre kulturar og språk. Derfor må vi gjere det enklare for endå fleire studentar å ta delar av utdanninga i eit anna land, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

I stortingsmeldinga Ei verd av moglegheiter foreslår regjeringa å gjennomføre pilotprosjekt for å auke delen studentar som reiser ut i dei rammeplanstyrte utdanningane. Dette er utdanningar for mellom anna sjukepleiarar, barnehagelærarar og sosialarbeidarar der mykje obligatorisk undervisning og praksisperiodar fører til at få studentar tek ein del av utdanninga i utlandet. No lyser Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) ut minst 27 millionar kroner til pilotprosjekt for 3-årige rammeplanstyrte utdanningar.

- I dag opplever mange studentar innan desse utdanningane at det er for tungvint og vanskeleg å reise ut. Derfor skal vi bruke pengar på å utvikle og prøve ut nye ordningar som kan gjere det mogleg å til dømes ta noko av den obligatoriske praksisen i eit anna land eller reise på kortare utanlandsopphald, seier Asheim.

Utdanningsinstitusjonane kan søke om opptil 3 millionar kroner til prosjekt som skal bidra til meir utveksling.

Emneord: Globalisering, Internasjonalisering, Utveksling
Publisert 2. mars 2021 09:39 - Sist endra 2. mars 2021 09:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere