Med rom og tid for tenking og forsking

– Me tenkjer betre saman enn kvar for oss. Difor er det ein stor fordel å dela kontor. Det er medieprofessor Espen Ytreberg og professor i kulturhistorie Helge Jordheim einige om. Dei har begge hamna i forskarane si eiga kunnskapskjelde og jordiske paradis, Senter for grunnforsking. Det held til i villaen til Vitskapsakademiet i Drammensveien.

 

BASKETBALL: Professor i kulturhistorie Helge Jordheim (t.h.) og medieprofessor Espen Ytreberg blei kjende med kvarandre på basketballtrening på Blindern. Kjennskapen enda opp med eit felles forskingsprosjekt ved Senter for grunnforsking om korleis media skaper kollektive tider, før og no.  Og på senteret er Camilla Serck-Hanssen nyleg begynt i jobben som vitskapsleiar.

Foto: Ola Sæther

Denne hausten starta dei to HF-professorane Helge Jordheim og Espen Ytreberg opp eit

Dette er institusjonane som er med i Senter for grunnforsking:

Universitetet i Oslo,

Universitetet i Bergen,

Universitetet i Tromsø,

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU),

Norges miljø- og biovitskaplege universitet,

Universitetet i Agder,

Universitetet i Stavanger,

Noregs handelshøgskule (NHH),

Handelshøyskolen BI

MF vitskapleg høgskule for teologi, religion og samfunn 

Kjelde: Senter for grunnforsking

felles forskingsprosjekt ved Senter for grunnforsking, om «Korleis media skaper kollektive tider, før og no».

Basketballen førte dei saman

I over to år har dei visst at dei skulle hit for å forska saman.  – Ja, det begynte eigentleg med at me blei kjende med kvarandre på ei felles basketballtrening på Universitetet i Oslo.  Etter først å ha snakka litt laust og fast med kvarandre, kom me nærare inn på kva forsking me dreiv på med. Då fann me ut at me hadde ein del felles forskingsinteresser når det gjeld kva oppfatning tid og rom har i samfunnet. Konklusjonen blei at det kanskje hadde vore mogleg å  etablera eit felles forskingsprosjekt. Det enda altså me at me søkte om få etablera eit felles forskingsprosjekt under vengene til Senter for grunnforsking, fortel Espen Ytreberg.

– Tidsomgrep er skapt av media

Også Helge Jordheim er tydeleg på at dei to hadde mykje å samarbeida om i forskinga. 

– Både medievitskap og historie har mange felles trekk, og faga held på å gli inn i kvarandre. I dette tilfellet forskar me på tida som ein sentral del av samfunnet. Tider er mangfaldige – dei kan ta form både av ein kalender eller ei klokke. Me tenkjer ulike ting om fortid, notid og framtid.  Men samtidig har samfunnet både felles tid og felles rom.  Forskingsprosjektet vårt går tilbake til 1600-1700-talet for å finna dei første forsøka på å skapa ei kollektiv tid. Eg hadde eigentleg ikkje begynt å tenkja på det i samband med media. Men faktum er at den kollektive oppfatning av tidsomgrep i vestlege samfunn i stor grad er skapt av media, fortel Helge Jordheim. 

Det enda altså opp med det felles forskingsprosjektet:  «In Sync: How Synchronisation and Mediation Produce Collective Times, Then and Now. Kort fortalt ser dei på korleis me i løpet av ein dag  eller eitt år lagar oss  felles kollektive tider, som til dømes ti-møtet, lunsjavtale, 17.-mai eller eit val. Saman er desse kollektive tidene med på å skapa samfunna våre, heiter det i omtalen av prosjektet.

– Enkelt å seia ja

Og vitskapsleiar Camilla Serck-Hanssen er svært nøgd med at dette prosjektet har kome til Senter for grunnforsking. – Eg var ikkje sjølv med i utveljingsprosessen, men eg veit at det var enkelt for komiteen å seia ja til prosjektet til Espen Ytreberg og Helge Jordheim. At dei no har fått toppforskingsmidlar for fem år frå Forskingsrådet, viser at det er eit prosjekt som andre også ser at dei kan gå vidare med, konstaterer ho. Sjølv har ho tidlegare også vore gruppeleiar for eit tverrfagleg forskingsprosjekt ved senteret. – Ja, og eg fann ut at den einaste måten eg kunne koma tilbake hit på, var å søkja og så få stillinga som vitskapsdirektør, spøkjer ho. 

– Legg forholda godt til rette

Eigentleg undrar ho seg over at ikkje Senter for grunnforsking renn over av søknader frå forskararar på medlemsinstitusjonane. – Uansett om dei kjem frå Oslo eller frå andre delar av landet, legg me forholda så godt til rette for dei at dei har ingen grunn til å nøla med å søkja seg hit for eitt år,  konstaterer ho. Senteret hjelper til med at forskarane får på plass både barnehage- og skuletilbod og bustad.

Espen Ytreberg kan ikkje få rost senteret nok for den tilrettelegginga det står bak for å føra saman tverrfaglege forskingsmiljø.   – No fører me saman forskarar frå våre nettverk og saman med stipendiatar og postdoktorar er me rundt 50 personar i dette forskarnettverket, fortel han. Og Helge Jordheim fylgjer opp: – Hit fører me folk saman som har nytte av å treffa kvarandre. Difor drog me saman på ein konferanse til Stockholm for å fortelja om prosjektet og knyta kontaktar med forskarar, fortel han. 

Dei har samla både antropologar, science fiction-forskarar, translatørar og språkforskarar. I løpet av året dei som skal vera på senteret, skal Helge Jordheim også ha ansvaret for å laga ei spesialutgåve av det vitskaplege tidsskriftet History & Theory. Han ber om å få inn artiklar som handlar om å gi felles tid i det felles kollektivet som blir skapt. 

– Treng ikkje vera heilt konkrete

Også han er godt nøgd med vilkåra senteret har sett: – Det fine med Senter for grunnforsking (CAS),  er at me ikkje treng vera heilt konkret når det gjeld kva funn me håpar å gjera.  Det er fint at det er mogleg for senteret å kunna finansiera enkeltvise prosjekt. Funna som me gjer, kjem til etter kvart, understrekar Jordheim.

– Det er fint at senteret kan vera fødselshjelpar for forskinga til dei to, men me håpar sjølvsagt at me bidrar til meir enn at dei to arbeider saman her på Senter for grunnforsking (CAS) dette året. Når det gjeld dette prosjektet har dei altså fått toppforskingsmidlar som ein konsekvens av den forskinga dei skal driva her, slår Camilla Serck-Hanssen fast. – Det er utruleg godt å sjå at forskarar frå ulike fag kjem saman. Då eg begynte som forskar ved UiO, var det så vidt andre forskarar orka å diskutera eller samarbeida med andre, sjølv om dei kom frå det same fagmiljøet, konstaterer Serck-Hanssen.

– Må vera villige til å investera tid

Det er ikkje heilt tilfeldig kva forskarar som får bli med i faggruppa til Ytreberg og Jordheim. – Det er viktig å få folk med som fungerer fint i fagleg og sosial samanheng. Dei må vera villige til å investera tid i høve til fagfellane sine. Det vil seia at dei både kan koma med kritikk og må kunna lesa vitskaplege tidsskriftsartiklar av kvarandre, understrekar Espen Ytreberg. 

Prosjektet til Jordheim og Ytreberg ligg under temaet samfunnsvitskap og juss. På senteret er det også ei matematisk-naturvitskapleg og medisinsk forskargruppe og ei forskargruppe i teologi og HUMSAM-området som held på med religionar og korleis  nokre religionar sluttar å eksistera. – Me er overtydde om at me har nokre felles referansepunkt med dei også, når me etter kvart er ferdige med forskinga vår, trur Ytreberg og Jordheim. 

Held fram med toppforskingsprogram

Året deira på Senter for grunnforsking er det første av eit fem år langt toppforskingsprogram. Når året er omme, går dei vidare på det lange prosjektet som ber namnet «Lifetimes: A Natural History of the Present». I omtalen av det prosjektet går det fram at dei skal forska meir på klimaendringane, ei aldrande befolkning og andre utfordringar som har å gjera med naturen sin eigen kronologi.

– Lat forskarar frivillig sitja saman på eit kontor

Både Espen Ytreberg og Helge Jordheim er einige om ein viktig ting. – Lat to forskarar sitja saman på eit kontor heilt frivillig. Då kan det koma mange viktige og nyttige tankar ut av den fellesskapen. Innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga er det altfor mange som har dyrka fram den einslege forskaren som forskar heilt for seg sjølv. Også i våre fagmiljø er det viktig å danna grupper som kan forska saman,  konkluderer dei.

Vitskapsleiar Camilla Serck-Hanssen håpar no å få med andre aktørar og nye partnarar til senteret. – Difor går eg no på friarferd til andre institusjonar for å overtyda dei om at dei må melda seg inn i Senter for grunnforsking, seier Camilla Serck-Hanssen.

 

 

Emneord: Humaniora, HF Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2018 04:00 - Sist endra 27. sep. 2018 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere