Abelprisvinnar gir millionar for å få fram minoritetar og kvinner i akademia

Tysdag 21. mai fekk amerikanske Karen Uhlenbeck (76) utdelt Abelprisen frå kong Harald  i Universitetets aula. Halvparten av prispengane på seks millionar vil ho gi til organisasjonar som arbeider for å få kvinner og minoritetar inn i akademia i USA.

FÅR ABELPRISEN: Karen Uhlenbeck får utdelt Abelprisen 2019 frå Hans Majestet kong Harald. 

Foto: Ola Sæther

Det var ein fullsett Aula som tok imot matematikkprofessoren Karen Uhlenbeck då ho kom opp midtgangen saman med preses Hans Petter Graver i Vitskapsakademiet til tonane frå  Klaus Sandviks Abelfanfare.  Til sist kom kong Harald saman med rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo.   Det blei fylgt opp med dansaren Camilla Spidsøe som dansa seg nedover midtgangen og heilt fram til scena, medan Det norske solistkor song. 

Geometrisk analyse og gaugeteori

Då det i mars blei kunngjort at Karen Uhlenbeck ville få tildelt Abelprisen 2019 som den aller første kvinna, kom leiaren for Abelkomiteen Hans Munthe-Kaas med fylgjande grunngjeving:

Uhlenbeck får prisen for det grunnleggjande arbeidet ho har gjort i geometrisk analyse og gaugeteori, som har fundamentalt endra det matematiske landskapet. Teoriane hennar har revolusjonert  forståinga vår av minimale overflater, som til dømes overflater til såpebobler, og av meir generelle minimeringsproblem i høgare dimensjonar. Og ei meir forståeleg forklaring på gaugeteori er at det er det matematiske språket til teoretisk fysikk.

Då kong Harald gav Karen Uhlenbeck  det synlege provet på at ho var tildelt Abelprisen for 2019 og ein sjekk på seks millionar kroner, kom det varm applaus frå nærare 400 personar i Aulaen. 

Kjempa for kvinnerettar

I talen sin la Karen Uhlenbeck sterk vekt på bakgrunnen sin som dotter av universitetsutdanna foreldre, men som oftare enn menn har måtta kjempa seg fram og over alle hindra som fanst for kvinner i akademia i første delen av karrieren hennar.

– På 1960-talet kravde me like rettar for menn og kvinner. Og i 1972 kom det ei lov som opna alle dørar som tidlegare var stengde for kvinner, sa Uhlenbeck, som også gav honnør til den norske regjeringa som etablerte Abelprisen for over 20 år sidan.  – Eg er svært rørt over at eg no er mellom dei 20 vinnarane av Abelprisen, sa ho.

I AULAEN: Abelprisvinnar Karen Uhlenbeck spaserer langs midtgangen i Aulaen og passerer plakatar av seg sjølv. (Foto: Ola Sæther)

Karen Uhlenbeck er matematikar, men også ein sterk forkjempar for kvinner og for likestilling i akademia.  I dag er ho professor emerita ved University of Texas i Austin, samtidig som også er knytt til Princeton-universitetet i Massachusetts. 

Opptatt av klimaendringar

Men den 76 år gamle Abelprisvinnaren er også opptatt av klimaendringar.  Det kom ho inn på då ho oppfordra alle til å ta ei flyreise mindre i året som eit bidrag for å redda klimaet.

Etter prisseremonien i Universitetets aula var det eit offisielt intervju med Karen Uhlenbeck i Det Norske Teatret.  Etterpå fekk Uniforum  høve til å be henne om å koma med sine tankar om korleis matematikken kan hjelpa til med å løysa klimaendringane.

– For meg ser det ut som det først og fremst er politiske problem. Deretter er det snakk om utvikling av ny teknologi. Matematikken er eigentleg langt frå dette.Det beste bidraget er nok at matematikarane drar på færre flyreiser enn det dei har gjort til no. Med Skype er det blitt mykje lettare. Så det skulle ikkje vera nødvendig med så mange flyreiser, konstaterte ho.

Matematikk som kan dreia seg om miljø

Då Uniforum ville vita kva matematisk problem ho kunne ha tenkt seg å løysa, dersom ho hadde vore ein ung student i dag, svarte ho slik:

– Då trur eg faktisk at eg ville ha vald matematikk som kan dreia seg om miljø. For då eg var ung, blei ikkje matematikk brukt til å laga modellar over miljøet. No finst det slike modellar. Nye idear i matematikk kjem ofte frå spennande stader. Den beste staden å jakta på nye problem er i områda mellom ulike fag. Om eg hadde funne ei bestemt retning, ville eg ha valt den sjølv.  Den siste doktorstudenten hadde eg for fem-seks år sidan. Då begynte ho på eit smalt område, som brått blei veldig “hot”, slik at alle ville begynna å studera det. Me var raske nok til å koma dit først. Alle dei lette problema i matematikken er allereie løyste, slo ho fast.

OFFISIELT INTERVJU: Abelprisvinnaren Karen Uhlenbeck blei intervjua i Det Norske Teatret. (Foto: Ola Sæther)

Verre å få fram kvinner i politikk enn i matematikk

Sjølv om Karen Uhlenbeck er den første kvinna som har fått tildelt Abelprisen, tykkjer ho ikkje at matematikk er eit spesielt vanskeleg område for kvinner å gjera karriere i i USA. – Nei, det er mange dyktige yngre kvinner i heile akademia i dag. Då er det verre i amerikansk politikk. Der er det heller få kvinner som når opp. Me har heller ingen kvinneleg dirigent for symfoniorkester og det er få kvinner i klassisk musikk. Det er mange problem for kvinner i det amerikanske samfunnet, men problema er absolutt ikkje verst i matematikken, konstaterte ho.

Støttar kvinner og minoritetar i akademia

Under intervjuet med forskingsjournalisten Ionica Smeets avslørte ho også at vil gi halvparten av prispengane til to bestemte formål.

 – To organisasjonar som arbeider for å fremja matematikktalent som kjem frå underrepresenterte minoritetar får ein million. Så skal to millionar gå til Edge Foundation. Den stiftinga skal hjelpa unge kvinner fram til å ta ein akademisk grad. Mange av dei som har fått støtte, har allereie tatt doktorgrad, fortalde ho stolt.

Emneord: Abelprisen, Matematikk, Priser Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2019 09:25 - Sist endret 22. mai 2019 21:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere