Universitetsstyret skal ha digitalt seminar om framtidas styringspolitikk

I dag skal universitetstyret ved Universitetet i Oslo for første gong ha eit digital seminar. Temaet er framtidas styringspolitikk for statlege universitet og høgskular.

Eit møte med 11 deltakara samla rundt eit bord i Professorboligen

DIGITALT SEMINAR: Universitetsstyret skal i dag halda eit ope digitalt seminar på zoom. Temaet for møtet er å sy saman eit innspel frå UiO til regjeringas planlagde stortingsmelding om styringspolitikk for statlege universitet og høgskular. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Møtet startar på den digitale plattforma Zoom i ettermiddag klokka 16.30, og planen er at det skal vara fram til klokka 18.00.  Møtet er eit seminar som er ope for alle, og temaet er altså å sy saman eit innspel frå Universitet i Oslo til regjeringas  avgjerd om at det skal utarbeidast ei stortingsmelding om den framtidige styringspolitikken for dei statlege universiteta og høgskulane.

Rammer for 20 år framover 

Stortingsmeldinga skal setja rammer for utviklinga av høgare utdanning og forsking dei komande 20 åra. Etter planen skal meldinga leggjast fram for Stortinget våren 2021.  Alle styringsreiskapar i sektoren skal gjennomgåast i meldinga, det vil seia både regelverk, mål- og resultatstyring, styringsdialog, inkludert tildelingsbrev og etatsstyringsmøte.  Også organisering, finansieringssystemet og konkurransearenaene skal vurderast.  

Same tilknytingsform til staten som i dag

Samtidig går det fram av bakgrunnsnotatet frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen at det vert lagt til grunn at lærestadene framleis skal ha dagens tilknytingsform til staten. Høyringsfristen er sett til 22. mai.  I det neste møtet i Universitetsstyret i mai, skal UiO også koma med eit innspel til forslaget til ny lov om universitet og høgskular.

I dagens møte er medlemane i Universitetsstyret inviterte til å diskutera fylgjande tema:

• Dimensjonering av utdanning, inkludert profesjonsutdanning

• Mangfald i sektoren og finansieringssystemet

 • Direktorata si rolle i styringa av sektoren

Dette er saklista med vedlegg:  

Seminar i universitetsstyret 23. april 2020 (S1/2020)

Tid og sted: 23. apr. 2020 16:30–18:00, Seminaret gjennomføres digitalt

Åpent møte (møtet vil ble streamet)

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Stortingsmelding om styringspolitikk for statlige universiteter og høyskoler

Saksnr.

Saksdokumenter:

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. apr. 2020 13:20 - Sist endra 24. apr. 2020 10:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere