Europeiske universitetsleiarar skreiv under samarbeidsavtale på Tøyen

UiO-rektor Svein Stølen og leiarar frå seks andre europeiske universitet har skrive under på at dei skal samarbeida om framtidas utdanningstilbod.

Sju personar sit rundt eit bord og underskriv ein samarbeidsavtale.

UNDERSKRIVARAR PÅ TØYEN: Frå venstre Sabine Künst (Humboldt), Vincent Blondel (Louvain, Cristine Clerici, (Paris), Svein Stølen (UiO), Ivanka Popovic (Beograd), Berit Eika (Aarhus) og Tania Lima (Kings).

Foto: Martin Toft

Det var Tøyen hovedgård som var ramma rundt underskriftsseremonien der sju europeiske universitetsleiarar var på plass måndag 9. desember. Alle deltar i det europeiske universitetssamarbeidet Circle U. No er samarbeidet også formelt i orden, etter at dei har fått i  hamn ein såkalla «Memorandum of Understanding.»

Det er rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo svært nøgd med.

– MoU  tydeliggjer 7 sterke europeiske breiddeuniversitet sin vilje til å gå inn i ein allianse der dei til saman over 300 000 studentane våre er den primære målgruppa vår. Det handlar om saman å utvikla framtidas utdanningstilbod og om å vera med på å sikra og utvikla Europas fellesskap og kraft gjennom samarbeid og mobilitet på tvers av nasjonale, språklege og kulturelle grenser. Samtidig skal me knyta tettare band også administrativt og fagleg, opplyser Svein Stølen til Uniforum.

Søkjer om status som European University

I februar skal dei sju i universitetsalliansen Circle U senda inn ein felles søknad om å få status  som European  University. Alliansen vert leia av Universitetet i Oslo som har med seg University of Paris, Aarhus Universitet, UC Louvain i Belgia, University of Belgrade, Humboldt-universitetet i Berlin og King's College London.

Universiteta skal i fellesskap under leiing av Universitetet i Oslo søkja om å bli ein pilot for det europeiske universitetsinitiativet, European University Initiative.

Det europeiske universitetsinitiativet skal bidra til fred og auka konkurransekraft for Europa. Det skal skje gjennom auka utveksling og integrering av studieprogram universiteta i mellom, står det på nettsidene til EU-kommisjonen. I utlysinga av pilotprosjektet vert universiteta også oppfordra til å gå endå lenger enn dei utdanningsprogramma dei tilbyr i dag, gjer. Målet er at rundt 20 universitet skal få bera merkelappen «European University».  Det skal bli ein av berebjelkane i etableringa av eit europeisk utdanningsområde; European Education Area.

– Grunnmuren

– Kor viktig er avtalen for at de skal få tilslaget på  å bli eit EU-støtta universitetssamarbeid med felles kurs på tvers av landegrenser, Svein Stølen?

– Dette er grunnmuren som tydeliggjer vår dedikasjon og intensjon, svarar han.

 – Kva håpar de å få til gjennom Circle U-samarbeidet?

– Det er motivasjon - og det er noko av det me ynskjer å oppnå. Det er dette arbeidet vårt  for ein sterk europeisk universitetsallianse, Circle U, handlar om! Å gi studentane eit større fellesskap, nye perspektiv, nye venner! Byggja samhandling og fellesskap i ei tid der verda er prega av det motsette, fortel han.

Universitetet i Oslo og dei andre samarbeidspartnarane søkjer EU om å få status som europeisk prosjekt for samarbeid om framtidas utdanning. Søknaden blir sendt i februar og dei reknar med å få svar i juni.

–Og korleis skal de halda fram med samarbeidet om de ikkje får eit EU-finanisert utdanningssamarbeid?

– Me har bygd  tillit og samforståing i over eitt år og vert  i liten grad drivne av pengar. Me er «in this for the long run». Dette er gode institusjonar me gjerne utviklar tettare samarbeid med. Samtidig er me opptekne av å sikra støtte; ressursar og status, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Les meir om samarbeidet i Uniforum:

UiO-leia allianse vil delta i EU-finansiert utdanningssamarbeid


UNDERSKRIVARAR PÅ TØYEN: Frå venstre Sabine

Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2019 18:21 - Sist endra 11. des. 2019 18:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere