Full beredskap ved Lucy Smiths hus på Blindern etter melding om pakke med pulver

Politiets bombegruppe  og alle naudetatane rykka ut til Lucy Smiths hus på Blindern etter at det rett etter klokka 10 i dag kom melding om at det var blitt tatt imot ei pakke med pulver. Forsvarets forskingsinstitutt har no analysert pulverbrevet og definert det som ufarleg. 

FULL BEREDSKAP: Slik såg det ut utanfor Lucy Smiths hus i formiddag etter at alle naudetatane og politiets bombegruppe var på plass. 

Foto: Yngve Vogt/ Apollon

– Også bombegruppa til politiet rykka ut, fortel innsatsleiar Tom Berger hos politiet i Oslo. - Me held no på med å sikra denne pakka, fortel han til Uniforum. Dei har også kartlagt kor mange personar som har vore i nærleiken med pakka. - Fem personar har vore i kontakt med eller i nærleiken av denne pakka. Dei har me kontroll på og dei blir tatt vare på. 

BOMBEGRUPPE: Politiets bombegruppe kom til Lucy Smiths hus på Blindern for å avdekka kva innehald pakka med kvitt pulver hadde, fortel innsatsleiar Tom Berger ved Politiet i Oslo. (Foto: Ola Sæther) 

- Kva kjem til å skje no etterpå? 

- Det blir ei etterforsking. frå politiets del. No skal me først sikra pakka og sørgja for at vanleg drift her kan takast opp igjen og at dei fem som har vore i kontakt med pakka har det bra. Så blir det ei politietterforsking for å avdekka kven som er avsendar og kven som skulle ha vore mottakar og for ikkje minst å avdekka kva innhaldet i pakka faktisk er, seier innsatsleiar Tom  Berger til Uniforum. 

I ei melding som universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har sendt til alle dei tilsette i sentraladministrasjonen til Universitetet i Oslo går det fram at politiet ikkje ser nokon grunn til å evakuera bygningen Lucy Smiths hus.  UiO har sett beredskap og jobbar i tett samarbeid med naudetatane, står det i meldinga. Uniforum og anna presse blir bedne om å ta kontakt med politiet dersom pressa ynskjer meir informasjon om det som har hendt. 

Klokka 15.30 i ettermiddag kom det ei oppdatert melding frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Der heiter det at politiet no opplyser til beredskapsleiinga ved UiO at pakka er sendt til Forsvarets forskingsinstitutt for vidare analyse. Alle naudetatane har avslutta arbeidet.

Lokalet der pakka har vore er mellombels  stengt - inntil politiet har fått prøvesvar. Dei tilsette har fått tilbod av helsetenesta og har det etter forholda bra, står det i pressemeldinga frå Universitetet i Oslo.

Oslo politidistrikt opplyser i kveld at pulverbrevet no er undersøkt og definert som ufarleg. Alle dei  berørte partane er varsla om dette, skriv politiet i ei twittermelding.

BOMBEGRUPPA GÅR INN: Her er folk frå Politiets bombegruppe på veg inn i kjellaretasjen i Lucy Smiths hus for å avdekka kva som er innhaldet i pakka med kvitt pulver som dei fekk melding om rundt klokka ti i formiddag. (Foto: Ola Sæther) 

 

 

 

 

 

 

(Oppdatert klokka 12.11, 16.37 og 21.45) 

 

 

Emneord: kriminalitet, beredskap Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2019 11:55 - Sist endra 5. feb. 2019 21:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere