Medieforskar: – Iranske journalistar har utvikla eigne metodar for å få ut viktige nyhende

Journalistar i Iran finn mange smotthol for å kunna unngå sensuren og likevel få publisert viktige nyhende om sensitive saker som korrupsjon. Det er eitt av funna Banafsheh Ranji har gjort i doktoravhandlinga si frå Institutt for media og kommunikasjon ved UiO.

Portrett av Banafsheh Ranji som ser mot fotografen

UTNYTTAR KONFLIKTAR: Nokre gonger er den øvste leiaren og presidenten i Iran heilt ueinige: – Dei gongene det er konfliktar mellom dei to, kan pressa få mykje meir fridom frå den nasjonale tryggingstenesta til å kritisera og gå til åtak på presidenten, seier medieforskar Banafsheh Ranji ved UiO som nyleg har avslutta doktoravhandlinga si om journalistiske metodar i Iran. (Foto: Ola Sæther)

 – Journalistane i Iran er framleis i stand til å gjera jobben sin trass i alle restriksjonane som vert lagde på dei. Derfor klarer dei til ein viss grad, men ikkje heilt å oppnå dei journalistiske måla dei har sett seg. Det er altså ikkje nok å seia at iranske journalistar anten sit inne i fengsel eller er ute, men heilt tause. Det finst noko midt imellom, seier Banafsheh Ranji.

Tidlegare har ho sjølv arbeidt som journalist i Iran for Iranian Students’ News Agency og for avisene Arman og Samti. No har ho akkurat blitt ferdig med doktoravhandlinga ved Institutt for media og kommunikasjon på UiO. I forskinga si har ho vore på feltarbeid i Iran og sett nærare på korleis iranske journalistar arbeider under dei svært vanskelege vilkåra det iranske presteregimet har sett for den frie pressa.

– Det viser seg at journalistar brukar forskjellige strategiar for å kunna skriva om sensitive tema, seier ho.

Banafsheh Ranji

- nyleg ferdig med doktoravhandlinga The Art of Journalism in an Uncertain Context: A Study of Iranian Journalistic Practices, på Institutt for media og kommunikasjon, UiO

- har tidlegare arbeidt som journalist i Irans hovudstad, Teheran

(Kjelde: UiO)

– Har kontakt med offisielle representantar

– Kva metodar brukar dei for å hindra at artiklane deira vert sensurerte?

– Det er sjølvsagt heilt avhengig av kva type journalistisk arbeid me snakkar om. I byrjinga av arbeidet med ei nyhendehistorie startar dei med å finna relevant informasjon. Då har dei behov for at noko blir sagt av ein offisiell representant. Då intervjuar dei denne personen slik at dei får dei svara dei håpar å få. Dei brukar bestemte spørsmål og ein bestemt måte å stilla spørsmålet på for at dei til slutt skal få det materialet dei treng til historia si, har ho funne ut.

 Iran og pressa:

- 83,024 millionar innbyggjarar

-islamsk republikk styrt av president Hassan Rouhani og den øvste religiøse leiaren Ali Khamenei

- har 178 aviser og 83 magasin, eit offisielt kringkastingsselskap, 15 000 informasjonsnettstader og 2 millionar bloggar.

- Iran er på 170. plass på pressefridomsindeksen til Reporterar utan grenser

(Kjelder: CNN, Reporterar utan grenser og Wikipedia)  

– Om ei nyhendehistorie er sensitiv, så kan dei ikkje gå nærare inn på temaet sjølve. Då prøver dei å bruka sine eigne personlege nettverk blant offisielle personar som dei har eit godt forhold til. Dei snakkar med dei og overtyder dei ved å bringa dei inn i deira eige spel. Dei offisielle personane tar opp eit tema fordi dei er blitt overtydde av journalistane om at dei skal gjera det. Når desse representantane gjer det, kan journalistane fylgja dei opp og dekkja saka, forklarar ho.

– Skriv mellom linjene

Dei iranske journalistane har også utvikla ein eigen metode for sjølve skrivinga.

– Den eine metoden er å skriva mellom linjene. Det gjer dei ved å bruka ulike metaforar, dei brukar eufemismar, (skånande omskriving av noko som kan verka støytane. Red. merknad.) retoriske teknikkar og så utnyttar dei den offisielle språkbruken til deira eigen fordel. Eit døme er at om dei skriv om korrupsjon, så brukar dei sitat som den øvste leiaren har brukt om korrupsjon. Av og til byter dei ut ord med ord som er mindre sensitive for å få det gjennom. Samtidig krev dei heile tida objektivitet, som er ein gyllen regel i journalistikken i heile verda. Så dersom dei ynskjer å rapportera om ein konflikt mellom arbeidarar og arbeidsgjevarar, eller ein streik, så skriv dei om det, fordi det handlar om å vera journalistisk objektiv, fortel ho.

Journalistane har ikkje berre problem med maktpersonar i Iran. Også innanfor mediehuset møter dei problem som dei løyser med ein bestemt strategi.

– Ja, dei prøver å forhandla med sine eigne overordna i nyhendemediet. Om mediasjefar nektar dei å publisera ei sak, stolar dei på sine eigne evner til å forhandla med dei. Også her går dei inn i spelet til mediesjefane, seier ho.

Banafsheh Ranji synest funna ho har gjort, er svært interessante.

– Dei viser at det er tøft å driva journalistikk i det iranske samfunnet, men at sluttresultatet er påverka av korleis journalistane er blitt sosialiserte inn i samfunnet gjennom i lang tid å ha drive med journalistikk i ein slik situasjon. Dei har lært reglane i dette spelet, som ikkje er spesielt forskjellige frå andre delar av det iranske samfunnet. Mange kvinner erfarer det same. Til dømes er det obligatorisk med hijab i Iran, men mange kvinner har lært spelereglane og funne ut korleis dei kan omgå restriksjonane og unngå problem med politiet. Dette handlar i hovudsak om dei tøffe levekåra i Iran i eit restriktivt samfunn, peikar ho på.

– Vonbrot og gleder

Før ho fann ut at ho skulle bli medieforskar, arbeidde Banafsheh Ranji som journalist i Irans hovudstad Teheran. For henne var det eit liv fullt av ulike erfaringar.

– Det handla både om vonbrot og gleder. Eg hadde dei same røynslene som mange andre journalistar har. Sjølvsagt møtte eg mange hindringar, eg var utsett for politisk risiko, det var heile tida ein økonomisk usikker jobb, det var ingen sikre jobbkontraktar og låge lønningar. På den andre sida ser du at du kan påverka samfunnet, og du er ein aktør som har påverknadskraft, som kan visa fram feilgrep og bidra til betre levevilkår i samfunnet. Alt dette motiverer deg til å halda fram med ein slik jobb, trass i den politiske og økonomiske risikoen det fører med seg, konstaterer ho.

Og det var nettopp for å finna ut meir om dette, at ho bestemte seg for å bli forskar og å avslutta journalistkarrieren.

– Eg ville gjerne finna ut meir om kvifor me som journalistar involverer oss i eit slikt risikabelt spel. Og korleis journalistar har klart å fungera i eit slikt restriktivt samfunn som stadig forandrar seg.

JOURNALISTEN BLEI FORSKAR: Medieforskar Banafsheh Ranji arbeidde tidlegare som journalist i Iran:  – Eg hadde dei same røynslene som mange andre journalistar har. Sjølvsagt møtte eg mange hindringar, eg var utsett for politisk risiko, det var heile tida ein økonomisk usikker jobb, det var ingen sikre jobbkontraktar og låge lønningar. (Foto Ola Sæther)

Utnyttar maktkampen

– I Iran er det eit presteskap som styrer leia av den øvste leiaren, ayatollah Ali Khamenei. Dei er ofte i konflikt med president Hassan Rouhani og regjeringa hans. I kva grad utnyttar journalistane denne rivaliseringa?

– Den øvste leiaren støttar som regel den mest konservative fraksjonen, som er for den tøffaste linja. Om presidenten og den øvste leiaren står saman i ei kulturell eller politisk sak, er det sjølvsagt ingen konflikt mellom dei. Det var tilfellet i den første valperioden til tidlegare president Mahmoud Amadinejad. Seinare kom han i konflikt med den øvste leiaren, og no er han fjerna for godt frå den politiske scena i Iran. Dagens president Hassan Rouhani står nærare reformistane og kallar seg sjølv for moderat. Han seier at han vil gjerne ha eit meir ope samfunn, færre restriksjonar og meir fridom på internett og i sosiale media, men ingenting av dette har skjedd. Han har altså heilt forskjellige haldningar til slike spørsmål enn det den øvste leiaren har. Med slike ulike synspunkt kjem dei ofte i konflikt med kvarandre, har ho notert seg.

– Dei gongene presidenten og den øvste leiaren har dei same politiske haldningane, er det større undertrykking av pressa. Dei gongene det er konfliktar mellom dei to, kan pressa få mykje meir fridom frå den nasjonale tryggingstenesta til å kritisera og gå til åtak på presidenten. Den står alltid nærast den øvste leiaren. Det er ein av konsekvensane rivaliseringa mellom dei to har fått for journalistikken, slår ho fast.

Kritisk til rangering av pressefridomen

Iran ligg i dag på 170. plass når det gjeld graden av pressefridom i landet, ifylgje World Press Freedom Index frå Reporterar utan grenser. Banafsheh Ranji synest ikkje slike typar rangeringar er presise.

– Eg er ikke einig i dei indikatorane som menneskerettsorganisasjonar byggjer sine konklusjonar på og måten dei brukar dei på. Viss ein ser på pressefridomen generelt i heile Iran, stemmer det at det ikkje eksisterer mykje fridom. Men rangeringa har ikkje tatt innover seg at graden av pressefridomen skiftar frå år til år. Freedom House snakkar berre om presset på pressa, ikkje i kva grad dei iranske journalistane klarer å oppnå måla sine, trass i presset som dei arbeider under. Og menneskerettsorganisasjonane ser mest på den politiske tryggleiken til journalistane, ikkje på økonomisk tryggleik, meiner ho.

Emneord: Iran, Media, Journalistikk Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2019 11:08 - Sist endra 4. okt. 2019 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere