Svein Stølen opna Oslo Life Science: – Det er naudsynt med ein dialog med samfunnet

– Me treng eit samfunn som set pris på vitskap og forsking og har forståing for den rolla ekspertar spelar i samfunnet. Det er vårt felles ansvar å oppnå det målet. Og det er det Oslo Life Science også skal bidra til, sa rektor Svein Stølen då han opna konferansen i ettermiddag.

Ein mann med kjede står og talar i Universitetets aula

UTFORDRINGAR:  – Vitskap er ikkje utan etiske dilemma og utfordringar. Forsking kan også påverka dagleglivet til folk. Nettopp derfor er det naudsynt med ein dialog med samfunnet, sa UiO-rektor Svein Stølen under opninga av Oslo Life Science-konferansen i dag. (Skjermdump frå UiO)

Foto: Skjermdump frå UiO

Det er sjette gongen Universitetet i Oslo saman med Oslo universitetssykehus og The Life Science Cluster arrangerer Oslo Life Science-konferansen. Men det er første gongen heile konferansen er digital.Temaet for Oslo Life Science i år er refleksjonar over pandemien og korleis verda kan førebu seg på framtidige pandemiar.  

Opna konferansen i ein nesten tom universitetsaula

Det som ikkje har endra seg, er at konferansen blir opna frå Universitets aula av UiOs rektor. Så rektor Svein Stølen stod på Aulaens talarstol med rektorkjeda over skuldrane og sparka i gang konferansen framfor eit usynleg publikum.

– For eitt år sidan var det ikkje opplagt at det året skulle bli året der folk rundt kjøkkenborda  i heile verda snakka om forskingsfronten, reproduksjonsraten og opphav til virus. Livsvitskap og vaksinering har også vore tema rundt møteborda til regjeringar over heile verda, peika Svein Stølen på. Han viste til at alt dette også går langt utanfor det medisinske området og at det handlar om demografi, kulturfaktorar og organisering av det nasjonale helsesystemet.

– Heile verda har blitt ein ukomfortabel lab

– Også effekten viruset har på offentleg administrasjon og næringslivet må målast for å finna ut korleis dette dødelege viruset skal slåast tilbake. Fullstendige og delvis nedstengingar av store delar av samfunnet har vore den politiske konsekvensen. Heile verda har blitt ein ukomfortabel lab for handling og samarbeid på tvers av sektorar, konstaterte Stølen.

– Konvergens er nøkkelordet for livsvitskapsbygget

UiO-rektoren viste dessutan korleis  konvergens er blitt  eit nøkkelord i Universitetet i Oslos strategiar og planar for livsvitskap.

– Konvergens er også nøkkelordet for det nye livsvitskapsbygget UiO er i ferd med å byggja. Når det er klart for innflytting i 2026, vil den bli den største og mest avanserte universitetsbygningen i Noreg. Og me er svært glade for at me har vore i stand til å invitera Oslo universitetssykehus inn i bygget saman med oss. Dette er konvergens i praksis. Den vil bli topp utstyrt for både utdanning og forsking i livsvitskap for heile Oslo-regionen. Det vil bli hjartet i Oslo Science City, det første innovasjonsdistriktet i Noreg, trekte han fram. 

– Vitskap er ikkje utan etiske dilemma og utfordringar

Stølen håpa det framtidige Livvitskapsbygget skulle føra vidare tradisjonen frå konferansen som han opna i dag.

– Med tanke på Oslo Life Science-konferansen håpar me at også Livsvitskapsbygget skal bli ei scene for diskusjonar og debattar. Vitskap er ikkje utan etiske dilemma og utfordringar. Forsking kan også påverka dagleglivet til folk. Nettopp derfor er det naudsynt med ein dialog med samfunnet. Me treng eit samfunn som set pris på vitskap og forsking og har forståing for den rolla ekspertar spelar i samfunnet. Det er vårt felles ansvar å oppnå det målet. Og det er det Oslo Life Science også skal bidra til, sa rektor Svein Stølen.  

Deretter overlet han ordet til den einaste andre personen på podiet, spesialrådgjevar Sigrid Bratlie i Bioteknologirådet. Ho var hyra inn som konferansier for den digitale Oslo Life Science-konferansen.  

Oslo Life Science held fram med ulike arrangement og utstillingar til og med torsdag 18. februar.

Dette var programmet for hovudarrangementet i dag.

Dette er programmet for resten av Oslo Life Science-konferansen

Emneord: Livsvitskap, Livsvitenskapsbygget, Internasjonalisering, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2021 15:51 - Sist endra 16. feb. 2021 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere