Valdsforskarar vil heller til Norce enn til Folkehelsa

– Innlemming i  Folkehelsa vil gi dårlegare vilkår for forskings- og formidlingsaktiviteten vår. Det seier direktør Inger Elise Birkeland ved Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress til Uniforum. Senteret vil helst til forskingsselskapet Norce.

UNDERLEG: – Sidan forsking på vald og traumatisk stress er eit satsingsområde for regjeringa, finn me det underleg at det kjem eit forslag frå Helse- og omsorgsdepartementet som vil føra til at dette fagmiljøet i praksis blir lagt ned, synest direktør Inger Elise Birkeland i Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress.

Foto: Ola Sæther

I fjor blei det klart at Universitetet i Oslo ville koma til å leggja ned randsoneselskapet sitt Unirand AS  i løpet av 2018.  Konsekvensen blir at dotterselskapa Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress, Nordisk institutt for odontologiske materialer AS (NIOM) og Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) må leggjast under ein annan organisasjon. 

Fakta om NKVTS:

Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress

Senteret utviklar og spreier kunnskap og kompetanse om vald og traumatisk stress. Formålet er å bidra til å førebyggja og redusera de helsemessige og sosiale konsekvensane som vald og traumatisk stress kan føra til.

Hovudoppgåver:

Forsking og utviklingsarbeid, formidling; undervisning, rettleiing og rådgjeving

Hovudtema:

Vald og overgrep i nære relasjonar, katastrofar, terror og stressmeistring og tvungen migrasjon og flyktninghelse

Blei oppretta i januar 2004  og er eit dotterselskap av UNIRAND AS, som igjen er heileigd av Universitetet i Oslo.

94 tilsette (2016)

(Kjelder: NKVTS og Wikipedia)

I førre veke diskuterte generalforsamlinga i NIOM og NUBU eit forslag om å leggja dei under forskingsselskapet Norce, som er knytt til Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder.  Framlegget skal til endeleg handsaming i generalforsamlinga til Unirand AS måndag 19. november. 

– Vil vera ein del av universitets- og høgskulesektoren

Embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet har føreslått at NKVTS skal leggjast under Folkehelseinstituttet.  Det er ei løysing både dei tilsette, leiinga og styret er imot.

 – Me vil gjerne halda fram med å vera ein del av universitetets- og høgskulesektoren,  understrekar direktør Inger Elise Birkeland. – Om me blir med i Norce, kan me halda fram som den samla eininga me fungerer som i dag, og me kan halda fram med den spissa,  viktige forskinga me held på med om vald og traumatisk stress, seier Inger Elise Birkeland.

Frankrike opnar liknande senter

Til saman har senteret sine forskarar publisert over 70 rapportar om tsunamien i Thailand og 22. juli-terroren i Noreg. Det er også blitt lagt merke til internasjonalt.

– No skal Frankrike etablera eit senter som skal driva forsking om vald og traumatisk stress inspirert av NKVTS. Ein av våre medarbeidarar har samarbeidt mykje med fagmiljøet i Frankrike i samband med det som har skjedd etter terroraksjonane i Paris og i Nice, fortel ho.

Fryktar nedlegging av fagmiljøet

Direktør Inger Elise Birkeland legg også vekt på at senteret ho leier i dag samarbeider godt med Folkehelseinstituttet. 

– Det gjer eit veldig godt arbeid innanfor både forsking og forvaltning. Om me blir lagt under Folkehelseinstituttet ser det ut til at me blir ein del av ein seksjon som steller med fysisk og psykisk helse.  Forskinga me driv på med her har ei breiare tilnærming og er meir tverrfagleg. Den involverer både skulevesen, politi og rettsvesen i tillegg til helse. Sidan forsking på vald og traumatisk stress er eit satsingsområde for regjeringa, finn me det underleg at det kjem eit forslag frå Helse- og omsorgsdepartementet som vil føra til at dette fagmiljøet i praksis blir lagt ned, synest ho.

Fakta om Unirand AS:

Unirand AS er eit statleg aksjeselskap heileigd av Universitetet i Oslo (UiO). Det blei etablert i 2002 av UiO.

Unirand kan ha eiigarposisjonar i selskap i universitetets randsone

Direktør: Erik Gulbrandsen

Styreleiar: Ragnhild Hennum

Dotterselskapa til Unirand AS:

NIOM Nordisk institutt for odontologiske materialer AS

NUBU Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge

NKVTS Nasjonalt kompetansesenter om vold og traumatisk stress

Tidlegare var DigForsk AS også eit dotterselskap av Unirand AS: Det blei selt til Universitetet i Tromsø 1. januar 2017

Konsekvensen av forslaget har dei allereie fått merka. 

– To av samfunnsforskarane våre har takka ja til jobbar andre stader på grunn av den uvissa som rår, fortel ho.  Planen om å få Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress under ein annan organisasjon, er ein fylgje av avgjerda om å leggja ned Unirand AS.

 – Toget har uansett gått for å vera eit selskap under Unirand AS. seier Inger Elise Birkeland.  

Får støtte frå UiO

– Og korleis stiller Universitetet i Oslo og Unirand AS seg til ynsket dykkar om å bli ein del av Norce?

 – Dei har sendt eit brev til departementet der dei støttar oss. Me har vore strålande nøgde med å vera ein del av Unirand AS. Me har også heile tida hatt eit godt samarbeid med Universitetet i Oslo, fortel ho. 

OsloMet dekkjer ikkje alle områda

Det har også vore oppe eit forslag om å leggja senteret til OsloMet. 

Fakta om Norce:

NORCE Norwegian Research Centre AS blei stifta 3. juli 2017.

Universitetet I Bergen har 51 prosent av aksjane, resten er fordelte på forskingsselskapa til Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder.

Selskapet eig i dag fem forskingssenter på Sør- og Vestlandet, som i løpet av 2018 blir integrerte i selskapet. Desse er Agderforskning AS, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Teknova AS og Uni Research AS. Nyleg har selskapet også kjøpt opp NORUT, som er forskingsselskapet til Universitetet I Tromsø

– Det er eit profesjonsuniversitet som driv med mykje bra forsking, men det dekkjer ikkje alle dei områda som forskarane og medarbeidarane våre held på med.  Difor har me ikkje vurdert OsloMet som den beste løysinga for oss, seier Birkeland.   

Trur dei får det best hos Norce

No er det opp til regjeringa å ta den endelege avgjera.

– Eg håpar dei ser kor viktig det er å behalda NKVTS som eit fritt og uavhengig kunnskapssenter som kan levera kunnskapsgrunnlag for å fylgja opp og utvikla handlingsplanane på valds- og traumefeltet.  Å leggja NKVTS til Norce vil ivareta forskinga og vidare kunnskapsutvikling på best mogleg måte, understrekar Inger Elise Birkeland. 

Uniforum har også vore i kontakt med kommunikasjonsdirektør Janne Vernøe i Norce for å høyra korleis selskapet stiller seg til ynsket frå senteret av forskingsselskapet som har hovudkvarter i Bergen.

– På eit generelt grunnlag kan eg seia at vår policy er at me ikkej kommenterer på om det er pågåande prosessar eller samtalar mellom NORCE og andre aktørar, seier Janne Vernøe til Uniforum.

  • Les også i Uniforum:: Folkehelsedirektør skryter over kompetansesenter

                                           Opplever større fridom i Unirand

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Helse Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2018 21:31 - Sist endra 16. nov. 2018 21:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere