Slik spora forskarane opp gammal plantemedisin gjennom historiske tekstar
I dag opna utstillinga Farmasøytisk tidsreise utanfor Lids hus i Botanisk hage. Der viser forskingsprosjektet REA: Life fram bruken av nordiske plantar i medisinar frå 1500-talet og fram til i dag.

UTANDØRS: Utstillinga om den farmasøytiske tidsreisa til plantemedisin står rett utanfor inngangen til Lids hus i Botanisk hage.
I snøveret i Oslo opna Naturhistorisk museum i dag utandørsutstillinga Farmasøytisk tidsreise: Frå historiske planteremediar til moderne medisinar. Utstillinga skal visa fram arbeidet forskingsprosjektet REA: Life gjer for å forstå den historiske bruken av nordiske plantar i medisin og bruka denne kunnskapen til å identifisera plantebaserte bindingar som kan brukast som nye medisinar.
I fylgje omtalen av prosjektet brukar det historiske tekstar som inspirasjon for å “gjenoppdaga” kva plantar som er blitt brukte gjennom historia for å behandla sjukdomar. Desse plantane er no identifiserte og i dag blir det brukt moderne utstyr og metodar for finna ut kva bioaktive komponentar desse plantane har.

Utstillinga opna klokka 12.00 i dag, og vil vera tilgjengeleg for alle i Botanisk hage fram til og med torsdag 31. mars klokka 15.00.
Forskingsprosjektet REA: Life er sett saman av 16 forskarar frå ulike fakultet og museum frå UiO. Det er konvergensmiljø, altså eit samansmeltande miljø finansiert av UiO: Livsvitskap. Desse forskingsgruppene er tverrfaglege og tar føre seg dei store utfordringane i helse og miljø, går det fram av nettsidene til Naturhistorisk museum. I verda finst det over 390 000 kjente planteartar, og utstillinga viser også korleis dei går fram for å finna ut kva plantar som kan brukast til medisinar.
Utstillinga er ein del av aktivitetane under forskingskonferansen Oslo Life Science som også tok til i dag.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere