Professor Nils Chr. Stenseth kjørte drosje for ein halv million på UiOs rekning

Professor Nils Chr. Stenseth har kjørt drosje for over 500 000 kroner både i embets medfør og privat dei siste tre åra. No må han rydda opp. UiO vedgår rutinesvikt.

HALV MILLION: Topp-professor Nils Chr. Stenseth kjørte taxi for 512 000 kroner på UiOs rekning. Han tar fullt ansvar og vil betala tilbake dei private drosjeutgiftene.

 

Foto: Ola Sæther

Professor Nils Chr. Stenseth må no betala tilbake til Universitetet i Oslo dei private drosjerekningane han har fått dekka med eit eige taxikort frå Oslo taxi.  Ifylgje Stenseths  eigne utrekningar, vil det seia rundt 100 000 kroner på tre år. Resten av drosjerekningane på til saman 400 000 kroner meiner Stenseth  Universitetet i Oslo må dekka. Det er drosjeturar han har gjort i embets medfør. Ifylgje VG har han drege taxikortet 1300 gonger på to år og åtte månader.

Betalte med taxikort

Det var VG som laurdag kveld publiserte ein artikkel om den uvanlege høge bruken av drosjetransport, biologiprofessor Nils Chr. Stenseth  står bak.  Til saman har han altså brukt 500 000 kroner på drosjeturar i løpet av dei siste tre åra. Han har alltid betalt med eit taxikort frå Oslo taxi, som han har fått frå Universitetet i Oslo.  

Stenseth var inntil i fjor sommar leiar for eit senter for framifrå forsking; Senter for økologisk og evolusjonær syntese( CEES).  Då gjekk han av som leiar, og blei tilsett i ei nyoppretta stilling som supermentor for yngre og talentfulle forskarar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.  Stenseth har også vore preses for for Det norske vitskapsakademiet, og er medlem både i det russiske, franske og det amerikanske vitskapsakademiet. Han har også æresprofessorat ved ei rekkje utanlandske universitet, mellom anna ved eit universitet i Kina. 

Betaler tilbake drosjeturar mellom Frogner og Blindern

I eit intervju med VG forsvarar Nils Chr. Stensteth den utstrekte bruken av drosje med at dei har vore naudsynte i teneste for vitskapen og i teneste for UiO.

– Eg står klart ved alt, og tar det fulle og heile ansvaret for det, seier han til avisa.  Han viser til at dei gongene han har vore på utanlandsreise har  han som regel tatt drosje mellom heimen på Frogner og Gardermoen.

Når det gjeld alle dei rundt ti minutt lange drosjeturane mellom husværet på Frogner og kontoret i Kristine Bonnevies hus på Blindern, tar han sjølvkritikk på dei, og vil betala tilbake alle drosjeutgiftene UiO har dekt for han på den faste reisa fram og tilbake til jobben.

Fakta om Nils Chr. Stenseth

Fødd 1949. Professor i biologi. Leiar ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES). preses i Det norske vitskapsakademiet. Medlem av det franske, amerikanske og russiske vitskapsakademiet.

No vil han altså betala tilbake dei 100 000 kronene UiO har dekt for han på reisa mellom jobben  og heimen dei siste tre åra.  Men dei  400 000 kronene som er brukt på drosjereiser på  veg til og frå Gardermoen og til og frå konferansar i Oslo-området, seier han ingenting om å betala tilbake. 

– Rutinesvikt

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen fortel til VG at dei høge drosjerekningane til  Stenseth blei oppdaga i juni 2018. Han seier at UiO har ein internkontroll der rekneskapsavdelinga  nokre gonger ser ting som dei sjekkar ut.  – Her har det skjedd ein rutinesvikt, og den fylgjer me opp, seier Benjaminsen. Overfor VG stadfestar også universitetsdirektøren at Nils Chr. Stenseth ikkje lenger har noko taxikort.

Emneord: Økonomi, Realfag, Naturfag, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 11. mars 2019 00:00 - Sist endra 11. mars 2019 11:44

Hviskeleken i Uniforum

Nyheten om professor Nils Chr. Stenseths taxibruk ble først omtalt i VG lørdag kveld og Khrono på søndag. Natt til mandag kom historien på Uniforum, med en ingress som antyder at Stenseth har brukt UiOs taxikort i jobb og privat. I VG-artikkelen fremkommer det at Stenseth tar mye taxi, både i jobbsammenheng og privat og at den private bruken dekker han selvfølgelig selv. Han forteller også at enkelte taxiturer mellom hjem(mekontor) og Blindern har blitt belastet taxikortet når det har vært liten tid til å forflytte seg mellom disse to arbeidsplassene. Han vedgår imidlertid at det var en svak vurdering å regne dette som jobbreiser og har tilbudt seg å betale tilbake kostandene ved disse turene.

 

Få, om noen, nåværende aktive professorer har bidratt mer enn Stenseth med å sette UiO på kartet internasjonalt. Dersom UiO skal realisere ambisjonene om å være et internasjonalt anerkjent forskningsuniversitet trenger vi flere av hans kaliber. Da er UiO bedre tjent med at de svake rutinene, som Stenseth tar opp i VG-artikkelen blir belyst fremfor at professoren henges ut. En vinkling av Uniforumartikkelen mot dette ville ha vært forfriskende. 

Finn-Eirik Johansen - 11. mars 2019 07:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere