Senterleiar sjokkert etter at MultiLing fekk nei til ny stilling

Senteret for fleirspråklegheit (MultiLing) skulle akkurat til å tilsetja ein verdsleiande forskar i ei stilling i fleirspråklegheit då dei brått fekk ei kontramelding. Instituttet ville setja foten ned. – Dette kom som eit sjokk, seier senterleiar Elizabeth Lanza.

To kvinner står på eit golv i eit sosiokognitivt laboratorium

SKUFFA: Senterleiar Elizabeth Lanza er skuffa over at Institutt for lingvistiske og nordiske studium førebels har sagt nei til stillinga i fleirspråklegheit som dei tidlegare var lova. Dermed får enno ikkje psykolingvist Minna Lehtonen (t.v.) nokon ny kollega i det sosiokognitive laboratoriet til MultiLing.  

Foto: Martin Toft

Det blei eit dramatisk styremøte hos Institutt for lingvistiske og nordiske studium den 10. februar. Då skulle instituttet vedta den endelege stillingsplanen for åra framover i lys av langtidsprognosen til instituttet.

Seks dagar før ante senterleiar Elizabeth Lanza ved MultiLing (Senter for fleirspråklegheit) uråd då ho fann ut at det opphavlege framlegget til stillingplan var blitt endra. I dag er MultilLing eitt av to senter for framifrå forsking ved Det humanistiske fakultetet.

– Ei vitskapleg stilling i fleirspråklegheit «med innretning mot psykolingvistikk» ved MultiLing var blitt trekt frå den prioriterte fjerdeplassen. På styremøtet vart det eit knapt fleirtal for forslaget med styreleiaren si dobbeltstemme som utslagsgjevande, fortel ho.

– Skulle bli ein del av arven

Etter hennar meining torpederer vedtaket tidlegare lovnader overfor både Forskingsrådet og MultiLing om at senteret skulle utvikla fleirspråklegheit som ein eigen disiplin på instituttet.

– Den stillinga som blei fjerna på styremøtet, er den siste av fire stillingar som ein reknar som naudsynte for å få etablert ein fagdisiplin på instituttet. Den skulle også bli ein del av arven etter MultiLiIng. Om me hadde fått den, ville me kunne ha starta opp ein internasjonal attraktiv master i fleirspråklegheit, er ho heilt sikker på.

No trur ho det er meir usikkert om dei har den naudsynte kompetansen som skal til for å kunna tilby ein konkurransedyktig, internasjonal master der ein kan gi forskingsbasert undervisning på høgt nivå.

Bygde opp sosiokognitivt laboratorium

Elizabeth Lanza peikar på at senteret fekk verdsleiande midlar frå UiO i 2015 gjennom ei løyving frå Stortinget. Med desse pengane fekk dei mellom anna bygd opp eit sosiokognitivt laboratorium ved instituttet.

– Det har avansert utstyr og er svært viktig for både forsking og undervisning i psykolingvistikk. Sjølv om me har psykolingvisten Minna Lehtonen hos oss no, er det på langt nær nok ressursar til at me kan bruka labben fullt ut og kunna byggja opp ein internasjonal master i fleirspråklegheit. Målet vårt var at me med den nye psykolingvistikkstillinga i fleirspråklegheit også skulle byggja opp solid kompetanse i dette teknisk krevjande fagfeltet, slår ho fast.

Hadde innstilt verdsleiande kandidat

Planen var at det formelt skulle tilsetjast ein person i stillinga i vår, etter vedtaket på styremøtet 10. februar. Senteret hadde allereie innstilt ein verdsleiande kandidat, som gjerne ville ta imot stillinga. I staden blei to stillingar som opphavleg låg aller sist i den tidlegare vedtekne stillingsplanen til instituttet prioriterte opp, og dei danka dermed ut stillinga i fleirspråklegheit.

Elizabeth Lanza trekkjer også fram at denne stillinga var ein del av den avtalen som Institutt for lingvistiske og nordiske studium har med Forskingsrådet som vertsinstitusjon for MultLing. Denne stillinga skulle hovudsakleg finansierast av MultiLing frå til 2023. Så viser ho til avtalen som senteret for framifrå forsking har der vertsinstitusjonen forpliktar seg til å sørgja for at det «vert lagt planar for korleis kompetansen og verdiane som vert skapte gjennom SFF-ordninga vert tatt best mogleg vare på på sikt.”

– Ei gullgruve for institutta

 – Eg forstår at institutta ved HF er under press for å få langtidsbudsjetta sine i balanse. På møtet rauk også ei stilling i lingvistikk med fokus på eksperimentell fonetikk og fonologi. Dei tok omsyn til innspel frå HFs økonomiavdeling som hadde rekna ut at dei stillingane som var lågast rangerte, var dei som instituttet hadde mest bruk for i undervisninga. Etter hennar meining vart det i framleggsnotatet til styret utelukkande lagt vekt på undervisning og ikkje på forsking og dei midlane sterke forskingsmiljø kan bidra med til instituttet. Derfor blei det føreslått å stryka dei stillingane som eigentleg var høgare prioriterte.

– Tildeling av eit SFF er ei gullgruve for institutta. MultiLing har i tillegg til SFF-midlane frå Forskingsrådet fått tilslaget på forskingsrådsprosjekt og verdsleiande midlar frå UiO. MultiLing har på den måten vore svært innbringande for instituttet, poengterer ho.

 – Utan psykolingvistikk-stillinga vert det vanskeleg for oss på MultiLing å kunna fylgja den vedtatte strategien for avslutninga av MultiLing som senter for framifrå forsking. Dei spring frå ansvaret dei har for å sørgja for ein god exit-strategi for dette senteret. Det bør vera ein tankekross for Forskingsrådet, og bør uroa HF langt meir enn det ser ut til å gjera, meiner Elizabeth Lanza.

MultiLings periode som senter for framifrå forsking går ut i 2023. I november er det søknadsfrist for andre forskargrupper som vil ha status som senter for framifrå forsking. Elizabeth Lanza vil gjerne understreka at senteret alltid har hatt eit godt forhold til instituttleiinga fram til denne saka kom opp.

– Kunne fått eit meirforbruk på 25 millionar i 2024

Det var altså dobbeltstemma til instituttleiar Piotr Garbacz som avgjorde at MultiLing ikkje fekk den siste faste stillinga som det hadde bede om. Begge dei to studentrepresentantane og to av dei vitskaplege stemte mot stillingsplanen som instituttleiinga la fram og for den opphavlege planen.

Instituttleiar Piotr Garbacz på Institutt for lingvistiske og nordiske studium forsvarar avgjerda.

– Me har lege an til å få eit meirforbruk på 25 millionar kroner frå og med 2024, dersom me ikkje gjorde noko for å få økonomien under kontroll. Åra deretter ville det bli endå verre. I haust kutta me derfor 10 millionar på drifta, men det var ikkje nok. Derfor måtte me velja å lata vera å tilsetja folk i nye vitskaplege stillingar. Og det førte til at styret vedtok at prosessen med å tilsetja ein person i stillinga i fleirspråklegheit ved MultiLing og ein person i fonetikk og fonologi på instituttet måtte stansast opp. Men eg ser ikkje bort ifrå at det kan tilsetjast folk i desse stillingane seinare, seier Piotr Garbacz til Uniforum.  

– Vedtaket blei gjort med di dobbeltstemme. Var det med tungt hjarte?

– Ja, det var det. Det var ei krevjande avgjerd, men om me hadde utsett å gjera noko, kunne den økonomiske situasjonen ha blitt endå verre på eit seinare tidspunkt, fryktar han.  

Ein mann viser fram tal på ei tavle
MEIRFORBRUK: Insittuttleiar Piotr Garbazc viser fram kor stort underskotet kan bli i 2024 om dei ikkje set i gang med å få kontroll over økonomien. – Eg forstår godt at dei føler seg skuffa, seier han etter at leiinga for MultiLIng er sjokkert over at dei likevel ikkje får ei stilling i fleirspråklegheit. (Foto: Ola Sæther)

– Forstår godt at dei føler seg skuffa

Piotr Garbacz forstår at leiinga ved forskingssenteret MultiLing blei sjokkerte då dei fekk høyra at instituttleiinga førebels ville setja ned foten for å tilsetja nokon i stillinga i fleirspråklegheit.

– Eg forstår godt at dei føler seg skuffa, spesielt med tanke på at prosessen var komen så langt. MultiLing har etablert eit fagmiljø for fleirspråklegheit, og dei er alle supre folk. Som sagt så vil ikkje det seia at det aldri blir tilsett nokon person i den stillinga, understrekar han.

Instituttleiaren viser til at innsparinga også går utover forskinga i fonetikk og fonologi, som også hadde med ei stilling mellom dei høgastast prioriterte på stillingsplanen frå 2017-2022.

– Det blei bestemt å tilsetja både førsteamanuensis i "literacy" og førsteamanuensis i irsk og norrøn filologi. Så i desse undervisningsstillingane kunne de tilsetja folk?

– Det stemmer. Me har plikt til å tilby undervisning i dei aktuelle faga, så derfor blei dei prioriterte opp, fortel han.

Grunnen til at prognosane er endra og handlingsrommet er mindre enn dei trudde for nokre år sidan, forklarar han med kombinasjonen av vesentlege rammekutt frå UiO sentralt og ABE-reforma frå regjeringa, som i sum har redusert overføringane til Det humanistiske fakultetet mykje, 

– For oss vil det seia at lønningane til dei tilsette stig, men me får likevel ikkje meir pengar på det samla budsjettet.

– No har Institutt for filosofi, idè- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) hatt eit stort meirforbruk etter at tilsette kom tilbake til ordinære stillingar då perioden som senter for framifrå for forsking var over for Senter for studiar av rasjonell, språkleg og moralsk handling (CSMN). Fryktar du at det same skal skje hos dykk?

– Me ynskjer ikkje å enda opp i same situasjon som IFIKK. Når MultiLing avsluttar senterperioden sin,  vil mange av dei koma tilbake til dei faste stillingane sine ved instituttet. Og det tar me no høgde for. Dei aller fleste tilsette hos oss vil ikkje gå av med pensjon før dei fyller 70 år. Og me reknar heller ikkje med å få store eksterne inntekter som kan redda økonomien vår, seier Piotr Garbacz til Uniforum.

• Les i Uniforum:

IFIKK-tilskott på 10 millionar blir truleg omgjort til lån

HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot med 12,5.millionar kroner

– Like før dei skulle ha letta

Så samanliknar han uføret dei har hamna opp i med eit fly fullt av passasjerar som er klar for avgang.

– Då melder kapteinen brått at flyet ikkje kan letta og alle passasjerane må tilbake til avgangshallen. Slik er det også med dei stillingane me måtte stryka. Det var like før dei skulle ha letta, men det var mogleg å stansa tilsetjingane i siste liten, fortel han.

Han forstår at dei tilsette ved MuliLing er såra og leie seg no.

– Om nokre dagar skal me ha eit felles møte for å klara opp i situasjonen.

Les  protokollen frå møtet i styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

 

Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Økonomi, Språk, HF Av Martin Toft 
Publisert 24. feb. 2020 04:30 - Sist endra 24. feb. 2020 09:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere