Ung forskar har gjort banebrytande funn om aldring og Alzheimer

–Det er fantastisk flott og inspirerande å vera ein del av eitt av verdas fremste fagmiljø på aldring og livsløpsforsking. Det seier doktorstudent James Michael Roe på Psykologisk institutt, UiO. Førre måndag fekk 32-åringen publisert ein artikkel i Nature Communications med eit heilt nytt funn om aldring og Alzheimer-pasientar.

Ein mann står ute i skogen

SAMANHENGEN: – Mange endringar i hjernen heng saman med normal aldring, og så blei eg interessert i sjå på samanhengen mellom normal aldring og dei som får Alzheimer, fortel doktorgradsstudent James Michael Roe på Psykologisk institutt ved UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

James Michael Roe kom frå Birmingham i England med ein bachelor i psykologi i bagasjen, før han begynte som masterstudent på Psykologisk institutt på UiO.  Denne veka fekk den 32 år gamle tobarnsfaren publisert ein vitskapleg artikkel med nye funn om aldring og Alzheimer i Nature Communications, eit svært prestisjetungt forskingstidsskrift.

– Svært kult

– Det er svært kult. Det er langt over alle forventningane mine. Grunnen til at den blei tatt inn er truleg den høge kvaliteten på data og at me klarte å påvisa funna våre kvar gong gjennom fleire forsøk, slik at me kunne slå fast at det er slik. Me kunne måle tjukkleiken på hjernebarken til 2600 personar frå 20-90 år i fem forskjellige land. Og me kunne gjera det gjennom bilete av hjernen deira tatt opptil seks gonger gjennom livet deira. Me byggjer på arven frå andre forskarar, og i det heile har dette vore ein stor laginnsats, synest James Michael Roe. 

Fascinert av psykologi sidan vidaregåande

Frå han var ung, var han aldri i tvil om at det var psykologi som var faget for han.

– Eg har vore fascinert av dei biologiske aspekta ved psykologi heilt sidan eg gjekk på vidaregåande. Då hadde eg ein flink lærar som klarte å gjera faget fascinerande. Og eg er viss på at den undervisninga du får når du er ung, kan ha stor effekt på kva  du vil studera i framtida og kanskje til og med styra livet og karrieren din. For meg  var det verkeleggjeringa av å sjå korleis oppførsel,  på mystisk og underleg vis gjennom minne og tankar, alt har eit fysisk grunnlag i  verda, gjennom den fysiske kommunikasjonen mellom hjernecellene. Og den ideen at alt me er, det me har opplevd, er  fysisk programmert inn i hovuda våre, den er svært  fortryllande for meg. Og så kan alt dette på ein blunk bli destabilisert, fortel James Michael Roe til Uniforum.

For mange leier psykologistudiet til ein jobb som psykolog. Men for Roe var vidare forsking i psykologi eit naturleg val. Og etter å ha tatt ei avgjerd om å flytta til Noreg etter at han hadde avslutta bachelorgraden i Storbritiannia, var det også lettare å staka ut ein kurs mot forsking. Han viser også til at psykologistudiet i Noreg og Storbritannia er ganske forskjellig, og at Storbritannia heller ikkje har den skilnaden som Noreg har mellom profesjonstudiet og gradsstudiet.

– Eg er svært ivrig etter å læra nye ting og sidan eg alltid har interessert meg for dei vitskaplege forklaringane på slike psykologiske fenomen, så verka det som om ein forskarkarriere ville passa meg betre, og nokre seier at eg kanskje ikkje er den aller beste lyttaren,  men det veit eg ikkje sjølv ein gong om  stemmer, smiler han.

Starta som vitskapleg assistent

I dag er James Michael Roe snart ferdig med doktorgradsutdanninga si på UiO. Og i den vitskaplege artikkelen som denne veka blei publisert i Nature Communications omtalar han funna han har gjort i doktoravhandlinga si. Som doktorgradsstudent har han vore ein del av forskargruppa og senteret til Kristine Walhovd og Anders Fjell som handlar om livsløpsendringar i hjerne og kognisjon (Lifespan Changes in Brain and Cognition).

Roe fortel at det eigentleg var heilt tilfeldig at han hamna i den forskargruppa.

– Eg var masterstudent i kognitiv nevrovitskap, og så søkte eg jobb der som vitskapleg assistent. Og eg fekk jobben. Då blei eg klar over kva forsking dei heldt på med, og eg tykte det var superinspirerande.  Eg jobba der heile tida deltid medan eg var masterstudent, og gjennom hardt arbeid dukka det opp fleire sjansar. Det var heilt utruleg  tilfredsstillande å kunna bli med i forskargruppa til Kristine og Anders, først som vitskapleg assistent og seinare som doktorgradsstudent, fortel han. 

– Å seia at dei er inspirerande, er ikkje dekkjande nok. Både som personar og forskarar er dei heilt eineståande. Dei viser ein utruleg entusiasme og bringer med seg fantastisk energi for forsking og forskingsmiljøet som dei har bygt opp gjennom fleire år.  Det er ein flott plass å jobba og eg er stolt av å vera ein del av det, fortel han.

– Forska mest på vanleg aldring

Den vitskaplege artikkelen han har fått publisert i Nature Communications  omtalar funn som han har gjort i hjernen til  personar med Alzheimer, men også heilt vanlege personar frå 20-90 år.

– Eigentleg forska eg mest på vanleg aldring. Så begynte eg å interessera meg for forholdet mellom normal aldring og dei som utviklar Alzheimer. Mange endringar i hjernen heng saman med normal aldring, og så blei eg interessert i sjå på samanhengen mellom normal aldring og dei som får Alzheimer. Mange funn tyder på at nedbryting av hjernen gjennom normal aldring overlappar med utviklinga av Alzheimer. Me veit at det skjer endringar og skader i hjernen, før effektane av sjukdommen viser seg gjennom til dømes tale og nedsett minne, fortel han.

Roe viser til at det dei må må gjera er å finna dei første spora i hjernen som tyder på utvikling av Alzheimer før personen begynner å visa symptoma på det. Han trekkjer fram at det er svært viktig for dei å forstå korleis hjernen utviklar seg gjennom normal aldring i seg sjølv, men også for at dei skal kunna samanlikna hjernen til dei som får Alzheimer.

– Må jakta etter tidlege biomarkørar

– Ein forskar må jakta etter tidlege biomarkørar som kan tyda på at ein person kan få Alzheimer. Men ein må vita kva som er normalt for å kunna fastslå kva som ikkje er det.  På den måten kan me kanskje forstå betre samanhengen mellom aldring og Alzheimer, og kanskje utsetja eller forhindra utviklinga av Alzheimer i framtida, håpar Roe.  

Og det er nettopp slike funn han har gjort i den vitskaplege artikkelen som blei publisert i Nature Communications for ei veke sidan.

– Me fann nye ting om korleis hjernen endrar seg gjennom normal aldring. Og me var spesielt interesserte i hjernebarken. Å mista hjernevev i den delen av hjernen - eit tynt belegg med grå substans -  har heile tida blitt sett i samanheng med kognitiv nedgang i både normal aldring og til det som fører til Alzheimer. Den delen av hjernen er grunnleggjande for minnet vårt, men også meir generelt for dei mentale evnene våre, fortel han. 

Nedbrytinga i hjernen begynner rundt 30-årsalderen

No har han funne ut at ikkje alt i hjernen  er slik som mange trudde tidlegare.

– Fram til no har mange tenkt at den venstre og høgre hjernehalvdelen vert broten ned i same fart gjennom aldring fordi dei heng nært saman anatomisk og har høg symmetri i både anatomi og funksjon. Me har derimot funne ut at det er asymmetri, og frå 20-årsalderen så vil ofte den venstre hjernehalvdelen som også er tjukkast over ein stor del av hjernebarken, bryta ned raskare enn høgresida også gjennom resten av livet. Venstre- og høgresida av hjernebarken er ikkje like tjukke hos unge personar. Med andre ord er hjernebarken  asymmetrisk, og dette er ein oversett, men viktig form av organiseringa av hjernen. Det ser ut til at det kanskje begynner hos folk når dei er rundt 30 år gamle, seier han.

NY MÅTE: – Me har funne ein ny måte som hjernen eldast på, og har kopla desse prosessane som skjer gradvis gjennom livet til prosessar som skjer raskare i Alzheimers sjukdom, fortel James Michael Roe. I mars skal han forsvara doktoravhandlinga si på UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Ein del av den vanlege aldringsprosessen

Roe peikar på at dei gjennom data om personar innsamla i fem ulike land, stadfesta dei at det å gradvis mista asymmetri over heile hjernebarken er ein del av den vanlege aldringsprosessen.   

– Dermed kan me heilt sikkert seia at raskare uttynning av den tjukkare hjernehalvdelen er ein del av den vanlege aldringsprosessen i hjernen. Så fann me ut at denne nedbrytinga gjekk endå raskare, og derfor moglegvis begynner langt tidlegare hos dei som utvikla Alzheimer. Derfor kan me slå fast at den nedbrytinga som skjer i hjernens asymmetri gradvis gjennom normal aldring, ser ut til å gå mykje fortare hos dei som har Alzheimer. Slik kunne me for første gong sjå at nøyaktig dei same hjerneområda som var sårbare i Alzheimers sjukdom, viste ein klar nedgang i asymmetri gradvis gjennom heile livet. Men cellemekanismane bak funnet om at den tjukkaste hjernehalvdelen blir raskare broten ned, er enno ikkje oppdaga. Og derfor må det forskast vidare på det, forklarar han.

– Begynner langt tidlegare i livet

– Trur du at dette funnet kan føra til at det blir utvikla medisin mot Alzheimer?

– Det kan eg ikkje seia noko om. Me har funne ein ny måte som hjernen eldast på, og har kopla desse prosessane som skjer gradvis gjennom livet til prosessar som skjer raskare i Alzheimers sjukdom. Eg trur at studien kastar lys på det moglege tidsperspektivet når det gjeld utvikling av sjukdomen. I tillegg kan det vera eit teikn på at nokre av dei hjerneprosessane som er knytte til sjukdommen også skjer i vanleg aldring, og at desse moglegvis begynner langt tidlegare i livet enn det me har rekna med, fortel han.

I mars skal James Michael Roe disputera for doktorgraden på Psykologisk institutt. Når han er ferdig håpar han å kunna halda fram med forsking i ei postdoktorstilling. Han synest forskingsmiljøet er altfor spennande til at han ikkje kan halda på vidare.

– Men først og fremst så skal eg avslutta doktorgradsstudiet,. No veit eg i alle fall at eg har eit godt grunnlag for ei framtid i forsking, konstaterer han.

– Har ikkje vore utan utfordringar

Roe bur i  Nittedal med sambuar og med ei dotter på fire år og ein son på 11 månader.Trass i at han har halde på med intensiv forsking, får han til å kombinera både familieliv og forsking.

– Det har ikkje vore utan utfordringar, men me har fått det til å fungera for oss. Og for meg som har forska på utvikling av hjernen, er det spesielt morosamt og interessant å fylgja med på korleis barna utviklar seg frå år til år og frå månad til månad. Og som forskar kan eg også jobba ekstra i periodar, og så få mange timar avspasering der eg kan vera heime utan dårleg samvit. Men det har ein heile tida gjennom doktorgradsperioden, uansett, ler han.

– Og partnaren min har gjort ein knallbra jobb for at det skulle fungera, avsluttar James Michael Roe.

 

Emneord: Psykologisk institutt, Forskning Av Martin Toft
Publisert 8. feb. 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere