Tapte dekanvalet på HF: – Me er sjølvsagt skuffa

– Heile mitt dekanteam er sjølvsagt skuffa. Me meiner framleis at programmet vårt var det beste og mest konkrete. Det seier dekan Arne Bugge Amundsen etter at han tapte dekanvalet på HF mot Frode Helland.

SKUFFA: Dekan Arne Bugge Amundsen er skuffa over at han tapte dekanvalet på Det humanistiske fakultetet. Dermed må han gå av til nyttår etter fire år i vervet.

Foto: Ola Sæther

Fredag ettermiddag blei resultatet av dekanvalet på Det humanistiske fakultetet ved UiO kunngjort. Det viste at sitjande dekan Arne Bugge Amundsen fekk 33,25 prosent av stemmene medan motkandidaten Frode Helland hadde vunne med 66,75 prosent av stemmene.

Overraska og skuffa

Nokre dagar etter valnederlaget er dekan Arne Bugge Amundsen både skuffa og overraska over resultatet.

– Heile mitt dekanteam er sjølvsagt skuffa. Me meiner framleis at vårt program var det beste og mest konkrete, seier Arne Bugge Amundsen til Uniforum.

– Blei du overraska over at du ikkje fekk større oppslutnad?

– Oppriktig sagt – ja.

– Har du nokre råd til etterfylgjaren din?

– Eg kan berre ynskja HF lykke til.

– Korleis var det å bli utfordra og så tapa dekanvalet?

– Det er slik demokratiet fungerer.

– Kva vil du gjera når du går av som dekan?

– Eg går tilbake til mi stilling som professor i kulturhistorie, og eg gler meg til det, seier Arne Bugge Amundsen. Han held fram som dekan fram til nyttår, då den nyvalde dekanen, Frode Helland vil ta over dekanvervet.

Stor oppslutnad om dekanvalet

Dekanvalet på Det humanistiske fakultetet ved UiO har engasjert alle grupper av dei tilsette. Det viser stemmetala og oppslutnaden om valet. Statistikken frå valstyret ved HF, viser at det til saman blei avlagt 1324 vekta stemmer. I reine stemmetal utgjorde det 901 stemmer, av desse var 22 blanke. Dette er ein auke frå dekanvalet i 2014, då 737 stemmer blei gjevne. Oppslutnaden om Frode Helland er klar blant både vitskaplege og studentar, medan stemmene frå dei teknisk/administrativt tilsette er likt fordelte mellom dei to kandidatane.

62,38 % av dei vitskaplege tilsette stemte, 73,68 % av dei teknisk-administrativt tilsette og 5,59 % av studentane.

Frode Helland overtar etter nyttår

Vinnaren av dekanvalet, Frode Helland er i dag leiar for Ibsen-senteret. Når han overtar dekankontoret neste år, får han med seg Mathilde Skoie frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) som prodekan og forskingsdekan og Gunn Enli frå Institutt for media og kommunikasjon (IMK) som studiedekan.

• Les også i Uniforum:

Nyvald HF-dekan Frode Helland: – Ekstremt hyggeleg me så stort fleirtal

Frode Helland vald til ny dekan på HF

Saman med sitjande dekan Arne Bugge Amundsen, må også studiedekan og fungerande prodekan Eirik Welo forlata toppverva på Det humanistiske fakultetet. Tidlegare prodekan Ellen Rees blei løyst frå vervet sitt etter at det like etter at fristen for å melda seg på i dekanvalet, blei kjent at ho ville støtta motkandidaten til Bugge Amundsen, Frode Helland. Dei to andre kandidatane som stilte for Arne Bugge Amundsen i dekanvalet, Christine Meklenborg Salvesen og Ragnhild Zorgati vil halda fram som før i dei vitskaplege stillingane sine på HF. Sjølv skal altså Arne Bugge Amundsen tilbake til stillinga som professor i kulturhistorie når tida hans som dekan er over om rundt to månader.

 

 

 

 

Emneord: Dekanvalg, HF Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2018 10:12 - Sist endra 5. nov. 2018 10:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere