Framtidas styringspolitikk i universitetsstyret

UiO ynskjer ei formålsorientert styring av universitets- og høgskulesektoren med akademisk fridom og institusjonell autonomi som fundamentet dei kviler på. Det kjem fram i forslaget til innspel frå UiO til stortingsmelding om styringspolitikk for sektoren.

STYRINGSPOLITIKK: I dag skal universitetsstyret koma med eit innspel til stortingsmeldinga om framtidas styringspolitikk for universiteta og høgskulane. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Innspelet skal drøftast i eit ekstraordinært møte i universitetsstyret i ettermiddag.

Det digitale møtet begynner på Zoom klokka 16.00. Hovudsakene på møtet er både å gjera klart det endelege innspelet til stortingsmelding om styringspolitikk for universiteta og høgskulane og å vedta eit forslag til prioriteringar og tilrådingar i budsjettet for 2021.

Skal setja rammer for utviklinga av høgare utdanning og forsking

Også den 23. april  drøfta universitetsstyret innspel til stortingsmeldinga om styringspolitikk. Då skjedde det på eit eige seminar. Stortingsmeldinga skal setja rammer for utviklinga av høgare utdanning og forsking dei komande 20 åra. Etter planen skal meldinga leggjast fram for Stortinget våren 2021. Alle styringsreiskapar i sektoren skal gjennomgåast i meldinga, det vil seia både regelverk, mål- og resultatstyring, styringsdialog, inkludert tildelingsbrev og etatsstyringsmøte.  Også organisering, finansieringssystemet og konkurransearenaene skal vurderast.  

Same tilknytingsform til staten som i dag

På seminaret gjekk det fram av bakgrunnsnotatet frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen at det vert lagt til grunn at lærestadene framleis skal ha dagens tilknytingsform til staten. Høyringsfristen er sett til 22. mai og derfor vert det endelege innspelet ferdig utforma etter drøftinga i universitetsstyret i dag.

Skal sikra mangfald i sektoren

Eit viktig punkt i utkastet til innspel er at autonomien til universiteta må sikrast heilt konkret gjennom at heimlar i føreskrifter ikkje ligg eller vert overførte til direktorata, men skal verta verande eller verta overførte til institusjonane. Det blir lagt vekt på som ein reiskap for å sikra mangfald i sektoren.

Som døme vert det vist til tilsettingspolitikken som UiO meiner fungerer godt i dag, fordi universiteta og høgskulane sjølve har høvet til å utforma prinsipp for tilsettingar som er tilpassa vilkår ved eiga verksemd, går det fram av utkastet.  Dessutan vert det peika på at det framleis er naudsynt med ein stor basisdel i finansieringa av sektoren. Grunngjevinga for det er at det skal sikra nok institusjonelt handlingsrom.

“Universitetenes DNA består av bottom-up strukturer”

Ein raud tråd som går gjennom utkastet til innspel er at det er viktig at forslag til forskingsprosjekt kjem frå forskarane sjølve, og ikkje direkte frå styresmaktene. “Universitetenes DNA består av bottom-up strukturer, og vi utvikler oss raskt og kontinuerlig. Nyvinninger skjer ofte lokalt. Dette representerer en viktig verdi for universitetene og for samfunnet. Fagfornyelse og utvikling av nyskapende tverrfaglige konvergensmiljøer på UiO er eksempler på endringer som kommer innenfra”, heiter det i utkastet til innspel som er på 20 sider. Det vert også kravd ei større vektlegging av kvalitet på forsking og utdanning framfor kvantitet.  “Vi forventes å levere kvalitet, men premieres for kvantitet. Ingen får internasjonal stjernestatus av å levere en stor mengde halvgode artikler”, vert det trekt fram.

Tillit mellom institusjon og styresmakter

 Universitetet i Oslo ynskjer også mindre “mål- og resultatstyring” og vil ha det erstatta med “formål og utviklingsstyring.” Det meiner UiO vil føra til ei styring som kan støtta opp under å fylla sektoren sitt formål i ein større samfunnsorden. UiO vil også at styringssystemet må byggja vidare på den tilliten som er mellom institusjon og styresmakter.

Skal vedta prioriteringar i budsjettet for 2021

I den andre hovudsaka i styremøtet i dag ber universitetsdirektøren universitetsstyret om å ta stilling til forslaga til tilrådingar og prioriteringar i årsplanen for 2021.  Desse prioriteringa og tilrådingane skal så danna grunnlaget når universitetsstyret vedtar eit stipulert budsjett for 2021 i møtet den 23. juni. Universitetsdirektøren viser til at UiOs inntekter er sett saman av tre hovuddelar: Om lag 70 prosent er ei direkteløyving (basis) frå Kunnskapsdepartementet, om lag 20 prosent er eksternt finansiert bidragsforsking frå til dømes Forskingsrådet og EU. Dei siste 10 prosenta kjem frå billettinntekter, i hovudsak frå musea. Og det er universitetsstyret som fordeler løyvinga frå Kunnskapsdepartementet.

Kan få auka løyving på grunn av koronakrisa

I fordelinga for 2021, har UiO kalkulert med at det blir den same summen på Kunnskapsdepartementets løyving som for 2020. Dermed vert det ikkje rekna med aktivitetsvekst gjennom nye studieplassar og rekrutteringsstillingar. 

Universitetsdirektøren ser likevel ikkje bort frå ein slik vekst på grunn av utviklinga av koronasituasjonen. I revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram i går, føreslår regjeringa 4000 nye studieplassar på universiteta og høgskulane og 1000 på fagskulane.  Dessutan kom det også framlegg om å oppretta 250 nye rekrutteringsstillingar. Det er derfor grunn til å tru at ein god del av desse studieplassane og rekrutteringsstillingane vil koma til UiO, og dermed vil det også truleg koma ei løyving frå Kunnskapsdepartement til UiO for resten av 2020 og for 2021, som er høgare enn det som UiO hadde rekna med, før koronakrisa starta. 

80 prosent av løyvinga til fakulteta og andre einingar

I sakspapira går det fram at 80 prosent av løyvinga frå KD vil gå til fakultetet og tilsvarande einingar. 6 prosent går til å dekkja institusjonelle fellestiltak, og 8 prosent skal finansiera drifta av LOS (UiO sentralt). Dermed vil universitetstyret sitja igjen med ein sum på rundt 145 millionar kroner som det kan fordela til andre tiltak og prosjekt på UiO. 

I forslaget til universitetsdirektør Arne Benjaminsen er det også føresett at ABE-reforma (avbyråkratiserings-og effektiviseringsreforma) held fram og vert auka med 0,5 prosent.

I møtet i dag vil universitetsstyret også få ei orientering om det nyoppretta stipendet på 10 000 kroner som UiO ber internasjonale studentar med økonomiske problem på grunn av bortfall av deltidsjobb, om å søkja på.

Dette er saklista  i universitetsstyret som også vert direkteoverført på nettet:

Møte nr. 4/2020 i universitetsstyret (ekstraordinært møte)

Tid og sted: 13. mai 2020 16:00–18:30, Zoom

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker

V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 2 Innspill til stortingsmelding om styringspolitikk for statlige universiteter- og høyskoler

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Styret gir rektor fullmakt til å ferdigstille innspillet basert på styrets diskusjon og kommentarer.

Saksdokumenter:


V-SAK 3 Fordeling 2021

Saksnr.

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret slutter seg til anbefalingene og prioriteringene for fordeling 2021.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Årsplan 2021-2023

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Stipendordning for internasjonale masterstudenter som følge av koronakrisen

Saksnr.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 4 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

 

Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2020 13:45 - Sist endra 14. mai 2020 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere