UiO ynskjer millionar til Honours-programmet og livsvitskap i 2021

UiO ber regjeringa om 10 millionar kroner til Honours-programmet og nok pengar til 15 rekrutteringsstillingar til livsvitskap i budsjettforslaget for 2021.

To menn står framfor ein skjerm med Power Point-presentasjon

BER OM MILLIONAR: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og rektor Svein Stølen ber regjeringa om millionar til Honours-programmet og til rekrutteringsstilingar i livsvitskap utanfor ramma i statsbudsjettet for 2021.  

Foto: Ola Sæther

Det er ikkje berre friske millionar til Honours-programmet og til 15 stipendiat- og postdoktorstillingar til livsvitskap Universitetet i Oslo ber regjeringa om i forslaget til satsingar utanfor ramma i budsjettframlegget for 2021. Også 10 millionar kroner til den marine forskingssatsinga i Skagerak-Kattegat og Oslofjorden er med på ynskelista til universitetsdirektør Arne Benjaminsen og rektor Svein Stølen. Det går fram av eit brev dei har sendt til Kunnskapsdepartementet med innspel til statsbudsjettet for 2021.

Ber om ekstra studieår for vanskelege språkfag  

Der minner dei også departementet om at Humaniora-meldinga mellom anna lova at det skulle vera mogleg å utvida bachelorstudiet med eitt år for dei som ville velja vanskelege språkfag.  UiO ber derfor regjeringa fylgja opp denne lovnaden ved å gi universitetet høvet til å tilby eit fire år langt bachelorstudium i arabisk, japansk og kinesisk.

Glede

I brevet uttrykkjer også rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen stor glede over at regjeringa har gitt ei startløyving til bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy og at arbeidet med livsvitskapsbygget er godt i gang etter tidlegare startløyving som no blir fylgt opp med ei ordinær årleg løyving over statsbudsjettet til byggjearbeidet er ferdig.  No er det planane om å få bygd nye klinikkar for Det odontologiske fakultetet  i Gaustadalleen som er neste byggjeprosjekt ut. I brevet vert det uttrykt håp om at dette kan koma i gang i samband med at det blir oppretta fleire studieplassar på medisin. Nytt veksthus  og klimasenter på Tøyen er det fjerde store byggjeprosjektet til UiO, og det andre som enno ikkje er starta opp.  

Uroa over spesialistutdanninga for tannlegar

Rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen er samtidig svært uroa over situasjonen til spesialistkandidatutdanninga på Det odontologiske fakultetet. Dei viser til at i forslaget til statsbudsjett for 2020 går det fram at Helse- og omsorgsdepartementet er bede om å justera ned  tilskotssummen for kvar spesialistkandidat frå 2020. Heilt sidan 2003 har departementet finansiert delar av spesialistutdanning av tannlegar på universiteta gjennom tilskot gjennom Helsedirektoratet.  Dei meiner at dette er svært urovekkjande for kvaliteten på grunnutdanninga  av tannlegar.  Dei ber Kunnskapsdepartementet vera særleg merksam på dette og ser fram til å ha ein dialog med dei om dette spørsmålet.

Vil forsterka HumSam-perspektiv i livsvitskap

UiO-leiinga ber også regjeringa om å halda fram satsinga på livsvitskap.  Etter deira meining vil den beste måten å gjera det på å løyva pengar til 15 stipendiat- og postdoktorstillingar i statsbudsjettet for 2021. Denne satsinga skal først og fremst rettast inn mot å styrkja det tverrfaglege og forsterka  HumSam-perspektiv i livsvitskap, går det fram av brevet dei har sendt til Kunnskapsdepartementet.  UiO-leiiinga oppfordrar dessutan regjeringa til å styrkja den rettsvitskaplege forskinga og samarbeidet mellom dei tre juridiske fakulteta i Noreg.  Dei tenkjer først og fremst på forskingssatsinga  “Rettens transformasjoner” (Rettstrans).

I budsjettforslaget for 2020 blei tilskotet til teknisk og funksjonell oppgradering av bygg auka frå 86 millionar til 161 millionar kroner.  UiO håpar og ventar at dette vil halda fram i budsjettforslaget for 2021.

Kritiserer kuttpålegg

Dei to toppleiarane ved Universitetet i Oslo lett heller ikkje høvet gå frå seg til å kritisera regjeringa for  innføringa av avbyråkratiserings-og effektiviseringsreforma (ABE-reforma). I ein tabell viser dei at UiO har fått eit kutt på 200 millionar kroner i budsjetta sine sidan reforma for første gong slo ut i 2015 og fram til og med 2020. Dersom reforma skal førast vidare i 2021, må samfunnsoppdraga til universitets- og høgskulesektoren skjermast, krev Arne Benjaminsen og Svein Stølen i brevet til Kunnskapsdepartementet. 

Åtvarar mot å overlata universitetsbygningane til Statsbygg

Det  dei to toppleiarane er aller mest uroa over er likevel forslaget frå konsulentselskapet CapGemini om å avvikla ordninga med sjølvforvaltande lokale, slik UiO praktiserer det og erstatta det med ei forvaltning av lokala i husleigeordninga til staten under Statsbygg.  Dei peikar på at regjeringa enno ikkje har konkludert med om dei vil fylgja forslaget eller ikkje.  Dei nyttar likevel sjansen til å åtvara regjeringa mot å innføra ei slik ordning.  Dei viser til at om tilrådinga om at all eigedomen til UiO blir overtatt av Statsbygg, vil dette få store konsekvensar for UiO.  Noko av det som blir trekt fram er at areal og infrastruktur er viktige verkemiddel når UiO jobbar strategisk med å utvikla utdanningstilboda sine og forskinga.

Eit anna poeng som blir brukt er at det gir UiO meir fleksibilitet når det skal planleggjast renovering av bygningar, og å planleggja nye bygg.  Ein annan fordel er at UiO raskt kan kasta seg rundt og skaffa lokale til forskargrupper som får tildelt status som senter for framifrå forsking , senter for forskingsdriven innovasjon eller får tildelt pengar frå EU til å etablera forskingssenter. Mellom 12 og 15 månader tar det for UiO å skaffa dei lokale, medan det måtte ha venta på neste budsjettår dersom UiO  ikkje  hadde  hatt herredømmet over eigne bygningar, fryktar dei. 

Det siste argumentet dei brukar er at dette vil gå utover autonomien til institusjonane. “Det å evt. frata universitetene eiendomsfullmakten strider også mot intensjonene i regjeringserklæringen, hvor institusjonenes autonomi understrekes”. Universitetet åtvarar derfor sterkt mot  å endra regelverket for bygg i universitets- og høgskulesektoren, står det i brevet UiO-leiinga sende til Kunnskapsdepartementet denne veka.

Budsjettinnspelet for 2021 kjem opp som ei vedtakssak i universitetsstyret 22. oktober.  Tilrådinga er at universitetsstyret vedtar å slutta seg til universitetsdirektøren sine prioriteringar til satsingar utanfor ramma  for 2021.

Arkivtenesta og vedtektsendringar i styret for Apollon og Uniforum

Andre saker som skal opp i møtet i universitetsstyret 22. oktober er organiseringa av arkivtenesta og endringar i vedtektene til styret for Apollon og Uniforum. 

Når det gjeld arkivtenesta går forslaget ut på at alle arkiv ved UiO vert organiserte og samlokaliserte under felles leiing i Seksjon for forvaltning av elektronisk saksbehandling og dokumentasjon i Avdeling for administrativ støtte. Førebels skal Kulturhistorisk museum framleis ha lokal arkivkompetanse. Det skal ta vare på rolla museet har i kulturminneforvaltninga.  Seinare skal det takast stilling til om også den delen av arkivtenesta skal sentraliserast på Blindern.

Endringar i vedtektene i styret for Apollon og Uniforum kjem også opp som ei vedtakssak.  Framlegget går kort ut på at talet på styremedlemar vert reduserte frå sju til fem.  I tillegg kjem det inn ein styreleiar, slik at styret vil ha seks medlemar.  Dessutan vert det føreslått at det i  vedtektene skal stå at universitetsdirektøren har arbeidsgjevaransvaret for redaktørane og at det er universitetsstyret som er tilsetjingsorgan for redaktørane.    

Møtet i universitetsstyret startar med eit seminar for styremedlemane.  Det handlar om at UiO skal senda inn søknad om å få status som “European University”.  Deretter skal dei diskutera  det som dei kallar for “Områdegjennomgangen av bygge- og eiendomspolitikken i statlig sivil sektor”. Den diskusjonen skal gå føre seg bak stengde dører med heimel i Offl. § 5, første ledd.

Dette er heile saklista til møtet i universitetsstyret:

Møte nr. 7/2019 i universitetsstyret

Tid og sted: 22. okt. 2019 10:00–16:00, Professorboligen, Karl Johansgate 47

Seminar for styrets medlemmer

  • Program:
    • Søknad om å bli et "European University"
    • D-sak 1 Status - Områdegjennomgangen av bygge- og eiendomspolitikken i statlig sivil sektor.
      Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 5, første ledd.

Ordinært styremøte


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 6/2019

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpen møte

Orienteringssaker


Presentasjon av Det juridiske fakultets virksomhet

Ved dekan Dag Michalsen


Ordinære saker


V-SAK 3 Virksomhetsrapport per 2. tertial 2019

Saksnr. 2019/9522

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret tar virksomhetsrapport per 2. tertial 2019 til etterretning.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Budsjettinnspill 2021

Saksnr. 2019/1115

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til universitetsdirektørens fremlagte prioriteringer til satsningsforslag utenfor rammen for 2021.

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Organisering av arkivfunksjonen - anbefaling

Saksnr. 2019/3608

Forslag til vedtak:

Arkivtjenesten ved UiO organiseres og samlokaliseres under felles ledelse i Seksjon for forvaltning av elektronisk saksbehandling og dokumentasjon i Avdeling for administrativ støtte.  

KHM sitt behov for arkivtjenester i forbindelse med utøvelse av museets rolle i kulturminneforvaltningen ivaretas av en lokal tilstedeværelse av arkivkompetanse. Deretter skal det tas stilling til videreføring eller om KHM sin arkivfunksjon skal inngå i den sentrale arkivtjenesten. 

Styret overlater til universitetsdirektøren å realisere vedtaket.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 Forslag til vedtaksendringer for styret til Uniforum og Apollon

Vedtaksforslag:

1. Uniforum og Apollons styremedlemmer reduseres fra sju til fem personer:

- En vitenskapelig ansatt.

- En teknisk-/administrativ ansatt.

- En representant for de ansatte i Uniforum/Apollon.

- En studentrepresentant.

- En ekstern representant.

I tillegg kommer styreleder.

2. Oppnevningsordning:

- Styreleder, representanten for de vitenskapelig ansatte med vararepresentant og ekstern styrerepresentant med vararepresentant oppnevnes av Universitetsstyret.

-Studentrepresentanten med vararepresentant oppnevnes av Studentparlamentet.

- Representanten for de teknisk-/ administrative ansatte med vararepresentant blir oppnevnt av organisasjonene.

- Representanten for de ansatte i Uniforum/Apollon velges av de ansatte i redaksjonen, unntatt redaktørene. Vararepresentanten skal være fra den redaksjonen som den faste representanten ikke tilhører.

3. Universitetsdirektørens arbeidsgiveransvar for redaktørene vedtektsfestes.

4. Universitsstyret er ansettelsesmyndigheten for redaktørene.

5. Det vedtektsfestes at oppnevningsperioden for styremedlemmene er to år.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1: Orientering: Høring av UiOs strategi 2030

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Halvårsrapport 2019 - Enhet for internrevisjon

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Presentasjon av Evalueringsrapport om LINK

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Status bygg- og eiendomssaker

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 6 Årshjul for styresaker høsten 2019

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 7 Eventuelt

 

 

 

 

 

 


 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 18. okt. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere