Utanlandsk utdanning gir no fordelar i den norske arbeidsmarknaden

Dei som har tatt heile utdanninga i utlandet, gjer det noko betre på arbeidsmarknaden enn dei som ikkje har vore på utvekslingsopphald. Men rådet frå leiaren av Grimstad-utvalet er at langt fleire må ta medisinutdanning i Noreg.

Fire kvinner står ved to bord og debatterer.

FORDEL: Det gir ein fordel for norske personar å ha utanlandsk utdanning i den norske arbeidsmarknaden. Det viser ei ny NIFU-undersøking som blei debattert av forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, konserndirektør for People i DNB, Kari Bech-Moen, prodekan Nina Waaler ved OsloMet og professsor Hilde Grimstad ved NTNU.

Foto: Martin Toft

– Dei som har tatt heile medisinutdanninga si i Aust-Europa og ikkje kan snakka med pasientar frå landet dei studerte i, får ikkje norsk helsevesen kulturelle fordelar frå.

Det sa leiaren for Grimstad-utvalet, NTNU-professor Hilde Grimstad då ho deltok i ein debatt hos NIFU på Tøyen om korleis norske personar med utanlandsk utdanning vert tekne imot av arbeidsgjevarane når dei kjem heim att. 

Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) la i dag fram ein ny rapport om korleis norske personar med utanlandsk utdanning blir tatt imot av den norske arbeidsmarknaden.

Også forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var einig i poenget til Hilde Grimstad..

– Før tok norske studentar medisin i utlandet saman med studentar frå Tyskland eller Frankrike og lærte seg også dei språka. No er det ofte «big business» som gjeld, og dei har eigne studietilbod på engelsk for utanlandske medisinstudentar, trekte ho fram. 

Gjer det noko betre

For personar med andre utdanningar enn medisin og helsefag frå utlandet, er det blitt betre på arbeidsmarknaden enn tidlegare. No gjer dei det noko betre på arbeidsmarknaden enn dei som aldri har vore på utanlandsopphald. Det viser undersøkinga frå NIFU.  

Funnet står i kontrast til tidlegare funn, står det i ei pressemelding frå NIFU.

– Resultata våre kan tyda på at konsekvensane av å ta utdanning i utlandet har forandra seg dei siste par tiåra. Globalisering og digitalisering kan ha bidratt til å senka barrierane for å søkja og få arbeid i eit anna land enn studielandet og redusera informasjonsproblem rundt utanlandsk utdanning, fortel forskar ved NIFU, Kjersti Nesje i ei pressemelding. 

Studien syner også at dei som har tatt heile mastergraden i utlandet ofte er meir nøgde enn dei som har tatt heile graden i Noreg. Unntaket er dei som har tatt utvalde helsefag.  Datagrunnlaget for rapporten er Spesialkandidatundersøkinga 2019.

– Meir verdsett enn tidlegare

Etter at rapporten blei lagt fram, konstaterte forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø at norske arbeidsgjevarar har vore altfor navlebeskuande.

– Det skal bli enklare å studera i utlandet og koma tilbake. No er det teikn som tyder på at utdanning frå utlandet blir meir verdsett enn tidlegare samanlikna med dei som har tatt heile utdanninga i Noreg. Det er også lettare å få informasjon om utanlandsk utdanning, konstaterte ho.  

Økonomar gjer det best

NIFU-undersøkinga viser dessutan at dei som har tatt ein heil grad frå utlandet, tener meir enn personar som berre har studert i Noreg eller har vore på utveksling i utlandet. Og dei som gjer det aller best, er økonomar som har tatt heile masterstudiet utanfor Noreg. Dei kjem også raskare i arbeid enn dei som har tatt utdanninga ved ein norsk lærestad.

– Dette viser at det er fleire gode grunnar til å studera  utanlands. Skal ein læra eit språk og ein kultur godt, er det ein fordel å bu i eit anna land. Det er også faglege utfordringar ved utanlandske universitet som kan koma godt med i arbeidslivet seinare, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

I debatten etterpå nyanserte NTNU-professor Hilde Grimstad biletet litt når det gjeld spesialistutdanningar for legar. Ho peika på at dei fleste som blir tatt opp, har ei norsk medisinutdanning. 

– Grunnen er at dei kjenner norske forhold og den norske konteksten. Dei som kjem utanfrå, har ikkje den same kompetanseutdanninga som dei andre har fått med seg i den norske medisinutdanninga, peika ho på. Etter hennar meining burde RETHOS (Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialutdanningane) også gi råd om kvar norske kandidatar kan ta medisinutdanning i utlandet.

– Det er ikkje alle land der pasientetikken eller korleis legar møter pasientar på, samsvarar med måten me gjer det på her, slo ho fast. 

DNB vil jobba tettare med universiteta

Prorektor Nina Waaler ved OsloMet tykte ikkje undersøkinga hadde godt nok dokumenterte resultat.

– Det er lite om årsak-verknad i denne studien. Eg synest ikkje at me ikkje skal senda studentar ut, slo ho fast. 

Konserndirektør for People i DNB, Kari Bech-Moen såg at dei hadde fordelar ved å tilsetja folk med utdanning frå utlandet.

– Ho oss er det tilsette med utdanning i alt frå IT til jus. Det kan godt henda at på nokre fagområde er heilnorsk utdanning best. Me vil i alle fall jobba tettare med universiteta og departement for å forstå dette betre, sa ho.

Iselin Nybø kom også med eit hjartesukk.

– Eg har eit ynske om at studentane våre konkurrerte seg inn på dei beste universiteta i utlandet i staden for å gå på middelmådige universitet i Storbritannia, USA og i Australia. Det er mykje betre om dei kom inn på dei beste utdanningane i til dømes Tyskland og Frankrike, håpa ho. 

 Statsråden oppfordrar norske arbeidsgjevarar til å kasta seg rundt.

– Men norske verksemder må i større grad visa kandidatar som har studert utanlands, at dei har eit fortrinn på arbeidsmarknaden, dersom norsk næringsliv skal få hovud og hender med internasjonal kompetanse, slik me som nasjon treng, om me framleis skal vera konkurransedyktige, seier Iselin Nybø i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.  

Emneord: Utdanning, utdanningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2019 11:28 - Sist endra 11. des. 2019 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere