Unikor markerte tiårsjubileet i Universitetets aula
I 2009 starta nokre eldsjeler opp Unikor, eit eige kor for UiO-tilsette. Torsdag feira dei tiårsjubileum med konsert i Aulaen.

JUBILERTE: UiOs kor for dei tilsette, Unikor, feira tiårsjubileet med konsert i Universitetets aula.
200–250 personar kom på jubileumskonserten til Unikor i Universitetets aula torsdag kveld. Universitetets blandakor blei starta av korentusiastar blant dei teknisk-administrative og vitskaplege tilsette på Universitetet i Oslo i 2008 og stifta i 2009. Korets første dirigent var Lene Becker-Andersen. Unikor vart offisielt UiO-kor i 2014 og fekk universitetets velferdspris i 2015.
Tor Tveite har dirigert koret dei siste åtte åra med to sikre hender og med store ambisjonar på vegner av koret. Han har også sett tonar til fleire tekstar og arrangert mange melodiar til korbruk.
Tor Tveite var svært nøgd med innsatsen under jubileumskonserten. – Dette er den beste konserten Unikor har hatt så langt, meinte han etter at den siste tonen var sungen i åttetida torsdag kveld.
Tveite fekk både blomar og godord frå leiaren i koret, Merethe Bremer på tampen av konserten.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere