UiO skal førebu unge forskarar på eit liv utanfor akademia

– Det er viktig å gjera doktorkandidatar klare over at berre eit mindretal av dei vil enda opp i eit professorat i akademia. Men dei vil vera svært nyttige for andre arbeidsgjevarar, seier Katrien Maes i Ligaen for Europas beste forskingsuniversitet.

IKKJE NOKO NEDERLAG: – Det er ikkje noko nederlag ikkje å få jobb i akademia etter at forskarutdanninga er avslutta. Dei må tvert imot sjå på det som ei utfordring eller ein ny sjanse, seier Katrin Maes, som er visegeneralsekretær i Ligaen for europeiske forskaruniversitet.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo uteksaminerte i fjor 493 doktorkandidatar. Rundt 20 prosent av dei kan rekna med å få jobb i akademia i framtida.

Derfor arbeider no senteret for framifrå forsking, Hylleraas-senteret ved leiar Trygve Helgaker saman med sju andre senter for framifrå forsking for å laga karriereplanar for alle dei yngre forskarane med doktorgrad.

Om forskarspirane er heldige, kan dei halda fram nokre år som postdoktorar, men berre eit fåtal av dei endar altså opp i ein fast vitskapleg stilling i akademia.

Fakta om forskarutdanning ved UiO:

  • Føreset fullført mastergrad
  • Normert til tre års fulltidsstudium
  • Sjølvstendig forskingsarbeid på 2,5 år
  • Opplæringsdel på 30 studiepoeng
  • 493 kandidatar disputerte ved UiO i 2017
  • Arbeidet for å styrkja støtta med å  laga karriereløp for unge forskarar utanfor akademia har status som pilot.
  • Det er ein del av det utviklingsarbeidet som går føre seg  både på fakulteta og på UiO sentralt og ved andre institusjonar.   (Kjelde: UiO)

– Må endra tankegangen deira

Doktor Katrien Maes, som er visegeneralsekretær i universitetsalliansen LERU (League of European Research Universities) har studert situasjonen for yngre forskarar i Europa og har også tilrådingar om kva som kan gjerast for å ta best mogleg vare på karrieren til desse forskarane og sikra at dei også blir etterspurde utanfor akademia.

Nyleg heldt ho eit føredrag for forskingsleiarar og yngre forskarar ved Universitetet i Oslo og andre forskingsinstitusjonar. For henne er det aller viktigaste å realitetsorientera dei yngre forskarane så tidleg som mogleg. 

– Først og fremst må me endra tankegangen deira. Det er ikkje noko nederlag ikkje å få jobb i akademia etter at forskarutdanninga er avslutta. Dei må tvert imot sjå på det som ei utfordring eller ein ny sjanse. Men me må alle arbeida for å ta oss endå betre av dei, og høyra med dei kva forventingar dei har til karrieren sin og kva ambisjonar dei har, fortel ho til Uniforum. 

– Arbeidsgjevarar må bli merksame på dei

Katrine Maes har gode råd om kva som kan gjerast for dei yngre forskarane for at dei ikkje skal stå på bar bakke, når det ikkje lenger er jobb til dei i akademia.

 – Det må lagast eigne strategiar for dei. Arbeidsgjevarar både i næringslivet, i utdanningssektoren og i humanitære organisasjonar må også bli merksame på at dei kan få  stor nytte av dei gode analytiske evnene til ferdige doktorar. Dei må slutta å tenkja at dei er overkvalifiserte for arbeidsoppgåvene hos dei, understrekar ho.

– Flinke til å jobba sjølvstendig

Så listar Katrien Maes opp alle eigenskapar ein arbeidsgjevar som tilset ein doktor, kan få. 

– Dei har evne i å leia ein stor organisasjon, dei har forskarevne og dei har evne til å driva med sjølvstudium. Dessutan er dei flinke til å jobba sjølvstendig. Samla er dette eigenskapar som det er behov for i eit høgteknologisk samfunn, understrekar ho. 

– Lærar i grunnskulen

Sjølv om ikkje alle med doktorgrad eller forskarerfaring frå akademia, får seg jobb i akademia, er likevel sjansane deira til å få jobb ganske store. Ifylgje tal som Katrien Maes har fått tak i, er berre 5 prosent av ferdige doktorarar i Europa utan jobb. Det er lågare enn arbeidsløysetalet for dei som har ein mastergrad.

– Personleg tenkjer eg at den aller beste jobben eg kunne ha hatt, ville ha vore å vore lærar i grunnskulen. For den viktigaste jobben er å gi kunnskap til dei aller yngste, slår ho fast. 

• Les også i Uniforum: Doktorgradsstudenter trenger karriereveiledning

– Har mange unge menneske på lån

Kjemiprofessor Trygve Helgaker leier Hylleraas-senteret og har tatt initiativet til å få laga karriereplanar for doktorar og andre yngre forskarar ved Universitetet i Oslo. 

– Universitetet har mange unge menneske på lån. Derfor skuldar me dei å behandla dei godt. Faktum er at berre 20 prosent av dei vil arbeida i akademia etter fem år. Då vårt førre SFF Senter for teoretisk og beregningsbasert kjemi (CTCC) nærma seg avslutning etter ti år, la eg merke til korleis fleire av forskarane våre ikkje alltid var førebudd på livet etter senteret. Som senterleiar, innsåg eg tydelegare og tydelegare at me ikkje hadde nok fokus på karriereutvikling for unge forskarar, seier han til Uniforum. 

– Vil læra av kvarandre

Dermed kom ideen hans om at det var naudsynt å realitetsorientera både dei yngre forskarane og forskarleiarane.

– Tanken var at me kunne koma saman for å læra av kvarandre. Derfor er eg glad for at representantar frå så og seia  alle sentra frå framifrå forsking har deltatt på to heildagssamlingar om dette temaet, seier han til Uniforum, og er svært nøgd med arbeidet  Olaug Bringager hos UiO sentralt har gjort for å organisera det.   

Samtidig er han også viss på ein annan ting.

– Næringslivet har bruk for folk med ph.d.-grad, sjølv om mange av kandidatane ikkje hadde det som mål då dei kom inn i akademia. No er eg spent på kva dei erfaringane og ideane me utvekslar på dette seminaret kan føra til, seier han.

– Ressursar, ikkje berre utfordringar

Kyrre Eeg Emblem er forskargruppeleiar ved Oslo universitetssykehus og medlem i styret for Akademiet for yngre forskarar. Personleg er han svært begeistra for initiativet til Hylleraas-senteret og Trygve Helgaker for å laga betre karriereplanar for doktorkandidatar og andre som er i startfasen på ein akademisk karriere.

YNSKJER FORSKJELLIGE TING:  – Stipendiatane og leiarane ynskjer av og til forskjellige ting. Nettopp derfor brukar forskargruppa mi lang tid på å finna fram til kva som motiverer kandidatar og kva dei ynskjer med karrieren sin, seier forskargruppeleiar Kyrre Emblem ved Oslo universitetssykehus. (Foto: Ola Sæther)

– Det er viktig å sjå på doktorar og yngre forskarar som ressursar og ikkje berre som utfordringar. Derfor er ideen om å laga ein plan for karriereløp for dei yngre forskarane, svært velkomen, applauderer han.   

– Alle vil ha ein fot innanfor akademia

Kyrre Emblem meiner at det ikkje berre er dei yngre forskarane som har behov for å realitetsorientera seg. 

– Slik som eg kjenner kandidatane, er det ikkje alle som ynskjer å bli professorar, men mange vil gjerne ha ein fot innanfor akademia. Og gjerne ved å jobba i næringslivet, er det han har fått vita av sine yngre forskarkollegar. 

– Eit betre karriereløp for stipendiatane

Kyrre Emblem leier ei forskargruppe som brukar biletdiagnostikk i kreftforsking. Kreftforsking er i seg sjølv sterkt knytt til legemiddelindustrien.Han innkallar også til personlege karrierediskusjonar med alle i forskargruppa minst to gonger i året.

– For meg personleg er det viktigaste å finna ut kva som motiverer kandidatane og kva dei har lyst til å få til gjennom karrieren sin. På den måten blir det også langt lettare å leggja til rette for forsking og eit betre karriereløp for stipendiatane, trur han. 

Meiner også leiarane må resultatorientera seg

Kyrre Emblem trur ikkje alle har eit like realistisk bilete av kva dei kan bli etter at dei er ferdige med doktorgraden. 

– Realitetsorienteringa må også vera på leiarsida. Stipendiatane og leiarane ynskjer av og til forskjellige ting. Nettopp derfor brukar forskargruppa mi lang tid på å finna fram til kva som motiverer kandidatar og kva dei ynskjer med karrieren sin. Derfor samlast me ein gong i halvåret for å staka ut kursen for kvar einskild forskar, fortel han. 

Vil ikkje gå professorløpet

Som leiar av ei forskargruppe har Kyrre Emblem erfart ein viktig ting. 

– Eg ser at også mange av dei som vil ha ein karriere utanfor akademia, vil bli forskarar, men utan å gå professorløpet. I mi forskargruppe er det mange ulike profesjonar. Derfor må  også eg realitetsorientera meg fordi dei har forskjellige ynske og forskjellige mål, fortel han.

  

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Forskning, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2018 05:30

Jeg vil gjerne legge til at en meget viktig inspirasjon for KUPP var den karriereplan for Hylleraas-senteret som våre PIs Michele Cascella ved UiO og Kathrin Hopmann ved UiT hadde utarbeidet for Hylleraas-senteret. Disse satte karriereutvikling på dagsorden ved vårt senter og uten deres initiativ på senteret hadde ikke KUPP kommet i stand!

Trygve Helgaker - 14. des. 2018 19:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere