UiO-styret vil ikkje ha mål- og resultatstyring på universiteta

UiO ynskjer ei formålsorientert styring av universiteta og høgskulane. Den skal ha akademisk fridom og institusjonell autonomi som fundament.

Medlemar i universitetsstyret og andre UiO-tilsette er på møte på Zoom

DIGITALT: Universitetsstyret hadde eit ekstraordinært møte på Zoom i går. Hovudttemaet var å vedta eit innspel til stortingsmelding om styringspolitikk for universiteta og høgskulane.

Foto: Martin Toft

Det går fram av innspelet til stortingsmelding om styringspolitikk som blei vedtatt samrøystes av universitetsstyret i går.

Alle som tok ordet på Zoom-møtet i universitetsstyret tykte utkastet til innspel til stortingsmeldinga om styringspolitikk var eit godt dokument. Dei kjente seg også igjen i formuleringane og kunne stå for det som stod i det 20 sider lange dokumentet. 

Rektor Svein Stølen var også svært nøgd.

– Det me kan prøva å gjera noko med, er å få det ned til 15 sider, meinte han. 

– Det ville vore endå betre om me klarte å få dokumentet ned til 12 sider, men eg synest det er blitt veldig bra, sa Olav Gjelsvik som er representant for dei faste vitskaplege tilsette.  Men han hadde bete seg merke i ein bestemt del av utkastet til innspel når det gjeld finansiering av forsking.

– Det er rett som det er peika på, at det det blir publisert svært mange artiklar, truleg altfor mange, og det er skadeleg for dei vitskaplege institusjonane, meinte han.

– Lyder litt uklart

Ekstern representant Qaisar Farooq Akram greip tak i punktet som går ut på at det må bli mindre “mål- og resultatstyring” og meir formål- og utviklingsstyring på universiteta.

– For meg så lyder dette litt uklart, men det kan henda dei i Kunnskapsdepartementet forstår det betre. Det hadde vore fint med ei avklaring om kva som blir meint med dette, var etterlysinga Akram kom med.

– Det er andre som har vore inne på det same, så det skal me tydeleggjera, lova Svein Stølen.

Ynskte norske formuleringar

Studentrepresentant Erlend Ditlefsen Aag var opptatt av språket i innspelet.

– Det er viktig å erstatta det engelske fagspråket med norske formuleringar. Det er viktig for meg som framtidig norsklærar, understreka han. Og Aag fekk støtte frå ekstern representant Anne-Marie Engel.

 – I motsetning til danskane har de nordmenn vore flinke til å ta vare på språket dykkar, understreka ho.

– Ei glede

Og Kristian Bjørkdahl, representant for dei mellombels vitskaplege, var også full av lovord over framlegget.

– Det er ei glede å vera med på å vedta dette innspelet, slo han fast.

 Kristin Hellung, som er ekstern representant, var opptatt av illustrasjonane i dokumentet.

 – Kompleksitetsfiguren brukte eg lang tid på å tolka, men den viser veldig godt kor komplekst dette systemet er, understreka ho.

Etter ei kort ordveksling vedtok universitetsstyret samrøystes forslaget om å gi rektor fullmakt til å ferdigstilla  innspelet  basert på  diskusjonen og kommentarar i styret.

Opptak av det ekstraordinære møtet i universitetsstyret

Mindre makt til direktorata og meir til institusjonane

Eit viktig punkt i innspelet som styret altså delegerte til rektor å gjera heilt ferdig,  er at autonomien til universiteta må sikrast heilt konkret gjennom at heimlar i føreskrifter ikkje ligg hos eller vert overførte til direktorata. Dei skal verta verande hos institusjonane eller verta overførte til dei. Det blir lagt vekt på som ein reiskap for å sikra mangfald i sektoren.

Som døme vert det vist til tilsettingspolitikken som UiO meiner fungerer godt i dag, fordi universiteta og høgskulane sjølve har høvet til å utforma prinsipp for tilsettingar som er tilpassa vilkår ved eiga verksemd, går det fram av utkastet.  Dessutan vert det peika på at det framleis er naudsynt med ein stor basisdel i finansieringa av sektoren. Grunngjevinga for det er at det skal sikra nok institusjonelt handlingsrom.

“Universitetenes DNA består av bottom-up strukturer”

Ein raud tråd som går gjennom utkastet til innspel er at det er viktig at forslag til forskingsprosjekt kjem frå forskarane sjølve, og ikkje direkte frå styresmaktene. “Universitetenes DNA består av bottom-up strukturer, og vi utvikler oss raskt og kontinuerlig. Nyvinninger skjer ofte lokalt. Dette representerer en viktig verdi for universitetene og for samfunnet. Fagfornyelse og utvikling av nyskapende tverrfaglige konvergensmiljøer på UiO er eksempler på endringer som kommer innenfra”, heiter det i utkastet til innspel som er på 20 sider.

Det vert også kravd ei større vektlegging av kvalitet på forsking og utdanning framfor kvantitet.  “Vi forventes å levere kvalitet, men premieres for kvantitet. Ingen får internasjonal stjernestatus av å levere en stor mengde halvgode artikler”, vert det trekt fram.

Tillit mellom institusjon og styresmakter

 Universitetet i Oslo ynskjer også mindre “mål- og resultatstyring” og vil ha det erstatta med “formål og utviklingsstyring.” Det meiner UiO vil føra til ei styring som kan støtta opp under å fylla sektoren sitt formål i ein større samfunnsorden. UiO vil også at styringssystemet må byggja vidare på den tilliten som er mellom institusjon og styresmakter.

Også den 23. april drøfta universitetsstyret innspel til stortingsmeldinga om styringspolitikk. Då skjedde det på eit eige seminar. Stortingsmeldinga skal setja rammer for utviklinga av høgare utdanning og forsking dei komande 20 åra. Etter planen skal meldinga leggjast fram for Stortinget våren 2021. Alle styringsreiskapar i sektoren skal gjennomgåast i meldinga, det vil seia både regelverk, mål- og resultatstyring, styringsdialog, inkludert tildelingsbrev og etatsstyringsmøte.  Også organisering, finansieringssystemet og konkurransearenaene skal vurderast.  

Same tilknytingsform til staten som i dag

På seminaret i april gjekk det fram av bakgrunnsnotatet frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen at det vert lagt til grunn at lærestadene framleis skal ha dagens tilknytingsform til staten.

I gårsdagens styremøte lova rektor Svein Stølen å ha klar den reinskrivne versjonen av innspelet til UiO innan høyringsfristen  22. mai.

Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2020 17:39 - Sist endra 14. mai 2020 17:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere