Supersikker datateneste ved UiO hjelper forskarar til å gjera nye funn

NMBU-forskaren Annette  Alstadsæter avslørte formuer skjulte i skatteparadis. Det er eitt av fleire forskingsprosjekt som berre er mogleg å få til på grunn av tilbodet frå Tenester for senstiv data (TSD) ved Universitetet i Oslo.

DATAROMMET: Gard Thomassen er ansvarleg for utviklinga av  Tenester for sensitive data,  viser fram datarommet der alle servarane med sensitive data er plasserte. 

Foto: Ola Sæther

Med personvern innebygd frå innsamlinga av data opnar det seg no fleire store moglegheiter for forskarar på alle fagområde gjennom bruk av tilboda frå Tenester for sensitiv data på UiO. Det er Gard Thomassen som er ansvarleg for utviklinga av Tenester for sensitive data ved Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT).

– Gratis for UiO-forskarar

Allereie no brukar 2997 forskarar på 530 forskjellige forskingsprosjekt denne datatenesta. Det er langt i overkant av det dei hadde tenkt seg, då dei starta opp prosjektet i 2012. Eitt av prosjekta går ut på å samla inn helsedata som skal samlast inn på ein mobilapp og smartklokker som 300 pasientar får delte ut i august.Målet er å hindra tilbakefall av kreft. 

– Alt er gratis for forskarar på UiO. Dei kan kvar få ein terrabyte og ein datatenar hos oss. Utgiftene blir betalte av UiO sentralt. Men sjukehusa og helseregionane må betala ein fast takst på grunn av konkurransereglane, opplyser Gard Thomassen og Dagfinn Bergsager til Uniforum. Medan Dagfinn Bergsager er leiar for Gruppe for utvikling og forvaltning av webapplikasjonar, og lagar web og mobilapplikasjonar for innsamling av sensitive data på toppen av TSD, er Gard Thomassen underdirektør for IT i forsking og ansvarleg for heile TSD.

Personvern er bygd inn frå innsamlinga av data

På den plattforma som TSD driftar, vil forskarane finna både analyse- og rekneverktøy. Det får Uniforum opplyst. Den store fordelen med systemet er at personvern er bygd inn frå innsamlinga av data. Slik kan alle dei naudsynte opplysningane hentast inn frå smartklokke, videokamera, mobil eller nettbrett.

Straks all informasjon er i systemet, kan forskarane få tilgang til dei frå datamaskina si gjennom ei to-faktorautensiering, det vil seia passord i tillegg til eit anna sikkert teikn som fingeravtrykk eller generert kode. Forskarane kan dermed utføra tungrekning for uttrekk av store datamengder (big data) eller dataanalyse. Det kan skje utan at opplysningane blir utsette for risiko gjennom å overføra eller senda dei.

Garanterer at det er heilt sikkert

Dagfinn Bergsaker og Gard Thomassen garanterer at dette er heilt sikkert.

– Ja, det er klart. Det sikrar sensitive data heilt frå innsamling til behandling og lagring og dei oppfyller alle krava i personvernlova, også EUs GDPR-krav, seier dei.

Avslørte formuer i skatteparadis med hjelp frå TSD

Både Bergsager og Thomassen er stolte over at professor Annette Alstadsæter ved NMBU kunne ta i bruk datatenaren til Tenester for sensitive data då ho skulle avsløre formuer skjulte i skatteparadis. Ho brukte data frå mange anonymiserte kjelder på eit prosjekt saman med Niels Johannesen (Københavns Universitet) og Gabriel Zucman (UC Berkeley) for å anslå kor mykje som blir unndratt i skatt via skatteparadis, kva som kjenneteiknar dei som deltar i slik aktivitet, og kor mykje skatt dei sparer på dette. Då fann dei at mange av dei som skjulte pengar i utlandet var blant landets rikaste. 80% av dei skjulte utanlandsformuene tilhøyrte dei 0,1% rikaste familiane. Dei aller rikaste unndrog 25% av den skatten dei skulle ha betalt, mot 3% i gjennomsnitt i befolkninga, hadde ho funne ut.

– Kvifor unndrar dei rike skatt på denne måten? Fordi dei kan. Som vi ser frå avisoppslag, så har også fotballspelarane Ronaldo, Neymar og Messi unndratt store summar skatt via skatteparadis. Dei har sjølvsagt rådgjevarar som hjelper dei med dette. Det er ein stor industri med rådgivarar som tener store pengar på å hjelpa verdas rikaste å unngå skatt, fortalde ho på presentasjonen av Tenester for sensitive data denne månaden. Og så var ho også full av lovord for den tenesta.

– Dei tilsette ved TSD er svært dyktige, tar ansvar, og er genuint interesserte i å levera ei god teneste og følgja opp oss forskarar. Det einaste eg saknar er ei direkte telefonlinje me kan ringja for å få hjelp/svar med ein gong, i staden for å måtte vente på svar på epost, sa ho i ein appell til dei som styrer ved Universitetet i Oslo.

– Hemmelege opplysningar er sikre

Og Gard Thomassen er sjølvsagt opptatt av at all data er sikker.

– For dei som arbeider med hemmelege ting, kan me garantera at opplysningane aldri kjem til å hamna ut på internett, utan at prosjektdeltakarane gjer det med overlegg, understrekar han.

10 årsverk

Thomassen og Bergsager er også krye over at USIT har klart å utvikla eit system som er betre enn det andre utanfor Universitetet i Oslo kan levera, og det med ganske få ressursar.

– Med 10 årsverk klarer me å drifta eit system som har ein utviklingstakt som ingen andre innanfor helse-IT kan matcha. Me har klart å utvikla eit system der det er mogleg å kopla genetikkbiten med innsamling av data frå pasientar på sjukehusa. Dessutan opnar det også for å kopla både genetikkbiten og pasientopplysningar med data frå hjernescreening. Både Psykologisk insittutt og Det utdanningsvitskaplege fakultetet brukar desse tenestene, fortel dei to.

Får mest sensitive data frå OUS

Men det er pgå ein annan viktig brukarmasse som er essensiell for suksessen til TSD.

– Oslo universitetssykehus sine forskarar har fått innfridd krava i personvernlovgjevinga takka vera dette systemet. Om ikkje Oslo universitetssykehus hadde vore med, ville UiO hatt problem med å nytta systemet. Det er nemleg frå OUS at UiO får det aller meste av dei sensitive dataene som det reknast på i dette systemet. Universitetet i Oslo er i dag den største brukaren av tenestene våre, seier Gard Thomassen.

Dynamisk samtykkeportal

I systemet har dei også integrert ein eigen dynamisk samtykkeportal, dette er noko heilt nytt, opplyser dei. No kan både forskarane og respondentane sjå kven som har samtykka til kva og når. I hovudsak er det personsensitive opplysningar forskarar samlar inn om genetikk og sjukdom, ernæring og økonomi, som har mest behov for dette systemet.

Tidlegare måtte dei samla inn slike data på papir og så senda dei over til lukka system gjennom å tasta dei inn for hand. Då var ikkje dataoverføringa sikker nok til å handtera sensitive data. Samtidig var det berre bestemte datamaskinar med høg grad av tryggleik som kunne brukast til slik forsking, i fylgje opplysningar Uniforum får frå seniorrådgjevar Gyda E. Kjekshus i staben til IT-direktør Lars Oftedal.

 • Les meir i Uniforum: 

UiO i teten for forskningsapper

Tenester for sensitive data (TSD) opna på UiO

Les meir på nettsidene til Tenester for sensitive data

 

 

 

 

Emneord: USIT, Informatikk, Helse Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere