UiO kan etablera ein stor felles IT-organisasjon

Både Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT), lokale IT-einingar og IT-gruppene  til fagavdelingane hos UiO sentralt kan bli organiserte i ein felles organisasjon for UiO med det førebelse namnet UiO:IT. Det føreslår ei styringsgruppe overfor Universitetsstyret. Saka kjem opp på morgondagens møte.

Ein mann i dressjakke og ein mann med briller og i skjorte diskuterer framfor ei tavle

UiO:IT: UiO bør organisera alle små og store IT-tenester på UiO i ein stor felles organisasjon, førebels med namnet UiO:IT. Det er tilrådinga universitetsdirektør Arne Benjaminsen kjem med overfor Universitetsstyret og rektor Svein Stølen i morgon. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Forslaget til endringar i organiseringa av all IT-verksemd på UiO er resultatet av vurderingar gjorde  både i “Masterplan for universitets IT” og i prosjektet til  styringsgruppa OU-IT som tidlegare er nedsett av Universitetsstyret. 

Ifylgje bakgrunnsnotatet som ligg ved sakspapira, er formålet med prosjektet å utvikla ei IT-verksemd som har ei organisering, ein arbeidsprosess og ein kompetanse som styrkjer UiOs posisjon som “et internasjonalt universitet for fremragende forsking og utdanning”, står det.  Hovudmålet er at IT-verksemda skal levera høg kvalitet, vera fagnær, tilpassingsdyktig og effektiv, går det fram av bakgrunnsnotatet. 

Ambisjonen er derfor at arbeidet skal føra til at UiO skal halda fram med å vera i fronten i digitalisering og gode IT-tenester i Noreg, noko som skal koma både studentar og tilsette til gode.

Vurderte fire modellar

Prosjektet greidde ut og vurderte fire ulike modellar for korleis IT-organiseringa på UiO bør vera i framtida. Det første alternativet  er 0-alternativet (inga endring) via alternativ 0 +  (samarbeid) og og alternativ 1 (tilpassa) til alternativ 2 (felles) som inneber samling i ein felles IT-organisasjon.

I sakspapira går det fram at styringsgruppa på grunnlag av ei samla vurdering tilrår at alternativ 1 (tilpassa) vert vedtatt som organisasjonsmodell for IT-verksemda på UiO.  Det fører til at det blir etablert ein felles IT-organisasjon for UiO, som altså førebels får namnet UiO:IT.  Konsekvensane blir at det blir endringar i organisering, styringslinjer og personalansvar, går det fram av bakgrunnsnotatet.  Alle felles IT-funksjonar skal i størst mogleg grad organiserast i UiO: IT. Det står også at basis IT-tenester vil gjerast felles og standardiserast for å frigjera ressursar som kan nyttast til det som blir kalla fagnær IT-verksemd lokalt.  Dessutan skal det etablerast ein felles brukarkontakt eller service-desk for alle UiO-forskarar, -undervisarar, teknisk-/administrative tilsette og studentar.

Alle går inn i UiO:IT

Nyorganiseringa gjer også at den lokale IT-organisasjonen organisert under styringslinja til fakulteta og einingane og IT-verksemda i Avdeling for studieadministrasjon og Eigedomsavdelinga i LOS (Leiing- og støtteeiningar sentralt) vert vurderte heilt eller delvis organiserte inn i ny UiO:IT.  Heile dagens USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi )går inn i ny felles IT-organisasjon. Det skal setjast i gang ein vidare prosess der oppgåvefordeling og underliggjande organisasjonsstruktur skal gjerast ferdig i samarbeid med fakultet og einingar.  UiO garanterer også at det ikkje blir oppseiingar som ein konsekvens av den nye organiseringa av IT-verksemda på universitetet.

Universitetsdirektør Arne Bejaminsen sluttar seg til tilrådinga om alternativ 1 (tilpassa)  som organisasjonsmodell for UiOs IT-organisasjon og ber Universitetsstyret vedta det, står det i saksdokumentet. Han ber også Universitetsstyret vedta at universitetsdirektøren får fullmakt til å setja i gang etableringa av  den nye IT-organisasjonen.  I morgon kjem saka opp til handsaming i Universitetsstyret.

Skal rapportera om koronastatus

Det er også nokre få andre saker som kjem opp på morgondagens møte. Det mest interessante er truleg forslaget på eksterne kandidatar til Universitetsstyret. Den delen av møtet vil gå føre seg bak stengde dører. Elles er det status for UiOs arbeid med korona som kjem opp som ei informasjonssak i Universitetsstyret. Bak stengde dører skal styremedlemane diskutera sin eigen årsrapport for 2020. Men UiOs årsplan for 2021-21 skal opp til handsaming i ope møte.

Møtet tar til i morgon klokka 11.00, og også denne gongen blir det digitalt.  Møtet vert også strøymd over UiOs nett.

Dette er heile saklista:

Møte nr. 1/2021 i universitetsstyret

Møtet gjennomføres på Zoom, og vil bli streamet. 

 

Tid: 9. feb. 2021 11:00–16:00

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonssaker


I-SAK 1 Presentasjon av Oslo Science City

Ved direktør Christine Wergeland Sørbye


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 2 Forslag til eksterne medlemmer og vararepresentanter til universitetsstyret 2021-2023

Saksnr. 2008/19948

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 15


Diskusjonssaker


D-SAK 1 Årsrapport 2020 - Styrets beretning

Saksnr. 

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 5


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 3 UiOs årsplan 2021-2023

Saksnr.:

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar UiOs årsplan for 2021-2023 med de merknader som fremkom i møtet. Universitetsstyret forutsetter at det settes av ressurser til å følge opp prioriteringene på alle nivå i organisasjonen.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Organisering av UiOs IT-virksomhet

Saksnr.:

Forslag til vedtak:

  1. Det etableres en felles IT-organisasjon for UiO i samsvar med anbefalt alternativ 1 (Tilpasset)
  2. Universitetsdirektøren gis fullmakt til å gjennomføre etableringen

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 2 Status UiOs arbeid med covid-19

Saken legges frem i møtet


Orienteringssaker


O-SAK 1 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 3 Eventuelt

Emneord: USIT, IT, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 8. feb. 2021 13:51 - Sist endra 8. feb. 2021 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere