Reagerer mot innskjerpa språkkrav for disputasen på medisin

Det medisinske fakultetet har nyleg stramma inn på reglane for å gi dispensasjon for talemål under disputasar. Både nykreert doktor Guro Haugen Fossum og avdelingsleiar Jørund Straand ved Avdeling for allmennmedisin reagerer sterkt.

Guro Fossum Haugen og Jørund Straand ved Avdeling for allmennmedisin sit med ansikta mot fotografen

KRITISKE: Både forskar Guro Haugen Fossum og avdelingsleiar Jørund Straand ved Avdeling for allmennmedisin er kritiske til at dekanen har avgjort å stramma inn språkkravet for disputasen ved Det medisinske fakultetet, UiO.

Foto: Ola Sæther

Det medisinske fakultetet skjerpar inn høvet til å gi dispensasjon frå kravet om at talemålet under disputas alltid må vera på same språk som avhandlinga er skriven på. Det gjorde dekan Ivar Prydz Gladhaug kjent gjennom Uniforum i dag tidleg.

Dette er dei reviderte reglane for bruk av språk under prøveførelesing og disputas ved Det medisinske fakultetet, UiO:

Doktorgradsprøven 
-      Prøveforelesning holdes normalt på samme språk som avhandlingsspråket. Bedømmelseskomiteen kan likevel selv be om at prøveforelesningen avholdes på norsk
-      Disputasen skal alltid foregå på samme språk som avhandlingen er skrevet på.
-      Bruk av Skype el.l. på prøveforelesning og /eller disputas kan kun skje ved force majeure og må være godkjent av fakultetet på forhånd.

Her finn du lenkja til heile revideringa av dei utfyllande reglane for ph.d. på MED.

 

• Les i Uniforum:  

MED innskjerpar reglane: Ikkje rom for anna talemål enn avhandlingsspråket på disputasen

Men på prøveførelesingar skal det vera mogleg å kunna bruka eit anna talemål enn språket som er brukt i avhandlinga, så sant den sakkunnige komiteen ber fakultetet om det.

Den ferdig uteksaminerte doktoren, Guro Haugen Fossum søkte sjølv om dispensasjon frå språkkravet før ho disputerte. Ho fekk nei frå fakultetet, men leiaren for disputasen, Dag Berild gav henne beskjed den same dagen om at ho kunne få lov til å bruka norsk som talemål, sidan opponentane var skandinaviskspråklege. Det førte til at presentasjonen hennar var på engelsk, medan diskusjonen etterpå var på norsk og svensk.

Med dei nye reviderte reglane, vil ikkje det lenger vera mogleg, så lenge avhandlinga er på engelsk. Då skal også all diskusjon gå føre seg på engelsk uavhengig av om opponentane er skandinavisksspråklege eller ikkje.

– Unntaket har blitt regelen

I intervjuet med Uniforum tidlegare i dag viser dekan Ivar Prydz Gladhaug til at unntaket har blitt meir regelen enn avvviket, og derfor måtte fakultetet ordna opp i regelverket.

– Hovudregelen, gitt av UiOs ph.d-føreskrift er at prøveførelesing og disputas skal gå føre seg på avhandlingsspråket, og dette er ikkje nytt, slik har det vore tilbake til den første ph.d.-føreskrifta frå 2003. Ved ein gjennomgang fann me at det i enkelte miljø blir tatt for gitt at norsk språkform vert godkjent, og unntaket har blitt regelen heller enn avviket, konstaterte han.

– Det er dette fakultetet no ynskjer å rydda opp i ved at fakultetet si handheving av føreskrifta, er innskjerpa. Fakultetet ynskjer at føreskrifta sin normalregel skal vera rådande for heile fakultetet, noko som også går tydeleg fram i dei reviderte utfyllande reglane vedtekne 29. mai, understreka Ivar Prydz Gladhaug overfor Uniforum.

– Strir imot tildelingsbrevet frå KD

Forskar og dr.med. Guro Haugen Fossum ved Avdeling for allmennmedisin synest ikkje noko om dei innskjerpa reglane.

– Dekanatet viser med behovet sitt for å stramma inn reglane endå meir, at dei har tolka dei noverande reglane for strengt tidlegare dette året, skriv ho i ein epost til Uniforum.

Haugen Fossum meiner også at det strir imot pålegg frå Kunnskapsdepartementet.

– Utfasing og degradering av norsk som vitskapleg språk ved Det medisinske fakultetet strir imot tildelingsbrevet frå KD. Ved å fasa ut norsk, viser dei lita forståing for mangfaldet i dei medisinske miljøa, og det forskjellige publikummet vårt, meiner Guro Haugen Fosssum.

– Unødvendig detaljstyrande

Etter hennar meining er dei reviderte reglane for doktorgradsprøven altfor detaljstyrande.

– Dekanen hevdar at unntaket har blitt regelen, men dei aller fleste disputasar vil vera på engelsk.. Å laga særreglar for å unngå bruk av norsk, framstår som unødvendig detaljstyrande utan ei overtydande grunngjeving og utan ein open demokratisk prosess, tykkjer ho.

– Kvifor  innleier ikkje dekanen ein dialog med forskningsmiljøet vårt og formidlar uro si? Då ville han blant anna få høyra at alle her er einige i at stipendiatane skal kunna presentera forskinga si på engelsk. Men han ville også ha fått høyra a det skandinaviske samarbeidet står særleg sterkt her på grunn av likskapar i oppbygginga av primærhelsetenesta, legg ho til.

– Kan me ikkje lenger snakka same språk med kvarandre, vil det skapast ein kunstig distanse, fryktar ho.

Haugen Fossum etterlyser no større medverknad frå dei vitskaplege tilsette ved fakultetet.

– Kvar er dei vitskaplege tilsette si stemmer i dette, og kvar er ph.d.-stipendiatane sine stemmer i dette? spør ho.

– Fekk dispensasjon etter mykje diskusjon

Legen og doktoren Guro Haugen Fossum viser også til at ho nyleg var på ein disputas der norsk blei brukt som talemål.

– Eg har nettopp sett første del av ein disputas som etter mykje diskusjon til slutt fekk dispensasjon. Opponentane nekta å gjennomføra om det ikkje blei gjort på norsk. Den handla om tekstanalyse i uføresøknader, og det var ei fantastisk interessant oppleving, der det norske språket hadde særleg mykje å seia i kommunikasjonen mellom doktorand og opponent, relatert til resultata. Skal dette arbeidet få noko å seia for NAV, styresmakter og allmennlegar, så er det ekstremt viktig at denne forskinga kan kommuniserast på norsk, meiner Guro Haugen Fossum.

– Tillit er betre enn kontroll

Også hennar overordna på Avdeling for allmennmedisin, avdelingsleiar Jørund Straand stiller seg uforståande til innskjerpinga av reglane for bruken av språk under doktorgradsprøven på Det medisinske fakultetet.

– Avgjerd om språk på prøveførelesing og disputas er derimot noko som best blitt tatt av fagmiljøet lokalt, disputasleiar i dialog med opponentar og rettleiarar, basert på kunnskap om kven som er til stades og kva arbeidet handlar om og konteksten til forskinga. Fakultetet bør her vera vaksen nok til å ha tillit til eigne fagmiljø. Tillit er betre enn kontroll i slike spørsmål. Fakultetet er til for fagmiljøa – ikkje omvendt, understrekar Jørund Straand, i ein epost til Uniforum.

– Uproblematisk

Men han forstår godt kravet om at alle forskarar også må kunna både skriva og uttrykkja seg på engelsk.

– Me er alle einige i at det i dag er heilt sjølvsagt at alle forskarar skal kunna presentera og diskutera forskinga si på engelsk. Om ein ynskjer å kontrollera ph.d-.kandidatane sine evner her, kunne ein til dømes leggja inn presentasjonane av eiga forsking på internasjonale kongressar som ein obligatorisk del av ph.d..-utdanninga. Det ville vera heilt uproblematisk, seier han til Uniforum.

 

 

Emneord: Medisin, Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2019 14:56 - Sist endret 7. juni 2019 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere